lørdag 1. juni 2024

Blodsporkurs på hundens dag

Instruktør Paul forklara Thomas korleis ein skal legge sporet…

I dag 1. juni 2024 er «hundens dag» og den har vi nytta store delar av med kurs i blodspor for ekvipasjer i TeamKvasneset 🤍


Takk til alle dåkke som var med på ei kjekk sosialisering for oss tobeinte, og ei super aktivisering av hunden din!!

Ikkje minst takk til instruktør Paul Brown..!! 


Det blir sikkert andre små kurs innimellom om interessa er der…


Her er det Marte som først skulle til å legge sporet, for så seinare gå det på god instruks frå Paul…

Elles har ein stor del av det organiserte hundeNorge vore med på å markere «Hundens dag» i dag 1. juni.

Det er sjølvsagt ikkje alle små hundeklubber og avdelingar som har moglegheit til å organisere og vise til mangfaldet i tillegg til all anna aktivitet, men hundens dag har vore markert over store delar av landet…


Hundane kan gi oss alle eit unikt fellesskapet, gode treningsmiljø, betre fysisk og psykisk helse.


Ein superflink gjeng som følgjer med og lærernår andre skal gå spor…


Håpe du har ein super dag med din hund, og husk alltid å vere ein ansvarlig hundeeigar!!


-Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk, for ei super kurshelg!!

Takk, tusen takk til dåkke alle for ei super kurshelg!! 🤩  Eg har kost meg meg huset fult i flotte «hundefolk» og ikkje minst fått lov å se...