mandag 18. januar 2016

Herlig vinter

Kan ikkje anna enn sei at det er herlig ver for tida med kulde og kvitt ute :) Det er fantastisk å gå ut med dei firbeinte og dei får kost seg skikkelig og ikkje minst dei er reine når dei kjem inn.


Her i huset er nok Keesha akkurat ferdig å løpe medan Sky er i gang...Med ein ung herremann i huset har det gått veldig bra "bank i bordet" og håpe det fortsetter. Så derfor er det Bobby og Berta som for det meste får leve det frie gode livet :)

Kryssa fingrane for fleire slike fine daga før eg begynne på rett å glede meg til våren ♥♥♥
-Anja-

lørdag 16. januar 2016

Miljøtrening

Ayla på Eid i 2006!!...

Miljøtrening, sosialisering og utstillings trening tenke eg vi kalla den biten der ;) 
Vi kjøre i gang litt trening for Kvasnesethundane på torsdaga...no når det går mot vår med diverse kurs og utstillings sesong er det litt greit å ha omgjengelige og litt trente hunda. 
Eg er sjølvsagt med å hjelpe der eg kan på utstillingane, men om vi begynne no å få litt trening er det så masse lettere å handtere hundane når det skjer mykje rundt.
Med slik trening håpe vi at fleire ønska å vere med på utstilling med hundane sine!! :) 
Vi trena ikkje kun for å vere med på utstilling etc. også for å ha ein ok hund i kvardagane.
Dei som ønska ei utstilling eller fleire rundt her er det utstilling:

7. mai 2016 i Ålesund!!
25. og 26. juni i Nordfjordeid!!
 "Chico" NKK Ålesund i fjor...
 "Nemi" sprang inn til BIS veteran 2!!...
Her litt bilder frå Ålesund 2015...
Strålande helg i 2011!!
Må berre ta med nåkken bilder frå 2011 ♥ hadde ikkje Ayla vore trent her så kunne dette sjølvsagt ikkje gådd an...
Tim Are med Ayla i barn & hund...
Torsdaga er en fin dag for oss då barna ikkje har aktivitet denne dagen, og med det kan vi sette den inn til videre som hundedag. Kanskje innimellom når tida strekke til kan vi ta ein fellestur på fjellet/i skogen etter trening.
Disse dagane skal det trenast i band og ikkje "galematias" slik at dei blir vand med å omgås andre...Det kan vere greit å trene litt kontakt rundt andre hunda då det er nøkkelen til all form for trening - Ingen kontakt ingen trening så det legge vi god vekt på, også vil det sjølvsagt bli ein god del ringtrening. 
Ein god hund kan få ufortjent dårlig kritikk om ein ikkje blir presentert på ein god måte, og vi vil derfor trene ein del på det. 
 Ei herlig helg på Nordfjordeid i 2010!!...
Eg har hatt mange fine venstresvinga med ho her og flotte opplevingar i utstillingsringen ♥ Ayla hadde ikkje hatt så fine svinga i ringen om vi ikkje hadde hatt så god kontakt...
Steik kor eg gler meg til fleire oldebarn etter ho her i løpet av våren!! Interessert,? ta kontakt :)

Eg håpe mange av dåkke som bur rundt her vil ta turen!! Sjølvsagt om nåkken bur lengre vekk og plutselig er forbi så blir vi veldig glad ;)
Ha ein fin fin lauradag :)
-Anja- 

torsdag 7. januar 2016

Drittbikkje*...

...Jepp, vi har ei skikkelig drittbikkje!! ;) 
Etter ein herlig tru nedi Storhaugen og på berga der Berta fikk springe rundt å snuse og kose seg aleine, med godbitsøk der nasen fekk brukt seg litt ekstra.
I det vi går opp igjen så springe ho rundt og kjem plutselig stolt tilbake med noko som først lika ein liten kjepp som ligge fint på tvers i munnen og skal avlevere noko til meg...eg nedi lomma og finn fram ein godbit og i byte for den får eg ein frossen drit!! Jepp, slik er det med hunda som finn ting og lika å avlevere...eg berre takka for at det er fem minus slik at den var gjennomfrossen så med andre handa nedi lomma for å ta fram ein skitpose og vekk med den.
Herligste lille jenta vår er full av små påfunn og med ein nase som jobba iherdig - Drittbikkje* = BERTADENKREATIVE ♥♥♥ 
Ein dag fylt med tura og firbeinte, Tim Are har med ein klassekamerat heim og Katja er med ei venninne så dagen har med det flott innhald!!

