søndag 28. juli 2013

Lørdagskyling...

Ikkje heilt kvardagsmat men godt ein gang inni mellom. Min kjære mann kan bli litt lei av kylling men det er favoritten til resten av gjengen i huset.

Brun kyllingen i steikepanna, snitt den på langs og legge inn kryddersmør og kvitløks smør, surre den så med skinke...som regel brukar eg serranoskinke men i går blei det fenalår.
Steiker det så i langpanne på 200 grader i ca 30 min.

Amadinepoteter vaskast og skjerast i båtar, godt med olje oliven, raps eller kva ein måtte ønske, salt pepper og deilig frisk timian og basilikum. Settast ilag med kyllingen (eller litt før) omnen og ristast innimellom.

Deilige grønsaker vaskast og kuttast opp og wokka det til det er akkurat passe friskt og litt knasande...Her har eg brukt gulrøter, brokkoli, blomkål, paprika og løk...

Sausen er verkeleg prikken over ièn her :)  Koker opp 3 dl. med matfløte og ca. 2 ts med maisenna, når det er kokt i har eg i ein goood klatt med meierismør, massevis av god steikesky av kyllingen og til slutt smake til med nykverna salt og pepper, om man ønsker tilsette man litt meir smør...
Må tilpasse salt i sausen alt etter kva du har surra kyllingen med så det kan vere greit å tilsette steikeskya først og salte etter behov.


Håpe det frista!...
Klem -Anja-

Matbloggtoppen

fredag 26. juli 2013

Kva har ho føre seg no!?...

...ein kan godt både lure og spørre innimellom, men for eit par daga sidan var det ikkje så gale ;)
Eg har for tida gått over til be planting i krukker og ville gjerne ha nåkken nye, men har ikkje funne dei som eg ser for meg verken med leverandørar eller i andre butikkar.
Har lenge tenkt på berre å lage meg nåkken så då blei det med det...henta meg nåkken plastbøtter på butikken - både med oss på Gavehuset eller andre blomsterbutikkar kan du hente deg slike bøtter om du vil.
Vakre roser frå David Austin må få seg ny krukke...
Enkelt og greitt...ei bøtte i ønska størrelse, ein drill for å lage nåkken hull, lecakuler, legg ein planteduk over lecakulene og opp langs kanten på bøtta, ha oppi ei god blomsterjord og vatne plantane godt!...
Etter planten er på plass eg syns det er best i den rekkefølgja, men det finne du sjølv ut så klippe eg ønska størrelse med strie...legge den litt lag på lag og litt ujamn, så ein god tjukk tråd å surr rundt, vips så har du ei ny tøff blomsterpotte!.. :)
Syns ikkje dei blei så dum disse asså...
Alle blir litt forskjellig og fint å sette dei i grupper med forskjellige potter...
eg laga også til nåkken som var litt mindre som eg satt ein sitronpelargonia i ei lita potte slik at det er lett å ta den inn til hausten...
Her har eg satt eit par heimelaga potter saman med krukker av gummi, sink og sement...
Ved sidan David Austin rosa med heimelaga potte står ei sementkrukke med spanske margeritter...
Dei gjer seg godt dei forskjellige pottene og fint å lage små miljø rundt husveggen der det stort sett flyter med leiker etc. Har funne ut at det må berre få flyte litt eller blir ein småtufs av å gå å rydde eller terpe på rydding - la oss heller berre nyte sommern...

Roser er berre så vakre ♥♥♥ ei med dei mest fantastiske rosatonane har vi på hytta - skreiv i sist innlegg at det er ein rosa draum og det er det så lenge du ikkje stiftar bekjentskap med alle dei fæle tornene ;)  Såg du den ikkje? Sjekk den ut ved å trykke på linken...

Herlig å få kunne klare å gjer litt sjølv om det kun er småting som kanskje ikkje må gjerast...Men hjelp til bæring av jord og pottene må eg nok ha av min kjære ♥♥♥ men om det falt i smak med deg så kanskje klarer du det heilt aleine...
Ha ein potterik dag ♥

Klem -Anja-

torsdag 25. juli 2013

Pink Grootendorst ♥ rosa draum

Vakre roser med forskjellige rosatoner...
 
