...Vi går mot ein ny vår og eg tenke, håpe og trur det skal bli ei veldig fin tid 🤍
Vi har vore og er i ei spesiell tid på fleire måtar, og då er det viktig å ta med seg alt det fine og positive vi møte på ein kanskje litt kronglete veg.
Akkurat no gler eg meg veldig og berre håpa at alt går bra framover slik at vi rundt 5. mars venta eit fint kull valpa som eg er veldig spent på å få sjå kva kan bli.
Keesha er for meg ei veldig god tispe, og ho har også vist seg å vere ein veldig bra avlshund...Eg har stått mellom to hundar til ho og eg var veldig usikker på kva eg skulle gå for, men hjartet mitt fikk siste ordet denne gong. For Ivar som er frå kullet etter NUCH NVCH Kvasneset’s Braveheart «Bajas» og Almanza Anything You Say «Esther» født i juli 2012 på Kennel Brynje som eg har fulgt sia dei var født!! Eg har hatt både han og kullbroren i tankane lenge og no var det på tide å gjere noko med det før det blir for seint og sjansen går ifrå meg. Så difor falt valet på den og ikkje ein anna spesiell og god hund. Det å få Bajas inn på Keesha er for meg veldig spennande samstundes som eg har hatt Esther som bestemor ein gong før til P-kullet. Med det her er det linjer eg kjenne veldig bra og eg håpe dei vil utfylle kvarandre veldig godt...
Det er sjølvsagt ikkje berre eg som gler meg til nye valpa, men borna telle også ned sjølv om vi for tida har ein kreativ Neliavalp i huset 🤎 Ser verkeleg fram til å få gå i vårhagen med mange herlige små rundt beina ♥♥♥
Håpe vi kan få glede fleire med nye gode og herlige små sjarmtroll om ikkje så veldig lenge...Men før den tid, NYT vinteren ♥♥♥
Klem -Anja-
Så koselig :) Artig å se ultralyd bilder - akkurat som å ha en baby!
SvarSlett