Herlig ved sjøen i dag...
Som eg har sagt så er vi ikkje akkurat A4, men eg trur resten av husets tobeinte hadde fått hetta om dei måtte ta imot alt dei kjem med :)))

Ha ein innhaldsrik dag!!
-Anja-

mandag 4. januar 2016

Stille...

Ja det er så stille...så stille at forklaringa ligg mykje i teksten på bildet og mykje i eit eldre innlegg.
Er mykje eg både vil skrive og sei men eg er ikkje heilt klar med det. Innimellom er ting berre tungt og vanskelig, men det er vel kanskje værst når det er skikkelig vestlandsver, så 16 grader pluss og plutselig 4 minus!! Ein skrott som min skulle då gjerne vore i Thailand for lik varme heile døgnet. Men, akkurat no med litt diverse å gjer er det best å vere heime.

Eg ser fram imot å få rydda vekk jula (den er her enda!!) etterkvart gå våren i møte og med den litt hundeaktivitetar som alltid gir meg påfyll sjølv om eg blir liggande nåkken daga ;) 
Eit valpekull helde meg i akkurat passe ånde og gir sååååå ufattelig mykje, så håpe det kjeme i løpet av våren/sommaren.

Med positive ting kjem det nok positive ord!!

I morra mandag skal Tim Are begynne på ny skule, så har han bursdag på tirsdag...vi har ikkje så stor familie rundt oss her men håpe å få til ei koselig stund for han likevel.

For all del til alle rundt om - sjekk mykje rundt før du let deg operere!!
-Anja-

onsdag 16. desember 2015

Var det rekruttering vi ville ha!?...

...Ja då er vel dette den minst fornuftige måten å gjer det på!! Ja, det er det sjølvsagt etter mi meining...
Fine og herlige "Chico" - Kvasneset`s Himmelens Diamant...

12. juli var eg og Katja på utstilling i Tresfjorden og til denne utstilinga var også ein av hundane frå oss påmeldt. Eg kjøpte katalog og ville sjekke kven som var med. Valpekjøperane våre hadde for første gang meldt på sjølv og då eg gjekk gjennom ser eg at "Chico" var påmeldt  feil klasse!! Vi var heldigvis ute i gooood tid så eg sjekka med ringen og sekreteriatet om å få bytte klasse før vi begynte. 
Ingen klaging før vi gjekk gjennom å vann klassa og blei beste hannhund...snakka litt rundt ringen og forklate at det var første gang dei meldte på sjølv og det var forståelse for at feil kan ein gjer.



Utstillingsglede er nesten snudd til "forrakt" og eg redd det må ganske så mykje overtaling til for å få dei med på utstilling igjen!!...Syns det er ufattelig synn at det ikkje skal vere rom for litt i eit elles så lite miljø. 
Hunden blei flytta frå bruksklasse til åpen klassen, blei stilt fikk kritikk, 1BHK BIR BIG1 og BIS4!! Hadde han blitt stilt i bruksklassse har eg ingen problem med å skjønne at klagen kom og blei tatt til følge. - Men, ein tanke er at hadde eg meldt han på sjølv ville dette resultatet stått i dag!!...

Veldig kjedelig heile greia og det gav meg som elska dette ei påminning på kva miljøet har å by på frå både den eine og andre sida...
Men, mest syns eg det er trist at det går ut over ganske så ferske folk i dette gamet!!...
Dei har jo sjølvsagt gleda seg stort over resultata som dei igrunn ikkje heilt skjønna kva er for noko ;) 


Kryssa fingrane for at eg skal få med meg disse fine folk på aktivitet igjen etterkvart, og ikkje minst vise hunden...
-Anja- 



Eg har sjølv stått i beste hannhundklasse og blitt bitt av hunden foran meg etter plasseringane var avgjort, og plasseringa kunne ikkje rokkast på pga at dommeren var ferdig å plassere. Det falt meg faktisk aldri inn å klage på det................

lørdag 12. desember 2015

Så nær så nær

Ja så nær har vi aldri vore ;)
Planen min var å kome inn til 2. søndag i advent, men ting har skjedd og venting på fagfolk må bereknast...