...Har begynt så smått å plante igjen i hagen på hytta. I og med vi ikkje er der så ofte å få passa på er det litt vanskelig å få til ting som eg vil...har prøvde meg litt fram og tilbake, nåkke dauda og andre ting overlever, utrulig nok har alle rododendronane overlevd og blomstra visst fint i mai :) Hyttenaboen sa dei blomstra fint og eg gleda meg allereie til vårreingjering i mai neste år!!...Vi skulle tatt turen no i mai, men helsa mi strakk ikkje til og eg klarte rett og slett ikkje å køyre den turen i mai i år... :( 
Det er godt ein har håpet på at neste år blir alt bedre - utan håpet (og trua) hadde eg vel aldri stått oppreist ;)


Men, som sagt har eg så smått begynt å plante igjen...det blei satt ned fleire lavendel i håp om at dei skal overleve denne gang, en heil haug med muscari laukar, hortensia og roser :)
Den eg likte aller best var pink grootendorst som fikk ein fin plass ved kjellerinngangen - her har sjølvsagt Tom planer om ein terrasse men då får vi ramme rosa fint inn - ta den opp igjen er heilt utelukka ;)


 Den står så fint og lunt å blomstra i sola, lekkert med det grønne bak og du ser rosene frå inngangen til kjellaren...Håper den står fint og overlever der i vinter...
Er den ikkje vakker ve!?...
 
 
Neste innlegg får nåkken roser seg nye potter/krukker...så kom gjerne innom igjen i morra ;)
Ha ein fleirtona dag ♥♥♥
Klem -Anja-

tirsdag 23. juli 2013

Sjarmerande skatt

Ein herlig morgon når ei får sjå sin lille gut holde godt rundt pappaen sin mens dei søve ♥♥♥

...på akkurat sitt sjarmerande, gamle, slitte, lille og heilt seg sjølv, jepp ein liten skatt i skauen ja, det er heilt rett - hytta vår i Laupet på Drolsum ved Vikersund eg snakkar om...
Den lille hytta har dei siste åra fått litt nye fargar på tak, veggar og golv greitt å få det lyst og gjere litt om...Er så fornøgd med å få det lyst så skal vi endre litt meir etterkvart, men er aller mest nøgd med mitt nye og rustikke kjøkken og då spesielt kjøkkenbenken som vi kan sitte å nyte ein deilig kopp kaffi på morrakvisten ♥ Gleder meg alltid til å finne på litt nytt her nede og er klar til å gjere ein liten innsats med hagen og ikkje minst eit etterlengta anneks eller som vi no snakka om å bygge på to soverom og utvide badet litt...kven veit?? Vi får berre sjå det an...

Her er veffal nåkken bilder som eg la ut på instagram frå hytta vår i ferien...
 
 Katja på terrassen der vi kosa oss med masse puter og tepper, her hadde vi også grill piknik ein dag...
Når vi først er utandørs kan dåkke få sjå litt av dei forskjellige blomstrane som er rundt om på marka...
 Stemningsbilde frå den kvelden vi hadde hatt storreigjering og barna sitter her med kvar sitt fotbad og det er derfor dei sitter så rett! ;)
Her er kjøkkenbordet med det store sikringsskapet som eg la tekst på slik det ikkje var så usjarmerande, under ser du favorttbenken min!!... Barna på stua og bildet under er det senga vår og til slutt blomster og lys på spisestuebordet...
Litt småprosjekt må til og då ting som eg klarer for tda og då blei det beising av nåkken nye hyller og ikkje minst sitte i sola og strikke ei megapute, deilig og god blei den men steike så hett å ha å fanget i sola for det blei meir som eit ullteppe... 
Så til slutt blei det vasking av hytte og sengklede før vi låste av for denne gang...eg har aldri hatt så lite lyst å reise heim og vil så gjerne tilbake snart!!...men då skal telefonen slåas av!!...
 
 
Sola stråla på Sunnmøre i dag også så då er det vel på tide å komme seg ut å nyte dagen og pussle med litt småting...Håper du har ein solrik dag der du er ♥Klem -Anja-


mandag 22. juli 2013

Soldag ♥

 Meg og min kjære mann ♥ kjæresta i over 19 år...
 
