tirsdag 27. desember 2016

Go`bita

Brente mandler


Summer Rocky Road
300 gr. mørk kokesjokolade
200 gr. lys sjokolade
300 gr. blanda nøtter
150 gr. karameler




Sjokoladekarameller
2 dl kremfløte
1 dl sirup 
1 dl sukker
100 gr. kokesjokolade
100 gr. smør

Varm opp fløte, sirup og sukker...rør inn kokesjokoladen og kok det i ca. 20 minutt til det blir tjukt/seigt, rør så inn temperert smør litt etter litt. 
Hell det over på eit pakepapir og kjøl av, skjær opp i passelige firkanta.


Pepperkaker

Eg har ei ganske så fyldig handskreva kokebok med dei beste oppskriftene, men det som gjer ho ekstra fyldig er nok dei mange oppskriftene som fortsatt er på papir og ikkje har fått ei fast side inni boka!...og i år fann eg ikkje den pepperkakeoppskrifta eg har brukt sidan barna var små.
Så då var det berre å ta den som hadde fått si side i boka på side 25 - men litt små endringar er nok lov å gjer...


1 dl. sirup
150 gr. smør
150 gr. sukker (her brukte eg sukrin gold)
1 dl. fløte
1/2 ts. nellik
1/2 ts. ingefær
1/2 ts. pepper
2 ts. kanel
1 ts. bakepulver
400 gr. mjøl

Smelt sirup, sukker og smør - ville gjerne ha herlig lukt i huset så derfor hadde eg i krydderet slik at det fikk ose godt over varmen. Avkjøl blandinga og rør i kremfløta, sikt så inn bakepulveret og det meste av mjølet.
Sett deiga kjølig over natta. Kna deiga smidig og kjevl den ut til ca. 3-4 mm tjukk og stikk ut med ønska figura...

Sett kakene på bakepapirkledd steikeplater og steik dei midt i ovnen 175 grader i ca 10 min.

Amerikanske sukkerkaker
Snapchat kan inspirere og det blei eg av eit bilde av kaker eg fekk tilsendt...så då var det berre å google oppskrift ;)
125 gr. smør
1,25 dl. sweet Stevia (eller 2,5 dl vanlig sukker)
1 ss melk
1 ts vaniljesukker
2 egg 
2 ts bakepulver
1 knisodd salt
5 dl kveitemjøl
farga perlesukker til pynt

Skil egga, visp eggeplommene lett saman og eggekvitane stive.
Bland det tørre.
Rør smør og sukker kvitt, tilsett eggeplommene, melblandinga, mjølk og dei stivpiska eggekvitane. Rør til alt er blanda, og sett deigen kaldt i minst en halvtime.

Kjevle deiga og stikk ut figurar. Ha på steikeplate med bakepapir, og strø på farga perlesukker.
Steik midt i omnen på 180 grader i ca 10 minutter.









mandag 26. desember 2016

Fôrvert

Om vi skal få drive det avlsarbeidet vi ønska...bevaring av våre linjer, få fram funksjonnelle, friske, sunne og herlige familiehundar er vi avhengig av samarbeid. Eg planlegg kombinasjonar for å forhåpentligvis tilføre rasen gode indvid, og derfor er det uaktuelt å legge så mykje arbeid i å få/og ha eit kull utan å ha igjen sjølv.
Å ha eit kull "berre for å ha eit kull" er derfor ikkje aktuelt...Det må vere ein kombinasjon som eg ønskja å behalde frå og som eg kan jobbe vidare med i åra som kjem.
For å kunne ha kombinasjonar er vi avhengig av å kunne samarbeide om deleie eller forvertsavtale for det er ikkje mulig å kunne ha alle hundar heime då det krev for mykje til at vi skal kunne gi kvar hund det den treng. 

Men, ein forvert det er ikkje berre "å få ein gratis hund" det følge forpliktelsar til det slik det gjer om du kjøpe og eig hunden sjølv, men det er klart at det krevst ekstra fordi du MÅ ha kontakt med oppdrettar og eigar og følge dei retningslinjer vi set. Vi er ganske så fleksibel på det meste og kan ta litt sjølv om forvertsskapet fungera!! Vi har ikkje benytta så mykje av dei vi har satt ut forutan Nora der vi har hatt eit fantastisk forhald til husfolket henna som vi set umåtelig stor pris på!!
Litt for nytt er det med dei to siste...men spennande å også kunne samarbeide om ein hannhund!!

