torsdag 6. november 2014

No skjer DET snart!!...

Er ikkje så fan av bilder av meg sjølv, men her letta eg litt på gråpapiret...klare ikkje å lure fotografen for eg begynne alltid å le!!...Foto av Odd Solnørdal i Sulaposten....

Har du lest Sulaposten i dag!!??...Om ikkje burde du tatt deg ein tur på butikken eller i postkassa!

...Det som eg aldri hadde trudd, men likevel drøymd så masse om så starta eg opp butikk!! Impulsiv som eg alltid er håpa eg den Sverigeturen forige veke bære frukter på forskjellige måta!! Jadda, det skulle berre x antall tima i bilen som overhode ikkje er godt og som alltid er eg mest kreativ til låkare eg er ;) Tenk at for tre veker sidan fekk eg spørsmål om at eg ikkje skulle starte nåkke igjen? å det, det var heilt fjernt for med og sa med stor innleving NEI! Så fort kan ein endre meining gitt... I`m crazy and I know it!! 
I går skreiv eg at "akkurat no" skjer det ingenting bak papira og det gjor det heller ikkje, for eg var heime og ingenting blei gjort. Det var tragisk å sjå dei tomme butikkvindua og ikkje minst det "tomme" rommet som var der, har kun vore innom for visning og det som slo meg at dette er for trist å ha visning i, kalde vegga og rett dritlukt, og første tanke var å få det lunt og dekt vindua så fort som mulig.........meen, andre ting dukka opp litt etter litt. Så til parringsturen der kom dei mil etter mil ideane seilande innover meg!! Det siste året har saknet etter butikken vore stor spesielt det å kunne gå ned dit å rydde og dekorere når ein ikkje føle seg heilt bra. Blomsterbinding har vore som balsam for skrotten min eller heller hovudet har fått si psykiske oppreising og klar til å møte morgondagen med frisk pust. Eg har sjølvsagt funne andre måta å gjer det på dette året, men no er tida inne til å bite tenna skikkelig saman og prøve å få til igjen mitt lille "skattkammer" :)
Eg håpa no og få ein meir unik butikk enn nokon gang!! Mest av alt vil vi ha blomster og deilige dufter, vakkert interiør og fine gaver ♥♥♥  Det er blomster som ligg mitt hjarte aller nærast og eg håpa at alle både bgdefolk og tilreisande vil kjøpe vakre blomster og ikkje minst vil at vi skal sette saman det nydelige og perfekte skaperverket til ei skjønn, tøff eller røff gave, eller kanskje berre nåkke vakkert til ei passande anledning...

Eg håpa at eg igjen kan ha arbeidsplassa i sentrum og glede folk med vakre ting...her er det ikkje rom for JANTELOV for den drit eg i og håpe du også gjer det, og vil med det handle både interiør, gaver og helgas blomster med oss!! Eg kan også betrygge kvar og ein av dåkke at eg ikkje bli rik av å drive butikk i Langevåg, eg vil berre fylle sentrumlokalet med liv, vakre ting, innhald, glede og latter. 
Kva er det eg skal selge!? Jau, det er BLOMSTER, gaver og små interiør og eg skal prøve å gjere det unikt og samtidig gi dåkke ei fin oppleving...Eg håpa du vil komme berre for å sjå, prate og kose deg, ein dag kanskje handla du også men det er ingen tvang og ikkje føl at du må handle berre for at du vil innom å sjå!...

Herremin!!! Tenke sikkert fleire, ja meg sjølv inkludert!! Er ikkje mange som starta opp butikk med slik helse og smerter, men eg berre leve livet så godt eg kan klare, og eg håpa at med god hjelp vil butikken rulla rundt og at eg kan halde på med min favoritt restitusjon som er blomsterbinding...Skulle tru at barna som ser kva smertene gjer med meg kvar dag skulle bli bekymra som dei kan vere når eg er ekstra dårlig, men dei blei så glad!! Heile ansikta lyste opp og auge som varma meg sikkert i lang tid ♥♥♥ dei har sakna butikken dei også, Katja vil så fort som mulig lage dekorasjonar igjen eller potteplante som ho kalla det, ja dei som eg har vist før og blir først seld :) Tim Are vil gjerne ha eigen kafèkrok, så eg forsikra om at kaffi vil her bli å få om du er ute å går tur og føle deg litt kald...

EG er gal!! og faktisk den første til å innrømme det, den neste er mi kjære mor som følge ved sida mi og presentera seg som "eg er mor til ho galne her!"...ja vi har det ufattelig bra ilag, oppleve ein god del og ler like masse!!...
Ja, så har du dei som eg bur ilag med - dei er så vand med alle mine mange påfunn at dei ikkje reagera på alt lenger men berre ei slengbemerkning "mamma du e gal!". Gubben, han meina berre han er gift med ein heilt unormal skrott...

Normal galskap er bra!! I mitt tilfelle kunne eg sjølvsagt valgt å berre vere dårlig å legge meg ned, men eg klare ikkje det...Eg har eit liv og det vil eg leve!! Vondt, ja faen så vondt det er, men eg skal ikkje sitte ved min slutt og angre for at eg gav meg ;)


Så med vondt skal vondt fordrivast og eg tenke eg blir hakket meir lykkelig når eg igjen kan omgås vakre mennesker, gode dufter og fine blomster...Går vel ikkje an nåkke anna enn å bli glad av det!??

Det har ikkje gått mange dagane sida eg bestemde meg for å opne dørene igjen, fått levering frå to allereie og masse er på veg!!...Det var berre å bestille med ein gang slik eg ikkje kunne ombestemme meg ;) Venta nesten på at eg skal vakne opp og ikkje skjønne kva eg har tenkt på!! Jaja, er vel ikkje dei fleste som starta opp med ei helse som mi, men eg må sjølvsagt ha hjelp til å få dagen til å rulle, men eg vil vere der, gå rundt og sulle, snakke med dei som er innom og berre vere ute, vere sosial...så kom gjerne innom å ta deg ein kaffi ilag med meg ♥♥♥ det viktigste er å komme deg ut om du ikkje er bra, eg blir med på tur, så kan vi ta oss ein kaffi på butikken og samtidig kjøpe med oss helgas blomsterkvast...

"Det er i motbakke det går oppover" 2014 har bydd på fleire enn eg trudde eg makta spesielt då eg i 2013 såg så fram til eit nytt lyst år men det vise seg at vi kan makte det meste, sjå positivt på livet og ikkje fest deg ved det negative så er alt betre allereie...



Eg børsta av gamle skatta og nye kjem inn, så har eg nåkke veldig skummelt på gang også........


Våg å ta neste skritt!!! Det har eg gjort ;)
Klem -Anja-

3 kommentarer:

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...