mandag 4. desember 2023

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren.
Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart kullet lagt inn i databasen til NKK og no er kullet godkjent og registrert. 
Når vi er komen så langt, så veit vi at kvalpane har bikka 7 veker!! 

I dag har vi altså vore ein tur til veterinæren i Ålesund og der var alt fint med dei alle 8. Det er ein utrulig herlig, trygg og glad gjeng ♥ Så langt er vi så veldig godt fornøgd med dei, og håpa dei alle vil berike sin komande familie med sin gode energi...

I går søndag var mi gode venninne Barbro og ho som eig faren til dette kullet på besøk, og då blir det både skravling, ein matbit, men ikkje minst gjennomgang av kvalpane og bildetaking.

Vi hadde det så koseleg inne der vi skravla om kvar enkelt kvalp, og det var så vidt vi klarte å forevige alle før himmelen feikk vakre nyansar i det dagslyset slukna...





Ikkje alltid like lett å få fram hundane på bilde så ikkje alle er ytt rettferdigheit...

Så kom katta Kurt hoppande opp på bordet midt innimellom bildetaking av nokre ta kvalpane…

Så ekstremt mykje jobb når ein har eit kull i 8 veker, men dei gir også mykje tilbake når dei er her. 
No er jobben vår snart gjort og vi håpa arbeidet vi har lagt ned er med på å gi kvalpane og dei nye eigarane ein fin start på livet ut i den store verda 
Klem -Anja- 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...