Vi forventa at hundane blir teke godt vare på, men også at de følge linjene vi har satt og ikkje minst set de inn i den permen som er sendt med. Samtidig vil vi påpeike at hunden skal vere i fysisk bra form til eikvar tid...ikkje minst forventa vi at de underretta litt korleis det går og skal de teste nye ting så rådfør de gjerne med oss før det blir gjort.
No skriv eg slik at det høyrast ut som eg er "ekstrem" men vil berre understreke at å få ein hund på for ikkje er ein gratis hund som du kan forvalte akkurat slik du vil.
Vi forventa at den går på eit godt for og at de tek godt vare på den.
Ingen ulempe at du har erfaring med hund og gjerne ønska å aktivisere den i ei eller anna grein innan hundesporten.

..
Etter vi no har skremd dei fleste vil vi gjerne finne ein ny forvert til ei av dei herlige jentene vi har i valpekassa no!!..........vi krev ikkje at du stille på utstilling for det vil Anja svært gjerne gjer ;) men at du gir ho ein god heim der du har forståelse for godt hundehald og ikkje minst kva som ligg av tanka bak det vi gjer.
Har du lyst på eit samarbeid med oss så ta gjerne kontakt!!
Så håpa vi at den rette for oss dukka opp :)

Vi ser etter ein forvert og det er ikkje så dumt om du har erfaring av dette tidligere eller at du har drevet aktivt med hund!...

Ha ei fortsatt fin julefeiring ❤️
Klem -Anja-



NB! 2. juledagsdiskusjon her i huset - Kven 
skal ut på for!? Vaksen eller valp? Eg vil jo i bunn og grunn ha alle her, men eg klare å sjå begrensingane 🙈 så til slutt måtte eg berre bryte inn... "kanskje eg kan sette ut meg sjølv!?" ;) ..........då flira dei godt både gubben og mamsen - ingen som vil ha deg på for da!! :))
Her er eg men bilda kan lyge på godt og vondt ;)

mandag 12. desember 2016

Nye valpa glede så sorg

 Tim Are bada her i 14 herlige valpa...
På andre bildet er det fortsatt 13 med oss som no drikke frå baren...

Nye valpa glede så sorg, og så mykje glede!!...
For bikka to veke sidan kom det utrulige 14 valpa her hjå oss, ja og om du lure så kom dei alle frå same tispe!...
Det kom 7 hannar og 7 tisper der fødselen gjekk veldig fint. Sky var så diger siste tida at eg tenke ho sat pris på kvar einaste av dei 14 som kom seg fort ut ;)
Når fødsel er over og roa senka seg så er det ei spesiell stemning i huset...men det skulle gå litt over eit døgn så blei det sorg i huset då vi mista den eine lille guten, han var den minste å den som brukte lengst tid gjennom fødselkanalen som nummer fem, rett etter han kom det to veldig kjapt.
Ikkje alle har livets rett og naturen ordna det ofte sjølv raskt. Men sjølv om vi kun hadde hatt han i eit døgn og her var 13 igjen er det trist å miste nokon. Tim Are er jo så flink med disse små "han må ta vare på familien sin" sa han når ein ville ha han med ut.

Tim Are vise Sky at det ikkje lenger er liv i valpen slik at ho kan slappe av med det når vi tek den vekk...
 Viktig at barna får vere med å ta del på alle sidene ved det å drive oppdrett...
Ein nydelig liten skatt...

