torsdag 28. mai 2015

Kjøkken - hus for sal...

Lavendel i sinkpotte og ei gamal fransk teboks ved kjøkkenvindauget...


...kjøkken er husets hjarte ♥♥♥
Som de sikkert har fått med dåkke via bloggen, facebook eller nåkke anna så skal vi flytte (i denne lenken ligg det meir info og mange bilde!). For dei av dåkke som lure på om vi skal langt vekk og at eg derfor må legge ned butikken så må eg "skuffe dåkke" ;) For om eg vil innom butikken er det berre å kjøre 12 minutt til den!!... :)

Eg la ut bilder av huset for nåkken daga sidan, og lovde å kome med meir så derfor har eg i dag tatt nåkken bilde av kjøkkenet i hovedetasjen...
Kva er vel betre på kjøkkenet enn eit deilig frukt- og grønnskasfat... 
Den her gir koselig lys i kjøkkenkroken.. Hylle med plass til kokebøker og kanskje flsker med vin eller anna...
Dette bildet er tatt for nåkken månader sidan...

Igjen, om nåkken skulle vere interessert, sjå eller høyre meir, eventuelt sjå nærare på det før det blir lat ut med meklar er det berre å ta kontakt med meg eller Tom på telefon eller mail!!

Tom: 941 54 947 - tom@kvasneset.com
Anja: 900 18 619 - anja@kvasneset.com

I ettermiddag haldt eg meg på kjøkkenet å laga deilig wok...i går var eg "ute på vift" og druste meg sjølv i handa med ei øks. Så tenkte handa måtte få kvile litt i dag med lett matlaging ;)

Håpe igjen at det vekke interessa med nåkken og du må veldig gjerne dele denne lenken med dine venner på facebook!! :)
Ha ein fin kveld!!
Klem -Anja-



lørdag 23. mai 2015

Skal du ha deg einebustad i Langevåg!?

Berre å trykke på bilda for å få dei opp i større format!!


...Ja, då kan kanskje dette vere eit alternativ for deg!?...
Vi har no bestemd oss for ny destinasjon og dermed skal vi legge ut huset våra her i Langevåg for salg.
Det ligg nær sentrum der du finn daglegvarer, apotek, bank, politi og diverse nisjebutikkar forøvrig kort veg til både skule og barnehagar.
Huset ligg høgt i rolig boligområde som har stor tomt og med utsikt til Ålesund og heile Breisundet.
 Veldig glad i denne uteplassen vår der vi kan sitte i badet på kveldane og berre nyte det, herlig sommartida med velduftande blomster rundt...
Akkurat no bære det preg at vi så smått har begynt med opprydding og container har fått plass like ved husveggen ;)

Det er mulighet å lage til for utleige i kjelleren som per i dag inneheld gang med eigen inngangsdør, stor stue, kjøkken, to soverom og bad...
 Stor kjellerstue med vedomn, varmepumpe og varmekabla i alle rom...
 Kjøkkenet er også stort og i tilknytning til det ligg det største soverommet som har utgang til hage. Eit mindre soverom i tilknytning til bad med wc, dusj, vv og vaskemaskin...

Frå det minste rommet då det var nyoppussa i januar 2014, men blir no nytta som kontor...

I hovedetasjen er ein liten gang, stue, kjøkken, bad og eit soverom, det er utgang til stor terrasse på både stue og soverom, i tillegg er det utgang frå bad til luftebalkong.
 For nåkken år sidan tok vi vekk veggen mellom stua og kjøkkenet. Etter det blir det ofte litt ommøblering ;)
 Stort soverom med str skyvedørsgarderobe, der er skyvedør ut til veranda...
 Stort flislagt bad med dusj og stort hjørneboblebad, plass til vaskeaskin og tørketrommel...

Trappa opp til 3 etg...

Øvste etasje har du trappegang, tre soverom og eit klesrom/oppbevaringsrom.
 Trappegangen i 3 etg...

Dette er det minste soverommet med inngang til klerom...
 Det er eit romslig rom som vi har nytta både til barnerom og kontor...Det andre store har utgang til ein luftebalkong og for tida er det utterom med ein del bila utover så bilde kjem seinare ;) Men, det er same oppussingsplater på veggane og laminat på gulvet.


I 4 etg. er det loft med god høgde for oppbevaring...

Om nåkken skulle vere interessert, sjå eller høyre meir, eventuelt sjå nærare på det før det blir lat ut med meklar er det berre å ta kontakt med meg eller Tom på telefon eller mail!!

