mandag 19. september 2016

Handy + + +

...for eit sammensurium 🙈 Har begynt på eit nytt prosjekt eller stjelt eit er vel nærare sanninga. Syns faktisk eg og gubben var som vanleg 🙊 eit knakande bra team der så Sinnasnekker'n hadde fått seg ein opplevelse i korleis samarbeidet kan fungere!...jaja nok om det ;)
Vekedagane har gått sida den helga og torsdagen blei det tur på meg og sidan har faktisk senga vore min tilhaldsstad!!! Å herreminhatt då starta kaoset veit du...ja for eg har jo makk i raua og kan ikkje vere i ro, men har hørt at når "mannesjuka" kjem over deg så skal det liksom vere greit å ligge i ro veffal om du er mann. Sola har skint og eg har forsiktig sjangla meg opp...i går søndag følte eg det var på tide å vere på plass igjen så det første eg gjor då eg kom meg opp ut på dagen var å sleppe hundane laus og ikkje minst la dei få hente dummyar. 
Tom bevega seg ut til stillaset og det snappa eg fort opp så heiv på meg bukse og genser og joina han - lurt!? Det treng vi ikkje snakke om enda...
For eg starta med skyggepanel på garasja og syns det var supert å sjå at det gjekk litt framover igjen! Fikk servert eit par øl av mi  kjære mor som litt drivstoff. Fikk spørsmål om eg trengde hjelp, men eg kosa meg med å få sulle sjølv og i tillegg slapp dei hostinga mi ;)
Etterkvart måtte vi samarbeide for å få opp ei litt kjeitete lekt og då kjem det frå han "korsen klare du å skru med bitsen så skeiv?" og hjelpes eg sto jo så sykt dårlig til men la gå...etter ei stund måtte vi opp med ei på andre sida og gubben laga nåkken lyda som ikkje skruane likte veffal og eg kunne ikkje dy meg "men eg kan ikkje skjønne korleis du klare å skru så skeivt!?" :)) "Hald kjeft bitch fekk eg tilbake" ;)) Vi jobba på til det begynte å bli mørkt og var nøgde med ettermiddagens framgang.
Trudde eg var tilbake i normalfordeling igjen i går...Så sendte ein snap om at no er kjerringa igang igjen!... Varte ikkje lenge det gitt ;)
Her er to av bilda frå bikka ei veke sidan der Tom klør seg i hovudet over påfunnet mine og eg som er delvis ferdig med oppgåva...Ikkje berre å berre å jobbe aleine også har eg tre Sinnasnekkera som ser resultatet!! Gubben, Jan som igjen har bistått oss og ikkje minst valpekjøper Jarle som er lærer på byggfag!!...
Her har eg prøvd nåkke nytt og funka det også!! Berre å prøve så hår det som regel bra...

I dag vart han utsendt for å kjøpe nåkken småting slik vi kan fortsette........men, kor tid det blir vil tida vise for no er eg tilbake i senga 🙈 Flott du - not!! Eg har ein del eg vil gjer før eg pakka på bilen og reise på hytta så no er det på tide at bitcha får rista av seg mannesjuka og kome tilbake i sin vante handywoman tilværelse!...
Sjuktgoklem -Anja-

fredag 16. september 2016

Jønshornet


I går gjorde eg noko eg ikkje trudde var mulig for meg...ja, både med tanke på kroppen men ikkje minst det at eg er så høgderedd!!...Meeeen, no kan eg altså sei Jønshornet/Ramoen!? "been there and done that!!" ;)
Her er litt tekst etc. men les meir om turen på ut.no 
Eg har tidligare sagt at eg ikkje skulle opp dit når eg høyre folk fortelle frå turen, men når du sit å nyte fjella kring Hjørundfjorden på verandan så blir lysta så innmari stor!! Har du lyst har du lov og då går det veffal an å prøve om ikkje anna. Men, mamma sei alltid "du, du stoppe og snu? Ja då må det vere nåkke ekstremt" og ho har så rett!!...
Vi planla tur etter medlingane, men kl. 06.38 tikka første melding inn "Tror ikke det blir Jønshornet idag. For usikkert med været. Skodde der no og grått ute?" Eg svarte berre Neeeeeei...

