onsdag 25. november 2026

Bilete av kvar kvalp

Veterinæren har teke helsesjekk, gitt dei vaksine og ID-merka dei. Det virka til å vere ein fin og sunn gjeng og no straks er dei veldig klare for nye eventyr - det første er ein kjøretur oppover langs Vestlandet frå Bergen til Runnane, den lille vakre staden ved fjorden like ved Ålesund...


Kvar kvalp har fått sitt eige merke på kroppen, men Bente og Arild har i tillegg gitt dei kallenamn...

Stamtavle-namna har eg gitt dei, og eg har skrive litt kva eg tenkte med dei, og i samarbeid har vi sett namn til kvar kvalp. Dei som får desse små, herlege kvalpane, kan sjølv setje sit eige namn på dei, men eg vil likevel skrive ned her kva dei har hatt som kallenamn dei første vekene i livet.

Så klarte eg altså ikkje berre skrive det enkelt, men ei forklaring og beskriving måtte til - det er litt gøy da ;)



Regnr.NO52644/26 Kvasneset`s Darraðr með Gjallarhorn «Gjallarhornet»

Gjallarhornet - viktig i norrøn mytologi, så tenkjer eg at det kan kome mykje god prat frå han der...

Heimdal var vaktar av Åsgard og passa på regnbogebrua Bifrost. Han hadde Gjallarhornet, som var varslingssystemet til gudane. Tonane frå Gjallarhornet var så kraftige at dei høyrdest over heile verda – både i verda til gudane (Åsgard), verda til menneska (Midgard) og i underverda (Helheim). Om ein fiende, som jotnane, prøvde å kome seg over brua, brukte han Gjallarhornet for å åtvare dei andre gudane.

Hornet hadde si viktigaste rolle ved undergangen til verda, Ragnarok. Då jotnane og monstera samla seg til det endelege slaget, reiste Heimdall seg og bleste i Gjallarhornet for å vekkje æsene og kalle dei fram til kamp.

I tillegg til å vere eit signalhorn, vart Gjallarhornet også skildra i Snorre Sturlason si Edda som eit drikkehorn. Den kloke kjempa Mime brukte hornet til å drikke vatn frå Mimes brønn – kjelda til visdom under verdstreet Yggdrasil – for å oppnå den store kunnskapen sin.




Regnr.NO52645/26 Kvasneset`s Draugr í Ragnarøkri «Herkules»

Herkules finst eigentleg ikkje i norrøn mytologi – han var ein helt frå gresk og romersk mytologi. Den ein kan samanlikne han med i norrøn mytologi er toreguden Tor.

Både Tor og Herkules var dei største heltane i si tid, og dei begge var kjende for den enorme styrken sin og for å nedkjempe farlege monster og kjemper. Då romarane kom i kontakt med germanske og nordiske stammar, samanlikna dei gudane deira med sine eigne. Dei kalla Tor for «Herkules» fordi begge var krigarheltar med eit spesielt våpen – Tor hadde hammaren Mjølner, medan Herkules hadde ei klubbe.

Tor var ein som vernar mot kaos og kjempa stadig mot jotnane og farlege monster, som Midgardsormen, for å halde verda trygg. Utan han hadde jotnane teke over både Åsgard og Midgard.

Han var den sterkaste av alle gudane og stilte alltid opp når det var fare på ferde. Modig og lojal som han var, ofra han til slutt livet sitt under Ragnarok for å drepe Midgardsormen.

I motsetnad til Odin, som ofte var lur og løyndomsfull, eller Loke, som var svikefull, var Tor enkel, ærleg og til å stole på. Han brukte styrke og mot framfor list og lureri - meir som ein gud for vanlege folk…

Sjølv om han var toreguden, rådde han også over regn og godt vêr. Difor var Tor særs viktig for bøndene i vikingtida for at dei kunne sikre gode avlingar og få mat på bordet. Medan krigarar og høvdingar ofte dyrka Odin, var Tor guden til vanlege folk, bønder og sjøfolk. Mange bar ein liten Mjølner-amulett rundt halsen for lukke og vern.

Romertida var fleire hundre år før Vikingtida…




Regnr.NO52646/26 Kvasneset`s Duneyrr i Yggdrasil «Balder»

I den norrøne mytologien var Balder guden for lys, reinheit, venlegheit og godskap. Han var mild, klok og rettvis - ja, han var så fager og strålande at det skein av han. Han vart rekna som den finaste og mest elska av alle æsene, og han budde i den lysande hallen Breidablikk.

Balder var son av Odin og Frigg og han var gift med Nanna - sonen deira, Forsete, var guden for rettferd.

Den slue guden Loke laga ei pil av misteltein – den einaste planten som ikkje hadde sverga til mora til Balder på at den ikkje skulle skade han. Med denne pila fekk Loke lurt den blinde broren til Balder, Hod, til å skyte han.

Etter Ragnarok vende Balder og broren hans Hod tilbake frå dødsriket. Då den gamle verda hadde gått under og ei ny fin og grøn verd steg opp av havet, skulle brødrene styre den i fred…




Regnr.NO52647/26 Kvasneset`s Dvalinn með Dróma «Fenris»

Fenrisulven som ofte berre vert kalla Fenris, var ein gigantisk og frykta monsterulv i den norrøne mytologien.
Han var kjend for den enorme styrka sin og for at han var spådd til å drepe sjølvaste Odin under Ragnarok.