Tom: 941 54 947 - tom@kvasneset.com
Anja: 900 18 619 - anja@kvasneset.com

Vi går ei spennande tid i møte der vi både skal rydde og tømme hus, men ikkje minst det å skulle starte på nytt hus og akkurat det er det vanskelig å vente...hovudet er full av idear :)
 Hahaha...berre for å vise kva hus det er så tok eg eit bilde eg fann via heimesida vår, og dette er vel ca 9 år sidan ;)

Håper det vekker interessa med nåkken og du må veldig gjerne dele denne lenken med dine venner på facebook!! :)
Ha ein herlig dag!!
Klem -Anja-

Sula kommune vakn opp!!...

Kjenne eg blir litt provosert for vi snakka om kommunesamanslåing og at Sula kommune har stor arbeidspendling ut av kommuna og for lite næring sjølv. Ja, då må våre folk i kommuna ta henda ut av lomma å begynne å gjer nåkke!
For no har vi enda (mange fleire tidligare som ikkje fekk plass til å vekse) ei bedrift som vil vekse og vil fortsette med det, også klare "vi" ikkje gi dei rom til det og dermed reise dei til Ålesund dei også!!...

Det her blir berre for dumt å sitte å lese om utan å sei nåkke!! Vi må begynne å ta vare på dei som vil skape noko her i kommuna slik at det ikkje berre blir spøkelse igjen!...
Kjøp Sulaposten i dag så får du lest heile innlegget!!...

Vi kan faktisk klare oss på eigne bein om vi passa på å gjer ting i rett rekkefølge og her er det nåkken som har sove i salen, kommunestyret må vel sjå at vi er avhengig at her er bedrifter i Sula!?
Håpe inderlig at de laga rom for å drive og ikkje minst la dei bedriftene som har ønske om å utvikle seg i kommunen få mulighet til det...

Sula kommune har vore og er i vekst, og det er no enda større mulighet for å drive næring her. Så eg håpe næringane veks ilag med innbyggjartalet!! Samtidig må vi som bur her vere flinke å bruke dei bedriftene som er i kommuna framfor å "handle" utanfor.

No har eg igjen vore litt ufornuftig og støkke nasen borti ting eg ikkje har meg å gjer, men jaggu kjekt å ytre litt meiningar :) 
Ha ei fornuftig pinse...
-Anja-

torsdag 21. mai 2015

Næringslokale til salgs!!

Eg har nemd det før og delte igjen prospektet til meklaren på facebooksida til Gavehuset og fekk då mange spørsmål om eg skulle legge ned igjen!? Lokalet blei lagt ut med meklar for snart eit år sidan og der har det lagt heile tida...
Vi hadde fleire interesse for lokalet då eg la ned i 2013, men vi hadde då avtale om utleige med tanke for kjøp. Ting blei vanskelig etter røyktuviklinga der og forståelig vanskelig å drive. 
Då det ikkje lenger var leigetakera med oss la vi det ut for sal. Vi har hatt fleire interesse for å leige, men dette er absolutt ikkje mitt område og derfor er det kun mulig ved eventuelt ny eigar. 
Eg sa til meklaren at eg heller skal selge litt under takst enn å begynne å tulle med utleige sjølv.

Eg nytta i dag kun litt under halve lokalet og klart er det dumt at Langevåg sentrum sitt "beste" lokale står halvtomt...
Å eg tenke det kunne vore så masse her og mykje av det kunne eg tenke meg å starte sjølv!! :) Behandlingslokale (kiropraktor treng vi, gjerne alternativt etc.), fotostudio og butikk, kontor av eit slag, før tenkte eg kafe men no håpe vi det er på stell i gata her ;) men mulighetane er mange berre ein har ideane...
Steik kor eg kosa meg i denne lille hula ♥ berre så dumt at eg ikkje kan vere der så masse som eg ønska!
 Bilda her tok eg før eg opna i November 2014...Ikkje vanskelig å sjå at ein butikk endra seg fort og ikkje minst fyllast med varer ;)
Det er derfor kanskje berre å håpe at det kjem nåkken inn som har betre greie på slikt slik at det blir masse "liv" i gata igjen :) Eller kanskje er det nåkken som ser for seg å kjøpe lokale og starte opp ny drift av eit kvart slag...

Fleire har spurt om ikkje eg kunne begynne på igjen med leiker etc. Men, eg har knapt helse til det eg drive i dag så då kan eg ikkje utvide meir foreløpig.
 På slike stader treng oss små, koselige og innbydande nisjebedrifter med god atmosfære!!
Eg meina det er nok av senter, kjedebutikkar, mas og jag overalt så la oss også få behalde det intime og unike her i Langevåg...

Eg trur vi kan ha behov for mykje meir enn det vi har her i dag...det er berre å finne på det og tørre ;)
Ha ein fantastisk dag!!
Klem -Anja-

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...