Dei var altså to veker på laurdag og vi kan då begynne å senke skuldrane etter dei to første veken...For etter første veke og når ein ser alt går bra så er vi over ei kneik, men onsdag fekk vi ei ny erfaring her!! Då begynte nokon av valpane å spy ja det såg ut som skvell/gulp frå babyar. Dei får kun melk frå Sky så no begynte hovudet å jobbe på spreng kan det vere herpesvirus? eller noko anna "dritt"? Eine tispa blei slapp elles var alle i fin almentilstand, så blei det litt diare og eg klarte ikkje heilt skjønne kva dette kunne vere. Sky blir vaska bak etter kvar gang ho har gjort frå seg, dei andre hundane er isolert frå valpane...
Eg har eit par ganga i løpet av dagane lagt til dei minste først og så bytta, eles har dei alle ftt fri tilgang til "matbaren Sky" - men for å roe nervane mine så la eg meg rett ved kassa på kjøkkengulvet med den eine tispa på brystet og roa meg med at dei mulig hadde spsit for mykje. Torsdag var eg utom veterinæren å snakka med han og ville også konkludere med at mage- og tarmsystemet nok var overbelasta. Herreminhatt trudde aldri eg skulle oppleve det når eg no har det største kullet eg har hatt, men slik er asså stå!! Sky har mengde med melk og ho sjølv stakkar får så mykje mt som eg aldri før har idd ein hund, men ho er såååå tynn...

No har dei så smått begynt å drikke frå "baren" så skal dei strakst få graut og det vil nok lette på det verste trykket til Sky slik at ho får behale litt av næringa si sjølv. 

Vi er altså berika med 13 valpa og gleda oss for å sjå dei vekse opp ♥♥♥
Klem -Anja-

mandag 5. desember 2016

Love Love Love


Love this little girl ♥


...det kan vel aldri bli for mykje "love"!??
Nope, sjølv når ein har ein heil haug av det på kjøkkengolvet. 
Det er Kvasneset sitt L-kull og hadde eigentleg ein del gode namn, men då eg kom inn på dei to som begynte på Love så kom det enda fleire så med det blir ditte no "Love-kullet". Det synest eg passa riktig så bra for Love kan vi aldri få nok av ♥♥♥
Alle disse skjønningane vil heite noko med Kvasneset`s Love så med det ønska eg alle ein løvelig dag...
Klem -Anja-

mandag 21. november 2016

Valpesjuk


For ein herlig gjeng asså!...Nåkken som klare å sjå kven som er "my Bobby Mcgee"!?..

...Har ein del tanka i hovudet og litt å gjer, men klare ikkje konsentrere meg for det er kun tanka på linjer og framtidige kombinasjonar som kvernar!!...
Innom dogweb og laga meg fiktive stamtavler der eg testa ut forskjellige linjer av hannhundar som har falt i smak, nåkken har eg no fått tatt litt ekstra i etter helgas utstilling og andre har eg røska litt i frå før ;) Så var der ein eg skulle bortom i går, men istaden så gjekk eg inn i ringen med ein annan hund (å hjelpes han falt eg så sykt for!! Er ein anna med like linjer eg har sett på tidligere men den brune karamellen smelta meg heilt! Så det må berre bli ein burrito kombinasjon!)...
Skulle tru eg hadde nok med å konse om det kullet som kjem om få daga, men så er det vel kanskje det som gjer at det kvernar igjen.
"Sky" ligg ved føttene mine så stor og diger...eg kan ikkje beskrive kor eg gler meg til valpane er her og eg kan meditere til lyden av små fantastiske skaperverk som skal berike våra liv, og som eg igjen skal få gleda av å kunne overlate til andre etter 8 veker. 

Jula vil i år forhåpentligvis bli iblanda ei litt meir krydra lukt enn elles samtidig som juletreet mest trulig vil få ei utfordring med å halde seg ståande.

Planlegging av Nora sitt neste kull er gjort (ventelista for det kullet er allerde begynt på) så er du interessert der kan det vere lurt å sette seg på lista no...
Så er plnlegging av kombinasjonar litt lengre fram i tid igang!! 


Men først av alt skal vi ta imot valpane til Sky og vi kryssa alt vi har for at det skal gå bra for både ho og valpane!...
Kanskje lettere å sjå Keesha og Bobby her!?...

