lørdag 14. desember 2024

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kvalpane🤍

K. Break Every Rule

K. Black Rebel


K. Better Than Ever 

K. Black Magic 

K. Bound for Brynje 

K. Bright Shining Star

K. Brightest Sparks

K. Bring It On


Vi har hatt så fint og godt besøk av Barbro frå Kennel Brynje i dag. Då fekk vi tatt nokre bilde av kvalpane, og nokon av dei skal vi få lagt ut på Instagram og kanskje bloggen her.

Vil du ha meir informasjon om disse herlige kvalpane og korleis dei har det her med oss, så berre ta kontakt med oss på telefon eller melding/e-post.


Ønska dåkke alle ei fortsatt fin førjulstid 🤍

Klem -Anja-


torsdag 12. desember 2024

Vurderer deleige av valp…

Dei er heilt fantastisk…

…vi her på Kennel Kvasneset har hatt oppdrett av flat coated retriever sidan år 2000.
Alle våre kombinasjonar er godt gjennomtenkt, og blir til etter sunne og friske foreldre som er vår første prioritet.

Heilt perfekt 🤍
Herlig utetid innimellom…

Vi har no eit kull herlige, fine og rolige kvalpa født 26. oktober som vil vere leveringsklar 21. desember.
Lang juleferie er perfekt for å få kvalp i hus og ikkje minst, blir kvalpen stor nok og klar for å vere med på tur i den fineste årstida, hausten 2025.

Vi ser no etter nokon som har interesse for eit aktivt hundeliv som ønska å deleige ein kvalp eller to med oss. For eg er inne på tanke med deleige på både hann og tispe.

Vi har i dette kullet med flat coated retriever fantastisk herlige kvalpa som vi håpa skal vekse opp til sunne, friske, vakre, glade og lærevillige hundar..!!  
Oppveksten her i heimen gjer dei i utgangspunktet godt rusta for livet i nye omgivelsar, og forhåpentligvis bli det bra med tanke på ein super familiehund 🤍 ikkje minst om du også ønska forskjellig trening og utstilling…
 
Kombinasjonen er sjølvsagt godt gjennomtenkt og er gjort med frossen sæd etter «Arthur» NJCH Arthur of Amesbury på vår herlige «Xo» Kvasneset’s XOXO.
Foreldra er frisk, med eit herlig gemytt, trur også dei to utfylle kvarandre eksteriørt og håpe det blir gode kvalpa å jobbe med..✔️
 
Du kan gjerne sjå litt meir om oss på; 
Instagram «Kvasneset»  
Facebook «Kennel Kvasneset» 


Vi har mange forskjellige folk innom heimen vår som kjøper hund av oss. Nokon vil halde kontakt (med variabel intervall) og andre ønska det ikkje, alt er greit så lenge kvalpen/hunden har det bra 🤍 
Men vi gir sjølvsagt oppfølging for dei som ønska det, og i tillegg har vi ei gruppe på Facebook for våre valpekjøpera for oppdateringar, kommunikasjon mellom kvalpekjøperane etc.


Om du er interessert i ein av skattane som veks opp her med oss og eventuelt kan tenke deg eit ekstra samarbeid med oss så ta kontakt. 
Ikkje minst spør om det er noko du lurer på om oss, korleis kvalpane har det og korleis vi ser for oss deleige av kvalp.

De som kjøper eller deleige hund med skal vere trygg på at oppfølging får dåkke.
På mandag 16. desember er det klart for helsesjekk, vaksinering og id-merking hjå veterinær…

Fint å få høyre frå deg/dåkke..!
Klem -Anja-

mandag 2. desember 2024

5 veker og på bordet…

…for aller første gang..!!

Laurdag fekk vi besøk av Barbro på kennel Brynje. Vi fekk tid til hyggelig prat og ei fin tid ved kvalpebingen 🤍

Søndag før ho reiste heim fekk vi tatt bilde av kvalpane, men ikkje minst fekk vi gått gjennom og sett over kvar og ein av kvalpane.

Alle virka så trygg og var verken redd på bordet eller vanskelig å få fram.

Vi gler oss veldig til å sjå dei utvikle seg vidare 🤍

Er du interessert i ein av disse herlige små er det berre å ta kontakt med oss..!!

Her er hovud- og stabile av kvar kvalp, og oppe til venstre står kor den er merka.