Eg ville så på ein tur og vi kom til at vi tek Rametinden først så ser vi an om vi prøva oss vidare. I og med vi hadde lyst å prøve nå målet så sat vi igjen alle firbeinte heime. 
Kjem ut av bilen og begynne å gå...ein av mine dårligere daga og kjente at ryggen verka innmarig og det vart sendt støt i heile høgrefoten! For å sei det enkelt det skal mykje mobiliserng til for å halde hovudet oppe. Tenke som vanleg at eg går meg til...då hadde det vore fint om ein slapp å gå så lenge i tett skog før ein kan nyte den fantastiske utsikta. Men alt går og ein må berre passe på at trykket i hvudet ikkje blir for stort etter å bite tenna/kjeven saman ;)
Det draup godt av trea i skogen, det var skodde, skye og småsur vind i det vi går frå Vollane og oppover mot Breidaksla og til tppen av Ramtiden. (Vel å merke de treng ikkje gå heilt til toppen av Rametiden då dette er ein del lengre, og så må du ned igjen før du kan gå mot Jønshornet)...
Lettaste partiet på veg oppover...Ser Svinetid til venstre og Rametinden til høgre... 
 Mamsen speida oppover...skal tru om vi når målet i dag!?...
 Toppen på Rametiden 1198 moh er nådd med Jønshornet til høgre i det bildet til venstre... Bildet til høgre vise Svinetinden til høgre i 
bildet og "kollen" bak tinderekka er Romestrandhornet/Festøykollen...og på andre sida av fjorden bak Festøykollen er Sunde ;)
 Vi har det utrulig artig på tur og når kroppen streika litt meir må vi leite fram enda meir tull og fjas...Åsså vise utad kor steike fin form vi er i JIPPI!! :)))
 Klart vi har lyst opp dit!!...
 Sjølvfi på Rametinden...ingen planlagt possering asså, men mamma peika opp på Jønshornet og eg berre ser opp og lure på korleis vi skal få det til ;)
Jepp, kom an vi går!!...To steike galne kjerringer på tur!! Har sagt det før og gjentek det igjen - "fjols til fjells" det er vi ;)
Då vi stod på Rametiden såg vi to kara (både hyggelige og hjelpsame i det vi skulle ned ein litt ugunstig plass var det fram med handa og hjelp!! Tusen takk!!) som passerte under oss på veg bort til stigninga opp til Jønshornet. Mamma meinte vi skulle hive oss på og følge dei etter råsa. Oppi renna spør ho "ser du dei?" eg berre rista på hovudet "nope, mamma dei er heilt sikkert skikkelige fjellfolk...og vi berre leika som!" :)) Det kjem sjølvsagt innimellom alle plassane det plutselig gjekk rett ned!
 Her er vi nede frå Rametiden og på veg bortover...
 Ser mamma i bildet...ofte er det slik at eg blir ståande litt for lenge og får skikkelig opp pulsen på veg for å ta ho igjen...
 Steik kor sprek ho er!!..Verdens beste mamma og besta - tenk at ho blir 60 år i desember!! ♥♥♥
 Flotta da!!..så ser vi heim akkurat over toppen på Svinetinden...
 Der oppe er toppen!!...
 Berre siste stykket igjen før toppen...

JØNSHORNET eller RAMOEN som den heite på 1419 MOH asså TOPPEN ER NÅDD og det er berre heilt FANTASTISK!!!...Eg stod først berre i holet og turde meg ikkje heilt oppå før litt overtaling ;) Å eg såg ei så syyyyyk utsikt, men eg huska ikkje heilt kva eg tok bilde av der oppe g var glad det var nåkken bilde slik eg kunne få sjå dei med beina planta i normal høgde. 
 Då blei det tur hit og eg drøyme ikkje!!...no ser eg heim ♥♥♥
 Steike syns vi er litt tøff eg!!...
Tusen takk for nok eit fantastisk turmål og ein herlig turven.
Tenke seg til at det letta sopass og at vi fekk sol på toppen!
 Mamma på veg ned igjen gjennom holet !!
 Kan du fatte, skjønne og begripe at folk klatra her!?...
Mamma ropa opp og lure på kvar eg blir av...måtte berre ha meg eit minutt eller to for å nyte det før eg gjekk ned...sjølvsagt for å ta litt bilde ;)
Her ser de folk oppe på toppen...dei kom opp frå Molladalen.
 Vilt ♥ vakkert ♥ spektakulært ♥
 Haren sprang så fort at eg fikk berre med meg rumpa på den ;)
Snaaaaart nede igjen og det blir steike godt!! ;)

Tusen takk for ein fantastisk flott tur!!
Klem -Anja-


Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...