onsdag 1. juli 2026

Hundeutstilling med Sunnmørsalpane som bakteppe!

Tilbakeblikk på helga...for dei som er rundt oss i TeamKvasneset vil eg dele nokre bilder.

I dei vakre omgivnadane, og med vêrgudane som spelte med på vår side, var det duka for ei fantastisk helg der hund verkeleg stod i fokus.
Katja og Abi i ringen...Abi mangla kun sitt store cert for å blir NUCH og no når ho er veteran så får ho vere med også på dei «små» utstillingane. Denne helga vart ho 2. og 3. beste tispe!!

Vi kan sei oss veldig godt fornøgde med helgas resultat! Vi fekk fleire plasseringar i beste hann- og tispeklasse begge dagar - 2 CERT og toppa med beste tispe på laurdag. Ja, på laurdagen hadde vi faktisk 3 av 4 i beste tispeklasse!! Der var alle aldrar representerte, heilt frå Sansa i unghund til Abi i veteran og mellom der Luna. :)

Vi fekk med oss ein klar kommentar frå dommaren som vi måtte ta med tilbake til klubben: «VG er very good – altså mycket god – en mycket, mycket god hund


Laurdag 27.05.2026 – dommar Hans Rosenberg – lenke til fullstendige resultat her


HP og Best in Show oppdretter

«kat. 8,14,21,26 oppfødad grupp from fira , bra størrelse, gjevne i sine hode, kropper, og benstumme, ønsker mørkere øgon på visse, bra pelsstruk, rørs trevligt, takk for at ni kom.»

HP og BIS 1 på vår oppdrettergruppe med frå venstre Anja og Zico, Katja med Abi, Marte og Luna og Kristian med Sansa...

Excellent 1 CK 2.BHK CERT Kvasneset's X-Hero «Zico»

VG 2 Kvasneset's Ain`t No Cure For Love «Leon»

VG 4 Kvasneset's Zin Rosé «Angus»

Excellent 1 CK 4.BTK BIR & BIS 2 Unghund Kvasneset's Bright Shining Star «Sansa»

Excellent 1 CK 1.BTK CERT BIM Kvasneset's As you Like it «Luna»

VG Kvasneset's You're a Magic Star «Nista»

Excellent CK 3.BTK Kvasneset's Oooh La La La «Abi»



Vakre, herlige, milde og snille Zico tek laurdag sitt 2. cert - det første kom på Sunnmøre i fjor. Sparsamt vist og no mangla han kun det store certet for eit championat...
Takk for at de tok turen frå Trøndelag for å delta og at eg fekk vise han...
Denne helga var Leon påmeldt begge dagar og Carlos superflink med han i ringen!! 
Herlege «Leon» helsar på ein liten kvalp som ein tidlegare kvalpekjøpar av oss har fått seg, etter at ho mista si kjære Ronja etter 10 år...
Fine, gode og sjarmerande Angus som Robert var så flink å handle sjølv...
Unge Sansa i ringen - ho har si eiga meining så vi veit aldri korleis ho vise seg fram, men denne helga plasserte ho seg i beste tispe begge dagar...

BIR og BIM laurdag - Luna BIM
Elska flokken min ♥ her har Kristian tatt bilde då Katja og Rasmus tok bilde av BIR og BIM 
Gode, skjønne og fine Nista som har så fine kvaliteter og bær på, for oss, veldig dyrebare linjer som vi håpa skal gå vidare om ikkje for lenge...
BIR og BIM veteran laurdag - Abi BIM veteran



Laurdagen var det også barn og hund...



Søndag 28.05.2026 – dommar Joakim Ohlsson – lenke til fullstendige resultat her


Excellent 1 CK 2.BHK Kvasneset's X-Hero «Zico»

VG 2 Kvasneset's Ain`t No Cure For Love «Leon»

Excellent 1 CK 3.BTK BIR & BIS Unghund Kvasneset's Bright Shining Star «Sansa»

Excellent 2 CK Kvasneset's As you Like it «Luna»

VG Kvasneset's You're a Magic Star «Nista»

Excellent CK 2.BTK Kvasneset's Oooh La La La «Abi»



Sansa BIS unghund...
Søndagen fekk vi tatt nokre bilde av Luna...
Bildet av Nista slettes ikkje så dumt det heller. Ho har fantastisk pels og vakker farge...
3 fine tisper i veteran klassen...
Abi blir bedømt av Joakim Ohlsson - vinner veteranklassen og blir 2 BTK..!
Klar for konkurranse om BIR og BIM veteran...

Vi sit igjen med ein gjeng med veldig gode hundar. Eg må rette ei stor takk til kvar og ein av eigarane som held hundane sine i så god kondisjon, og som tek så godt vare på pelsane. 

Som oppdrettar ønskjer eg at de skal få ut det beste av hundane dykkar, uansett kva det skulle vere – som familiehund, turven, på utstilling etc. Pelsstell, kondisjon, trening og ikkje minst generell hundehelse er utruleg viktig, og eg er alltid her for spørsmål og hjelp.

Tusen takk for at de ville nytte tida og helga saman med oss – eg set umåteleg stor pris på det 


Veldig fint i og rundt ringen med så mange fine folk både TeamKvasneset og så mange andre!! akkurat slik som gir meg påfyll i minnebanken og god energi i topplokket...

