lørdag 14. august 2021

Ut på nye eventyr...

Det var ei diger hamn med mengder av seglbåtar (og litt andre) var det som møtte meg då vi kom fram...Kristian hadde jo vore her før og fann fort rette staden å gå. Vi gjekk forbi forskjellege båtar nokre større enn andre, men dei aller fleste var ganske så stor, og då eg kom bort til båten som eg hadde sett på bilde sa eg, «Jaha, så det er den her lille båten der som skal ta oss over Skagerrak? Det går nok heilt sikkert veeeldig bra!!»...

Det her blir første del av historia mi med avreise frå Sunde til Göteborg, før vi starta på det skikkelege eventyret som er reisa i seglbåt frå Göteborg over Kattegat og Skagerrak opp langs Norskekysten til Sunde i ein Allegro 27..!!

På formiddagen søndag 1. august starta vi på ei litt uvanleg reise, ei reise der vi ikkje ante kva som ville møte oss anna enn at det her var noko heilt nytt. Eg kan sikkert leggje til at det mest truleg er ganske så uvanleg at nokre skogstroll legge ut på ein så lang segltur utan å ha vore ombord i ein slik båt før..!! 
Riktig nok skal det seiast at Kristian har vore ombord i båten ein gong tidligare, og samstundes hadde han seg nokre dagar i Danmark der dei testa den ein dag for så finne ut at dei skulle segle frå Gilleleje (nord for København) og over til Göteborg neste dag. Det var også dit første etappe på turen vår vart lagt til. 

Vi starta på Sunde der pappa kjørte oss til flyplassen, eg som «alltid» ganske så reisesjuke laurdagen og best under press var eg ikkje heilt ferdigpakka før vi kom oss ut av døra…

På med munnbind og få avgårde alt av viktig og kanskje noko heilt uviktig utstyr…Flyturen gjekk fint til Gardermoen der vi hadde litt tid til frukost og såg på alle folk som gjekk forbi. Der kan vi kanskje til mi store overrasking innsjå at vi ikkje er så superrare som vi i utgangspunktet trur, eller berre vil ha det til. Ja for «normal» er ikkje noko som eg passa under og ein god dose galskap lika eg heilt klart!! Reisa vår som de skal få lese meir om har vore eit magisk eventyr og ei fantastisk oppleving, men det må også kallast galskap!! Herlig at du ville ha meg med på den galne reisa Kristian, og som eg sa - om det er mogeleg er eg enda meir glad i deg etter det her 


Bussturen frå Oslo til Göteborg gjekk fint i ein ganske så full buss hadde vi og to andre på munnbind heile vegen...Ufatteleg lang kø inn til Norge så vi var glad vi var på veg i andre retninga. 
Kjekk bussjåfør som prata litt undervegs, elles lite som hende bortsett frå då vi høyrde eit skikkeleg poff og merka noko kom susande i lufta...vi snur oss å ser ei eldre dame med eit litt forfjamsa uttrykk - ho skulle berre opne drikkeflaska si som det heilt klart var litt trykk i :))

På sentralstasjonen i Göteborg var det lite som kunne sjå ut til at vi fortsatt er i ein pandemi, men vi tok våre førehandsreglar og fann raskt ein taxi som tok oss og pikkpakket våra ut til Långedrag dit den verkelege reisa skulle starte to dagar fram i tid. 

Vi kom ned og begynte å ordne og vaske litt i båten, og på kvelden tok Kristian meg med til Långedrag Värdshus og ein fantastisk middag med god drikke...etterpå avslutta vi kvelden med ein fin tur der vi såg på den fine naturen, vakre hus og hagar i Långedrag. 

Mandag var innkjøpsdag der vi kom to stopp med kollektivtransport opp til Frölunda Torg for litt frukost medan vi venta på bussen vidare til Sisjön...Etter nokre timar med innkjøp på dei store varehusa der så måtte vi ha Taxi tilbake til Långedrag, og der vi klarte å fylle ei heil stasjonsvogn.

Mandag kveld reiste vi inn til Göteborg og Tripadvisor førte oss inn til ein Indisk Restaurant - Daawat..!! Fantastisk mat før vi rusla litt rundt og tok banen tilbake og det sendte meg nokre sekund sikkert 30 år tilbake i tid med den "ringereima" som var på bussane før i tida...


Tirsdag formiddag reiste eg på litt innkjøp av matvarer med Kristian tok siste finish i båten før Ole ankom. Ein ladar vart øydelagt - dagens lærdom, husk å ta ut landstraumen før vi starta motoren! så då tok eg meg ein ny tur mot Frölunda Torg medan karane gjekk gjennom det som trengtes...ein liten ekstra tur vart det då eg hadde tatt ranselen med meg og der var det eit kort dei trengte å oppdatere.

Etter eg kom tilbake var vi så og sei klar for å starte på evenyret, og berre innom ei hamn for bunkring av diesel før vi var klar på å sette ut mot Kattegat. 


Siste kveld i Göteborg/Långedrag...og vi er straks klar for det store eventyret..!!

Eg trudde eg skulle få oppdatert undervegs, men eg tok meg ikkje tid til meir enn å nyte den magiske eventyrreisa og ville heller fortelje i ettertid når vi hadde gjennomført og kome trygt heim, og difor vart det kun ein del instastory og snappstory undervegs...

Men, no vil det kome litt frå reisa for dei av dåkke som ønska å høyre og sjå litt meir er det velkomne til det. 

Vil berre minne de alle på at det er så viktig å leve livet!! Berre grip dei moglegheitene som kjem din veg slik alt ikkje seglar deg forbi...

Tusen takk for opplevinga Kristian, den tek eg med meg for alltid!! 

Klem -Anja-


Eg har no i ettertid tenkt litt på om eg kunne klart å gjennomføre dette for 1-2 år sidan, og er usikker på det, men som eg alltid har fokusert på så er det å kome seg gjennom ein dag i smertehelvete og håpe at det ein dag skulle snu. Barna mine har vore grunnen til at eg har haldt meg oppe og dei firbeinte har vore ei utrulig hjelp gjennom det. Smerter har det vore også på denne turen, men opplevinga og denne reisa overskugga alt som har vore vondt - sjølv europakartet av blåkular eg har i hovudet, og det må det berre flirast av :) Med alle blåkular på dei mest utrulege stadar, ja korleis leggane har blitt tapetsert ana eg rett og slett ikkje...så har det her vore ei reise som vil vere vanskeleg å toppe!!


Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...