Fenrisulven er son av den slue guden Loke og jotunkvinna Angerboda, og med det er han bror til Midgardsormen – som ligg rundt heile verda i havet og Hel – dødsgudinna som styrer i dødsriket Helheim.

Sjølv om Fenrisulven oftast vert framstilt som eit farleg monster, finst det fleire sider ved han som gjer at ein kan sjå på han med sympati – og til og med trekkje fram positive eigenskapar.

For Fenris gjorde faktisk ikkje noko gale før gudane bestemte seg for å binde han fast fordi han vart så stor og dei vart redd for spådomen. Så ein kan kanskje sei at han i utgangspunktet vart offer for eit svik.

Då gudane utfordrar Fenris til å teste styrken sin mot ulike lenkjer, gjer han det med mot og stoltheit.

I norrøn tankegang var ikkje alltid jotnane og avkommet deira «onde» slik vi ser på ondskap i dag – dei representerte den ville, utemte naturen og kaoskreftene, medan æsene representerte orden og sivilisasjon. Fenrisulven kan difor sjåast på som eit symbol på den rå, frie naturkrafta som ikkje let seg temje eller sperre inne utan å kjempe imot.

I dag vert namnet og figuren Fenris ofte brukt som eit symbol på styrke, fridom og motstand mot urett.



Regnr.NO52650/26 Kvasneset`s Dís með fálkasjónu «Tuppen»

Regnr.NO52648/26 Kvasneset`s Dýrr Draumr um Freyju «Lillemor»

Tuppen og Lillemor er heilt klart ikkje noko frå norrøn mytologi og vikingtida, så dei namna må nok Bente og Arild ta på si kappe. Men det er ei meining bak det, for dei to har følgt kvarandre heile tida og vore dei som har likna mest på kvarandre.

Mi oppfatning på bruken av «Tuppen og Lillemor» er at det er ein kjærleg måte frå Bente og Arild å omtale to skattar som har sett sine gode spor hjå dei.

Då eg kom til Bergen for å sjå på dei, bytte Bente på å halde dei to, og ho hadde vanskeleg for å velje kven ho skulle ha. Alt ved dei har vore så likt med tanke på kontakt, kos og veremåte – i tillegg til at dei var dei to mest like av tispene.

Då bestemte eg at «Gyda» blir vår, berre slik at vi ikkje skulle krasje med å ville ha den same.
Må berre ta med at i norsk kultur står Tuppen og Lillemor som sjølve symbolet på det tette og uadskillelege vennskapet. Når eg tenkjer på dei, ser eg føre meg to venninner som er så samansveisa at dei nesten opptrer som éi eining – dei liknar på kvarandre, kler seg likt og gjer alt saman, ja reine tett hand-i-hand-idyllen…




Regnr.NO52649/26 Kvasneset`s Drífa með Draupni «Gyda»

Gyda tyder «den guddommeleg vakre» eller «vakker som ein gud».

Gyda – var den stolte kongsdottera som utfordra Harald Hårfagre til å samle Noreg til eit rike.

Ho var dotter av kong Eirik av Hordaland og voks opp som fosterbarn hjå ein mektig storbonde i Valdres. Ho vart skildra i sogene som svært vakker, men også uvanleg stolt, viljesterk og storsinna.

Då den unge småkongen Harald sende menn for å fri til henne, nekta ho å la seg nøye med ein småkonge. Ho svarte at ho berre ville gifte seg med han dersom han la under seg heile Noreg og vart einekonge, slik kong Erik hadde gjort i Sverige og Gorm den gamle i Danmark.



Då vart det litt fleire ord enn eg såg for meg, sist forklarte eg stamtavlenamna og no vart det kallenamna Bente og Arild har gitt dei. 

Trur dei faktisk har gitt dei akkurat disse namna av si godheit og ei tyding på at det er vakre og kjekke kvalpar...


Steik kor eg gler meg til å få dei heim ♥♥♥

Klem -Anja-



For dykk som lurer på kvifor det stod 8 kvalpar til registrering -  Vesle, vakre og sjarmerande «Two Socks» - Kvasneset's Drǫfn hjå Jörmungandri, har dessverre reist over regnbogebrua. Ho vart fødd med ei særst sjeldan feilkopling som gjorde at avføringa kom ut saman med urinen. Av etiske grunnar og av omsyn til dyrevelferda let vi ho sleppe krevjande operasjonar, og veterinæren let ho sovne inn torsdag 12.11.26. 

Obduksjonen viste ingen andre defektar, og utruleg nok heller ingen infeksjon. Ho var ei skikkeleg tøff lita frøken som såg ut til å ha det godt den korte tida ho fekk i livet ♥


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bilete av kvar kvalp

Veterinæren har teke helsesjekk, gitt dei vaksine og ID-merka dei. Det virka til å vere ein fin og sunn gjeng og no straks er dei veldig kla...