lørdag 28. juni 2025

Utstilling…

…med ein god dose karamell, på fleire måtar ‼️ 



Kvasneset - oppdrettergruppe 

HP - Hederspremie av dommar: Per Kristian Andersen

«Katalognr. 5, 12, 17 og 22. En gruppe av 4 kombinasjoner. Meget typelike hunder. Velbygde, velgående, med flotte hoder og bra pelskvalitet. Meget trivelig temperament. Oppdretteren gratuleres med HP»




Frå oss stilte det i dag 6 hundar og 1 kvalp. Vi fekk 2 beste hannhund med Cert og 2. 3. og 4. beste tispe med Cert‼️



Valp 6-9 mnd:

HP Nr. 2 - Kvasneset's Bright Shining Star «Sansa»


Frå unghund:

Excellent Nr. 1 BIM unghund - Kvasneset's Ain`t No Cure For Love «Leon»


Åpen klasse:

Excellent Nr. 1 CK 2 BHK CERT Kvasneset's X-Hero «Zico»


Unghund tispe:

Excellent Nr. 1 CK 3 BTK Kvasneset's As you Like it «Luna»


Åpen klasse:

Excellent Nr. 2 CK 4 BTK Kvasneset's Oooh La La La «Abi»


Veteran:

Excellent Nr. 1 CK 2 BTK CERT Kvasneset's Now just a dreamer «Embla»



Kvasneset's Just For Fun «Berta»

Excellent Nr. 2


Asså vi kan nyte den dagen her litt 🤍 Oppladninga har vore «katastrofe» med sjukdom etc. og når vi har trudd det ikkje kunne gå verre, ja så tok vi litt til 😎 Men så langt har vi landa på beina og mest av alt så kjekt at vi har vore så mange frå #TeamKvasneset rundt ringen i dag.!


mandag 23. juni 2025

Jonsokaftan

 ✨ MIDTSOMMARFEIRING ✨


Som tidligare år ville vi feire Jonsok her på berga ved Runnane, i dag, på Jonsokaftan..! 

Men det var meldt om så utrulig mykje «blandevatn» frå oven at vi tok ei lita «naudløysing» i år og difor vart det Midtsommarfeiring (Jonsok) på laurdag istadenfor i dag.


Bålsjefen fekk til ei god lunte og bålet fekk god fyr og det varma godt🔥



Å for ein magisk fin kveld det vart med mange fine folk som gjorde kvelden bra for så mange 💜❤️🩷🧡

Bildet av Rasmus på trillebåra er frå dagen derpå då vi rydda opp siste del etter festen…


Som tradisjonen er så hadde vi varme grillar der folk fekk grille det dei ønska og det var godt i glaset både med og utan alkohol 🍼🧃🥂


Vi håpte på og fekk godt vér og alle tok med seg strålande humør 🌞 





Sjølv om vi i år ikkje feira på sjølve Jonsokaftan (forhåpentligvis vart det eit unntak frå regelen) så sat vi inga ende for feiringa då Jonsok kjem av jónsvaka som er norrønt og tyder «vakenatt for Jon»….





Tusen takk for ein strålande fin kveld 🌞🌸🔥❤️🩷

tirsdag 10. juni 2025

Vårlig blomstring…


Når trea med Prysdkirsebæra/Prunus blomstra i hagen rett i opninga til Hjørundfjorden då er våren verkeleg i kome til Sunnmøre...

…i år kom våren så alt for tidlig. Lenge var eg redd vi skulle få ei frostperiode som skulle ta knekken på det vakre fargespelet i hagen, men ikkje minst all frukta og bæra i hagen 🌸 

Heldigvis ser det ut til å ha gått veldig bra og vi har hatt stor glede av så mange vakre og fargeglade blomster.

Litt har eg fått gjort i hagen i år også, og sjølv om dagsformen mi ikkje alltid er like bra så er det alltid fint å få vere i hagen for å samle litt energi 🧡🩷❤️

Nokre bilder frå våren og forsommaren i hagen…

Kirsebæra i blomst...
Nydelig syren…
Ved dammen lika vi å vere...

Wisteria eller Blåregn er både vakker og lukta himmelsk...
Dei firbeinte og velduftende vakre planta passa veldig fint saman i hagen min...

Ønska dekke alle ein herlig blomstrande sommar 
Klem -Anja-

Utstilling…

…med ein god dose karamell, på fleire måtar ‼️  Kvasneset - oppdrettergruppe  HP - Hederspremie av dommar: Per Kristian Andersen «Katalognr....