Klem -Anja-


mandag 1. juni 2026

Kvalpa - sommaren 2026!

Velkomen juni og med det vil vi dele planane for sommaren 2026.                     Ei veke har i dag gått sidan det siste møte, så då kan vi telle 8 veker fram mot ein fødsel - forhåpentligvis. Eventuelle kvalpar vil kome rundet 27. juli 2026 og leveringsklar i september.

Det hadde vore så fint om vi også fekk ønske nokre herlige små firbeinte sjarmtroll velkomen her i hagen på seinsommaren ♥ 

Det ville sjølvsagt gitt litt ekstra liv her med oss i ei periode, og i tillegg har Rasmus no spurt lenge om "kor tid kjem valpane?" - Ikkje minst til dei som har ønska seg kvalp akkurat frå oss, så er det veldig fint om dei også kan få det.

Når vi planlegg ein kombinasjon mellom to avlsdyr, er det alltid etter to friske foreldre med eit godt og rasetypisk gemytt. Dei skal i tillegg vere vakre og inneha dei gode retrievereigenskapane til ein flat.


"Nelia" og "Kaizer" midt inne i klosterruinane...


Begge dei foreldra i denne kombinasjonen er som vanleg sunne, flotte og rasetypiske avlsdyr. Dei er utstillingspremierte, friske og har eit herleg gemytt.


Kan nemne eit minimum og den enkle helsestatus for begge foreldra:

  • Hofteleddsdysplasi: HD-fri
  • Auge: Fri for alvorlege augelidingar (Far har feilstilte augehår/distichiasis)
  • Gonioskopi: Fri


"Kaiser" - Arminzeras King of Gondor And Arnor

"Nelia" - Kvasneset`s Unlimited Love

Nokre hundar festar seg på netthinna. Og når dei har gått ut av livet, ser eg etter avkom som kan passa med det vi ønskjer oss i ein flat, og ikkje minst reint linjemessig. 

Vi har sett «Kaizer» ved fleire høve men ei god stund sidan, men han har verkeleg utvikla seg og vorte endå finare sidan sist. 

Han er ein herleg type med eit mildt og fint temperament, og han har bestått kvalifiseringsprøven. Eg var så heldig å få sjå eit avkom frå det første kullet hans, og eg likte typen veldig godt!

Mor - Nelia gav oss eit flott kull med herlege hundar for to år sidan, og eg har følgt opp fleire av dei. Dei har gjennomgåande eit herleg temperament, er flotte hundar å jobba med og har eit vakkert eksteriør. Vi håpar igjen at dette skal bli kvalpar denne gongen, og kvalpar som kan passa inn i dei aller fleste familiar.


Kvalpar frå oss blir prega på mykje av det livet har å by på. Dei blir vane med hus- og innemiljø, og tek del i uteliv og kvardagsliv. Dei får oppleva turar i skogkanten og i fjøresteinane, og møter andre dyr, hundar, barn og eldre. 

Eit godt hundeliv startar med ei god og trygg preging dei første åtte vekene.

Rasmus og Nelia på Klosterruinane...

Ønskjer du å vita meir om planane våre, er det berre å ta kontakt med oss! Kanskje vil du setja deg på liste for ein eventuell kvalp?

De kan kontakte oss på anja@kvasneset.com eller telefon.


Ønskjer de alle ei innhaldsrik og fin veke! 

Klem -Anja-


mandag 18. mai 2026

Hagevandring

Rasmus ute på si første hagevandring...

Måndag 18. mai var finstasen hengt opp og delvis komen i vaskemaskina, og Rasmus og eg var klare for eit nytt, lite eventyr – hagevandring! Rasmus fekk spørsmål om han ville vere med meg på hagevandring eller vere ein annan stad. Ikkje det at Rasmus heilt visste kva det var, men berre ein inkluderer «hage», så er han både med og ikkje minst «på».


Hand i hand gjekk vi mot hagen i Spjelkavika – ein hage eg har høyrt om, men aldri sett. Det er hagen til Ole Jonny og Kari Larsen.


Eg treng sikkert ikkje skrive så mykje, for bileta fortel ein heil del...


Rasmus klar for si første hagevandring og sitte spent og ventar, litt kake og blåbær passa godt medan vi hørte vertskapet fortelje om inndelinga av hagen...


Ein del skatta vart med oss heim...Spent på å sjå om vi får dei til og korleis dei er...


Dette var verkeleg ein vakker, sjarmerande og innhaldsrik hage - ikkje feil å sei at eg gjerne skulle hatt ein del av den her. 

For tenk å kunne ha ei elv rennande gjennom hagen, som ein kan lage bru over, og små koseleg soner og rom til alle høve! Eg likte meg her, og den sjarmerande, rustikke stilen passa meg veldig godt. Det var lett å sjå at dette er ein hage det har vore jobba med og kjærleg opparbeid gjennom 40 år.


Tusen takk for at vi fekk ta turen innom, og det saman med rundt 120 andre 

Klem -Anja-


Hundeutstilling med Sunnmørsalpane som bakteppe!

Tilbakeblikk på helga...for dei som er rundt oss i TeamKvasneset vil eg dele nokre bilder. I dei vakre omgivnadane, og med vêrgudane som spe...