Vi tenkjer vel alle at det kunne vore greitt å gå litt meir i Jotunheimen - og kva er vel då betre enn å kombinere det med musikk!!?
Eg har vore innom tanken å gå denne turen før. Difor var det ein tur vi snakka om då vi planla turen til den fyrste utgåva av «Tons til Fjells». Etter kvart såg vi at det var eit innhaldsrikt program denne helga, og det var klart vi måtte nytte høve til å ta denne turen saman med ein kjentmann når vi først hadde moglegheit.
Thorbjørn var kjentmann frå DNT. Han delte mykje fin informasjon og passa på at vi tok nokre gode pauser undervegs. Sidan vi var fleire som ønska å ta turen, vart også Lea med som turleiar. Samla sett var vi ein gjeng på ni flotte folk på tur, og vi hadde det verkeleg supert!! :)
Rundturen til Knutshøe via Leirungdalen var kjempefin og gjekk i greitt terreng. Men turen er lang, for «heimvegen» er faktisk er lengre enn turen opp til sjølve toppen. Det er uansett flott å få med seg heile rundturen, og eg vil absolutt tilrå å gå opp fyrst, sjølv om turen tilbake langs elva vart dryg.
Det er nemleg eit klyveparti der som eg ikkje ville ha likt å gå ned att. Då vi kom bort til «veggen» som møtte oss, vart eg faktisk litt svimmel i det eg såg opp. Men heldigvis var det gode tak og heilt greitt å klyve opp - så det såg heldigvis verre ut enn det var! ;)
Her kjem nokre bilete som viser kor steike vakkert det var på veg oppover... Eg må berre innrømme at tårene kom då eg kom oppi der og fekk sjå den vakre, fargerike paletten for første gong - og det, det vart starten på ei særs rørande helg...
Trykk på bileta for å få dei større.
.JPG)
Dagen starta frå hytta til foreldra våre i Uksfossen ved Tesse, og Rasmus veldig klar for å vere på hytta med besten og besten...
Ved starten ser eigentleg Knutshøe ganske så liten ut...
Fjellmarikåpe som fleire stadar hadde godt feste i dei harde, vakre og sterke fjella...
Akkurat her var eg glad vi måtte gå opp og ikkje ned!! Kjæresten min tok ein liten kamp i starten av denne veggen her - som resulterte i at eg slapp å gå opp utan sekk på ryggen...
Det vart gode tekniske stopp undervegs, med spennande informasjon om både fjell og flora. I sekken hadde vi med oss mykje godt – og ikkje minst fyrstekake, som gav perfekt energi til ein lang dag i fjellet...
Bileta av meg og Kristian er teken av Stig...
Utruleg å sjå alt som veks i fjellet så høgt oppe.
Vakkert er det å sjå dei blå klokkene som står der høgt oppe under ei lita steinhytte, kanskje i le for det verste vêret.
Med sine tynne stilkar og fine blå blomar står dei i kontrast til dei massive fjella.
Bileta av oss fire er teken av turleiar Lea...
«SØSTRA MI»
Litt lengre og større enn det ser ut i starten...
Det vart nokre omvegar på veg ned då hoppet til neste trinn ikkje skulle bli for stort – sikrare det enn å risikere eit solid mageplask! Vi landa alle trygt og heldt fram med å manøvrere oss nedover mot fossen og bort langs elva.
Turen til Knutshøe med rundtur via Leirungdalen vart ein fin tur i greitt terreng – men lang, då «heimvegen» faktisk er lengre enn turen til toppen. Det var fint å få med seg rundturen, og det må seiast at eg ville gått opp først, sjølv om heimturen langs elva var lang. Der var det eit klyveparti som eg ikkje heilt kunne tenkt meg å gå ned. Då vi kom bort til «veggen» som møtte oss, vart eg litt svimmel i det eg såg opp, men det var gode tak og heilt greitt å klyve opp – så det såg altså verre ut enn det var! ;)
Ein utruleg fin tur og ein fantastisk start på ei magisk helg! Formiddagsbiletet av Knutshøe tok eg kl. 10.09, rundt 15-20 minutt før vi starta. Det siste biletet vart teke kl. 17.20, så vi var ute i fjellet i omlag 7 timar.
På denne turen har eg smilt, felt tårer, prata og flira – og ikkje minst hatt ei herleg tid både med nokre av mine kjære og nye, fine bekjentskap!
Ekstra moro var det etter turen å høyre kva Irja og Stig hadde sagt til kvarandre då folk kanskje byrja å bli møre i beina og lengta etter bilen på slutten: «Er det framleis Anja som går der bak og tyt!?»
Kuntshøe i godt selskap - Herleg og kan verkeleg anbefalast ♥
Klem -Anja-
Vi hadde ikkje gått lenge før vi såg eit skilt om bandtvang – eit ganske alvorleg eitt.
Så difor må eg kome med litt vaksenkjeft til 5-6 godt vaksne folk som satt på oransje vestar på hundane ved parkeringa.
Heldigvis kan vi som har retrievere klarer å sleppe hunden akkurat når vi har behov for det. Dei held seg stort sett rundt beina våre og går fint imellom oss, retrieverane er stort sett slik så det kunne eg gjort.
MEN, dei som let ståande fuglehundar springe laus i fjellet der det er hekkande kongeørn, har eg null respekt for! Vi alle såg kor dei flaug i fjellet for ein hund som eventuelt går i langline, spring ikkje på den måten.
Eg burde ha lese skiltet betre før eg gjekk, for der står det at eg burde ringt politiet...Will do next time!!