Set utrulig stor pris på gode ord og fine tilbakemeldingar frå valpekjøpera, oppdretter kollega og andre hundefolk som anbefala folk å kjøpe hund av oss ♥ Eg skal fortsette så godt som eg kan med planlegging av kombinasjonar og prege valpane så godt eg kan slik dei er rusta for eit langt og godt liv...
Ha ein kvernande kveld!
Klem -Anja-

onsdag 16. november 2016

Snopkake med sjokoladekaramell 🌟

Farlig god kake som passa i dei fleste ganar...
Farsdag, klubb og jul...uansett anledning så trur eg denne blir ein sikker vinnar :)

Botnen er enkel og kjapp å hive saman:

100 gr. smør
3 dl sukker
2 egg
2 ts vaniljesukker
5-6 ss kakao
1,5 dl mel

Smelt smør medan du piska saman det andre. Ha bakepair i ei 24 cm rund form, hell røra oppi og steik den på 175 grader i 20 minutter (ikkje steik den form mykje då den blir tørrare)...avkjøl kaka før du har fyllet oppå.

Medan kaka er i omnen kan du begynne på fyllet.
2 dl kremfløte
1 dl sirup 
1 dl sukker
100 gr. kokesjokolade
100 gr. smør

Varm opp fløte, smør og sukker...rør inn kokesjokoladen og kok det i ca. 15-20 minutte til det blir tjukt/seigt, rør så inn temperert smør litt etter litt...

Sett kaka kjølig slik karamellen får stivne...

Server den gjerne med is og heimelaga bærsaus...husk for all del å nyt og gløym kaloritellinga for ei lita stund :)
Klem -Anja-


tirsdag 25. oktober 2016

Hornindalsrokken - WOW faktor!!...

Ein god del av bilda er i små utgåve...trykk på bilda for å få dei større og du kan berre bla med piltastane!!...
Fantastisk å kunne stå på toppen av Rokken å sjå ut Hjørundfjorden og sjå heim...

Det er ein spesiell følelse eg sit med etter ei slik oppleving...Eit par daga etter eg har klart å bestige den markerte toppen lengst der inni Hjørundfjorden som eg skua kvar dag så lenge det er sikt innover, og har hatt så lyst å besøke. Hornindalsrokken 1529 moh!! Den er også omtala som Rokken eller Hønndalsrokken...
Kanskje ikkje så veldig spesielt for mange glade fjellfolk, og ja eg er "fjellfolk" men ikkje alltid like lett å kome seg til topps uansett kor stor lysta er!!
Etter å ha hørt beskrivelsar har eg sagt at eg aldri skulle opp på Jønshornet/Ramoen eller Hornindalsrokken og fleire andre!! For med slik høgdeskrekk er det jaggu ikkje godt å gå på luftige toppar, men så er det å tørre å møte og gjerne utfordre frykta si…å når eg tør å stå opp kvar dag med dei utfordringane smertene gir meg så skulle det berre mangle at eg ikkje skulle tørre å vere på ein litt luftig plass med ei utsikt som ikkje likna noko anna!! 
Det å kome på slike stader å få sjå slikt eit syn gjer noko med ein, og i eit par minutt er eg faktisk smertefri og det er einaste tida eg kan sei at eg ikkje kjenner ei einaste smerte – å for meg som går med store smerter 24/7 er det ubeskrivelig!!
Men det er beklageligvis ikkje same virkninga om eg set meg i eit fly å flyg over sjølv om det er nok så vakkert!!, men nok om det……………………
Etter 4-5 veker med lungeproblem skulle eg få eit litt sykt innfall i slutten av oktober…den flotte hausten og fjellfoten kribla ekstra og i det eg, Cecilie og mamsen går oppover Leirvågfjellet så ser eg innover Hjørundfjorden og sei at på søndag vil eg inn dit blir dåkke med!?...og vips var vi klar for familietur inn dit!! Mannane var med på opplegget så dei skulle ta seg av barna og dei firbeinte etter mi meining uforsvarlig å ta med seg hunda på slike toppa inne ved vatnet for fiske og grilling.
Rokken midt i bildet og den ser du på fleire av bilda frå turen inn til vatnet!...

Fantastisk flott i fjellet og herlig å gå innover, musikk for øyrene når eg spør gubben «ekje det greitt ditte da?» og med sola som snike seg gjennom det lette skydekket og gjer bladverket om til skinnande gull kjem det – «jau det er faktisk veldig deilig når du først he komt deg ut og ikkje minst i slikt ver». Då vi kom inn var det nesten slik at eg hadde lyst å berre vere igjen ilag med dei for det var jaggu koselig med alle på tur!!...