Ha ein fin kveld…

Klem -Anja-


onsdag 20. november 2024

Valpa leveringsklar til Jul 🤍

Herlige skatta 🤍

…Når dei er leveringsklar så tett oppi jula, er det «bonustid» de som kvalpekjøpera får saman med kvalpen…


Herlige svarte skatta født 26. oktober 2024 🤍

Leveringsklar rundt 21. desember 2024…


Kennel Kvasneset har dreve oppdrett av flatcoated retriever sidan 2000. 

Vi har i dette kullet med flat coated retriever fantastisk herlige kvalpa som vi håpa skal veske opp til sunne, friske, vakre, glade og lærevillige hundar..!!  

Oppveksten her i heimen gjer dei i utgangspunktet rusta for livet i nye omgivelsar, og forhåpentligvis bli det bra med tanke på ein super familiehund 🤍 ikkje minst om du også ønska forskjellig trening og utstilling…



Kombinasjonen er sjølvsagt godt gjennomtenkt og er gjort med frossen sæd etter «Arthur» NJCH Arthur of Amesbury på vår herlige «Xo» Kvasneset’s XOXO.


Arthur var født i mars 1999 og vart 10 1/2 år gammal. Han var importert frå UK, og var NorskJaktChampion og han hadde CERT på utstilling! 

Xo er 6. generasjon tispe vi har oppdretta sjølv og kjenner linjene godt. Ho har eit herlig gemytt og fin å trene med, ikkje minst er ho sunn og frisk. Ho har to CERT og BIR frå utstilling og vi er i gang med å trene fram mot start på jaktprøve.


Trur disse to utfylle kvarandre eksteriørt og håpe det blir gode kvalpa å jobbe med..✔️


Du kan gjerne sjå litt meir om oss på; 

Instagram «Kvasneset»  

Facebook «Kennel Kvasneset» 

Eller på heimesida www.kvasneset.com (forhåpentligvis snart oppdatert)

 

Send oss gjerne ei melding med litt informasjon om dine eventuelle erfaringar og kva de kan tilby om du er interessert i ein av skattane som veks opp her med oss 🤍


Ikkje minst spør om det er noko du lurer på om oss, korleis kvalpane har det her og kva vi kan tilby deg som valpekjøpar…

søndag 2. juni 2024

Takk, for ei super kurshelg!!

Takk, tusen takk til dåkke alle for ei super kurshelg!! 🤩 

Eg har kost meg meg huset fult i flotte «hundefolk» og ikkje minst fått lov å sett kor flinke hundane er til å jobbe. Ikkje minst det dåkke tobeinte har teke imot av lærdom, som igjen gir eit fint samarbeid mellom hund og førar..!! 

Her er litt bilder frå dagen i går, laurdag 1. juni…

For dei som ønska å lese litt og fortsette/begynne treninga så kan dåkke bruke denne boka som eit verktøy på vegen…

Masse masse lykke til!!

-Anja-


lørdag 1. juni 2024

Blodsporkurs på hundens dag

Instruktør Paul forklara Thomas korleis ein skal legge sporet…

I dag 1. juni 2024 er «hundens dag» og den har vi nytta store delar av med kurs i blodspor for ekvipasjer i TeamKvasneset 🤍


Takk til alle dåkke som var med på ei kjekk sosialisering for oss tobeinte, og ei super aktivisering av hunden din!!

Ikkje minst takk til instruktør Paul Brown..!! 


Det blir sikkert andre små kurs innimellom om interessa er der…


Her er det Marte som først skulle til å legge sporet, for så seinare gå det på god instruks frå Paul…

Elles har ein stor del av det organiserte hundeNorge vore med på å markere «Hundens dag» i dag 1. juni.

Det er sjølvsagt ikkje alle små hundeklubber og avdelingar som har moglegheit til å organisere og vise til mangfaldet i tillegg til all anna aktivitet, men hundens dag har vore markert over store delar av landet…


Hundane kan gi oss alle eit unikt fellesskapet, gode treningsmiljø, betre fysisk og psykisk helse.


Ein superflink gjeng som følgjer med og lærernår andre skal gå spor…


Håpe du har ein super dag med din hund, og husk alltid å vere ein ansvarlig hundeeigar!!


-Anja-

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...