Men, sjølv om vi ikkje er ferdig med alt så er huset fult levlig så dermed flytta vi inn til jul!!! :)))
Resten (eller ein blir aldri ferdig når Einar hus veffal ikkje når du heite "Anja med alle rare idear") tek vi litt etter litt slik vi orka og klare...

 Torsdag kveld sendte eg ut ein snapp med det mørke bildet: "Kooos i heimen!!... ❤️" litt etter sendte eg ut det lyse bildet: "Steik kor bilde lyg!..." ;)
 Utskjæring for koketopp...
Litt pynt må til sjølv om vi ikkje er ferdig... 
Soverommet er ferdig og gleeeeda meg til å få inn senga...
 Herlig stemning i stua med dette vindauget og Tim Are passa på at lysa er tent...
Her trur eg vi skal få det veldig bra...
Ein dag med svært blanda følelsa...godt å kome i hus sjølv om vi ikkje er ferdig, men tidligere i dag har eg tenkt mykje på ein flott ven som forlot oss så alt for tidlig ❤️ Savna deg!
Ville gjerne vere i korka i dag men det blei for kang reise for meg akkurat no. Men du har vore i tankane mine og i formiddag vart eg heilt utlada...
Ikkje gløym å lev i nuet!!...
Klem -Anja-

torsdag 3. desember 2015

Minnene har eg i hjartet

Tirsdag prøde eg å nå deg sist...Eg skjønte det måtte vere noko når vår felles venninne har prøvd å ringe meg i dag, spesielt etter eg ikkje fikk kontakt og du ikkje ringde tilbake. Sjølv om du ha vore sjuk blei eg heilt satt ut, for du har vore den venen som eg alltid har hatt kontakt med i hundemiljøet sjølv om helsa mi har haldt meg borte...

Det var gjennom tida i raserådet for flatcoated retriever frå 2006 vi blei skikkelig kjend, og eit vennskap som har betydd mykje for meg og så uendelig trist at du no ikkje er her lenger...
Vi har alltid hatt fine og lange samtala, fine besøk med deg og du her hos oss, spist lunsj og møttes når eg har vore i Oslo. Eg minnast alle samtalane, diskusjonar om hundar, planane om tura til England, og ikkje minst ønsket om å gå i fjella her på Sunnmøre!! Eg er lei meg for det vi ikkje fikk gjort, men samtidig er det så godt at ein ikkje slutta å planlegge og levet livet til det siste...Eg vil spesielt sakne ditt herlige humør, gode latter og teite humor!!... Eg vil absolutt sakne det å diskutere hunda og linjer med deg!!

Du kjøpte din første hannhund for konfirmasjonspengane ja det same gjorde eg, og to år etter kjøpte du deg di første tispe og det same gjorde eg. Vi har prata og flira mykje av det vi har gjort...du var berre mykje gamlere enn meg ;) neida akkurat 10 år men det viste sjølvsagt ikkje...

Tusen takk for ditt gode venskap gjennom mange år, alle gode samtala, og ikkje minst for den kunnskapen du har delt...
Det er mange som har mista ein fantastisk person i dag, og ikkje minst retrieverNorge og hundeNorge er ein stor person fattigere!!...Tårene renne for deg kjære i dag...

Kjæraste engel måtte du ha det ufattelig godt og håpe du har ein heil haug med svarte og brune firbeinte rundt deg 

Saknet er stort  du er i hjartet mitt kjære ven...Glad i deg 
Klem -Anja-

Hundeutstilling med Sunnmørsalpane som bakteppe!

Tilbakeblikk på helga...for dei som er rundt oss i TeamKvasneset vil eg dele nokre bilder. I dei vakre omgivnadane, og med vêrgudane som spe...