Timmen på veg innover, og Katja tek bilde av hunden sin - skal tru kven ho er lik!? ;) 
 Heile gjengen samla under Rokken for litt mat før damene legg ut på tur...Skaret vi gjekk ser de rett bak og trur dei fulgte oss frå bålplassen...
Men, eg hadde ikkje trengt å kjørt heilt dit for ein slik tur så det var berre til å utfordre seg og begynne klatringa. Eg viste vi skulle klyve ganske så høgt og bratt opp renna før det blei litt «slakkare» så det var berre å gå på!!...
Å klatring vart det omtrent med ein gang, og i første kneika gjekk det eit støt i ryggen på meg slik at eg kvapp skikkelig til med det resultatet at kameraet som eg hadde rundt halsen deisa rett i fjellet og knuste linsa!! Herreminhatt…eg som skifta linse før eg gjekk frå vatnet for den som var på er så sleta at no måtte eg sette på ei ny og bra linse!... Ja, to bilde tok eg med den!!...fordelen med at eg øydela ho akkurat der var at eg var til fjells og det er lite som kan få meg sur då ;) 
Å bratt var det veldig lenge og eg kjende at det her blir ikkje enkelt ned igjen, men eg ville mest fokusere på å nå toppen før eg skulle begynne å gru meg for turen nedover.
For å sei det greitt så er eg glad for at kroppen er vel vand med å gå oppover, pusten var ikkje 100% men då kan ein berre stoppe og drage inn nokre ganga før ein går igjen. Hørte frå ein valpekjøper men eg veit ho er spek så det var ikkje eit mål å klare den tida, men var noko å gå etter 50 minutt - 1 time inn til vatnet og to opp………vi berekna å klare det på maks tre frå vatnet.
Vi var tre sprekingar som gjekk – som regel er det eg som går først men vi starta litt seint (kl. 13.15 frå vatnet) og mamsen var dritredd for å at det skulle bli mørkt før vi kom ned til vatnet igjen så ho «flaug» oppover. Cecilie såg opp og har bestemd seg for at i løpet av dei neste 22 åra skal ho på eit punkt vere i like god form som mamma er no – ja tenkt ho blir 60 år i desember!!
Etter kvart blei det litt tripp trapp oppover…når vi skal utfordre oss sjølve er det litt greitt å få ta det i eige tempo og få puste aleine – men så er eg litt «hønemor» og ville ikkje akkurat forlate turvenen min. Men då vi nærma oss skaret så hørte eg til slutt på ho og gjekk litt frå. 
Oppe frå renna og klar for å ta fatt på siste delen rundt toppen...

Å det var greitt å gå sjølv i snøven der eg sleit med fotfeste og innimellom gjekk gjennom, slike «stikk» er det værste for min rygg så eg blei skikkelig utfordra og skulle mykje heller gått den bratte renne ein gang til enn på snøven. 
Frå skaret skal du runde toppen og gå mot nord og bestige den mot sør…Eg såg to skikkelige sprekingar som «sprang» oppover og dei gjekk opp frå sør!! Eg spurte dei om ikkje det var vel sprekt - «ja det er nå litt luftig» - jaha litt luftig sa han og skite sa eg...
Midtveis tok eg igjen mamsen å då vi stod rett nedfor toppvarden lurte vi på kva i helsike vi gjor på!! Eg fekk ikkje skikkelig feste på snøven, og visste ikkje om eg skulle klare det så då var det berre å lage seg eit lite mål om å kome opp slik eg fekk sett Hjørundfjorden og eventuelt ta ei pause før siste delen. Men pause var unødig for det gav sjølvsagt adrenalin nok til å nå toppen, men litt skummelt med glatt snø på ein så luftig plass med ca. 1000 meter rett ned til høgre!! 
Mamma gjekk først då og sa du må ikkje sjå til høgre…neida skulle fokusere rett ned på føttene mine, men plutselig høre ho eit hyl «e sa du ikkje skulle sjå ned der!» «ja men for søren eg har då SIDESYN!!» hahahahaha…
Då det var  ca ti meter igjen til toppen så såg vi Cecilie nedi den værste sona og steik kor glad eg blei! Etter eg hadde gått å sett bak for å sjå om ho kom og bekymra meg for om ho hadde stoppa så var ho der :) så eg gaula litt forskjellig tull også måtte eg motivere litt – «steik kor bra du e!! Berre litt igjen no så er det såååååå mykje lettare» eller nåkke i den dur ;) Eg visste kor langt det såg ut akkurat der og viktigst å berre kome seg opp til kanten og då var det på ein måte gjort. Seinere kunne ho fortelle at rett før ho såg oss så var ho glad det var skygge og dritkaldt elles hadde ho nok satt seg rett på rumpa å venta...så slettes ikkje dumt å gå seint på hausten. 

Toppen nådd kl. 15.32 og vi så nøgde, men brått kor kaldt det blei!! Så mamma ville berre skive seg inn og gå ned igjen som sjølvsagt var heilt greit medan eg venta på Cecilie…tok bilde og naut utsikta der eg vart kaldare og kaldare...
Usminka sanne meg og faktisk steike nøgde med meg sjølv... 
Er vel ikkje rette plassen å ta bilde og brife for vi er nok samde i at vi ikkje akkurat vise oss frå vår beste side akkurat her ;) Men, det drite vi i!! :))
De skulle ha sett bilde av meg etter ein halv time i blestn på toppen!!...Cecilie la ut eit bilde der det ser ut som eg har fått issvolla på innsida av nasen, raud og forfrosen, ja rosa var eg...og kan forvekslast med ein rosablogg ;)


Litt før fire kom Cecilie med eit stort glis om munnen!! Å ho berre måtte lene seg ut mot kanten og sjå 1000m rett ned for det fikk ho kikk av, og eg fikk litt hetta og blei litt streng vettu ;) Men ho hadde sjølvsagt full kontroll…skulle ta bilde av ho, men hadde problem med å trykke ned knappen for eg var så sinnsykt kald!!... Men eit par bilde av oss fekk vi før vi gjekk frå toppen bikka fire. Alltid værst ned og spesielt når du skal ned ein så luftig topp for det er umulig å ikkje sjå 1000 meter rett ned!...
Her kjem Cecilie oppover og klare du å sjå mamsen der nedi også??...Cecilie i rosa, men mamsen går litt meir i eitt med fjellet i si lilla jakke...
Cecilie øvst også ser du mamsen litt lenger ned...
 Ved det øvste vatnet her er Styggedalen...
Då vi skulle begynne på det bratte snøpartiet datt eg på ræva og fikk ikkje særlig godt feste så eg berre satt og skudde fart…skulle sjølvsagt hatt film der eg fauk nedover snøven på rumpa!! Absolutt beste måten å kome ned der på ;) 
Ein liten rast på kanten av renna før vi gjekk på utfordringa nedover...

Nedover renna gjekk sååååå mykje betre enn frykta, men er litt redd disse to jentene var litt lei av å høre «går det bra med dåkke? Her må dåkke passe dåkke! Her er det litt ekkelt, her må de vere forsiktig, her er det skummelt!» osv. Fikk innimellom ei tilbakemelding om at det var eit godt teikn at dei var stille for dei konsentrerte seg...det var då eg skulle hatt propper med musikk på øyrene slik at eg vart stille ;)
 Til slutt var det sjarmør etappa igjen til bilen og der var vi halv sju…

Ein fantastisk tur som av oss vanlige folk bør ha ein dag og gjerne sommarhavåret før det kjem særlig snø på toppartiet. Det er ein bratt, luftig og krevande tur så ein bør både vere trent og fjellvand for å gå. 

Overraskande nok ikkje ein sår muskel måndag eller i dag!!...At ryggen verka verre nåkken daga det tåle eg for ei slik oppleving. Men nervesmertene i foten skulle eg sjølvsagt ønskt var vekk, men når dei dirra for intenst så ser eg berre ut mot fjella 

Nydelig himmel inni fjorden i dag tidlig så eg sa til gubben «steik sjå kor flott og der har eg vore!» og eg blei blåst av stolen av svaret «ja eg kunna tenkt meg det sjølv eg» !!!...wow det der lova godt for neste år :))


I går spurte Keesha så fint om tur til Leirvågfjellet og eg klarte ikkje sei nei, men i dag skal vi ha ein klatrefri dag…gjer det du ønske ut av dagen, men husk nesten ingenting blir betre av å sitte stille
Klem –Anja-

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...