Så utrulig deilig med strålande sol her på Sunnmøre…Tenkte å finne fram litt bilder frå dataen, men dagen har ikkje berre vore fylt med sol men mange oppgåver. Det begynte med nåkken tima i underetasjen med ein sjuke svigerfar, litt ut for å sjekke til sola og litt plenklipping. Møte på sjukehuset med svigermor og besøk hos ho der vi satt på verandaen i sola :)

Vel tilbake etter ei lang tid begynte eg med plenklipping igjen…om man legg to og to saman så skal man ikkje vere så veldig glup for å skjønne at kroppen min er heilt kaputt no!!...så då er det berre å ta med seg eit blad i seng og prøve å få roa ned skråtten og opp til ein ny og herlig dag i morra!! :)

Men har fleire instagrambilder å vise dåkke…
Her har vi Sky ved tjernet, blåbærplukking i skauen og Timmen som får hilse på Fjordingen Rosa...
Sykkelturer måtte til og papsen tok i år igjen fram den gamle nostalgiske sykkelen sin...sjølvlakkert for maaaange år sidan og i sin pure ungdom var også han opptatt av hjerter ♥
Skjønneste Timmen vår...som stor dyre elsker passa han på at naboens grisa fekk godt med mat, pleie og litt kos kvar dag... 
 
Håper du liker litt av bilda mine, så kjem det fleire om ikkje lenge...
 
No er kroppen min igjen full av sterke smerter, men det er godt å få bidra litt og kjenne at man lever!! ;)  Så tek fram bildet eg la ut dagen etter vi kom heim, då eg låg på sofaen med store smerter og ein hund som passa på meg med ein pote i ansiktet ♥♥♥ natta...
 
 

søndag 21. juli 2013

Sommarminne frå instagram ♥

Bilde frå Svarterudtjernet like ovanfor hytta vår...
 
Det har igjen blitt massevis av bilder frå tur og vil dele ein del av dei her med dåkke etterkvart…men først kan eg dele nåkken frå instagram, for der har eg lagt ut ein god del i løpet av den siste tida ;) Nesten så eg har blitt «hekta» eg har jo alltid vore glad i å ta bilde og no har eg begynt å bruke telefonen til bildetaking også og med det kan eg lett og fort dele bilder på instagram!!

Legg gjerne ein tur innom vakre Blaafarveverket med den herlige atmosfæra, dyr, god mat...
 
To eventyrlege dagar i Dyreparken i Kristiansand!!...
 Skjønneste Katja vår...
Her har vi jo sjølvaste Kaptein Sabeltann og den sorte dame...
 
Kva med ein herlig, rolig og avslappa dag blant flotte dyr, herlig natur og blanda lukter i Bjørneparken i Flå!!...Her fårdu ein fin dag du minnast lenge...
 

Ønskjer du å følgje meg der er det berre å legge meg til på anjasskatter på instagram, kjekt om du vil følje meg der og håper eg kan gi deg litt inspirasjon eller berre glede av å sjå vakre blomster, dyr, rare ting eller herlige barn ♥♥♥

Ha ein fredelig søndagskveld ♥♥♥
Klem -Anja-

onsdag 10. juli 2013

Sommar på jorda!..


...Det er vel akkurat det som er no!! Vi er på hytta ved Vikersund og har tidenes sommerver vi har jo hatt regnevekksommera dei tre siste så vi takka og bukka for kvar ein solstråle :)
Bloggen hadde eg ingen plana om å oppdatere i dag, men så var eg innom NIB og etter piknikken her utanfor døra tenkte eg at det ikkje skada med nåkken bilder.
Den gode uteplassen har vi nok heime på Sunnmøre sjølv om det var her på hytta som klimaet er bedre den skulle ha vore...Det er sjølvsagt uterom her også, men vi har ikkje komt oss så langt med "fiksinga" av det enda. Men på sommaren kjem den gamle sykkelen fram, markblomster i spann, tepper og litt puter ute, liten piknikken blei det i dag...





Ha ein fin kveld...
Klem -Anja-

fredag 5. juli 2013

Reisefeber...

Litt bilder frå Instagram...
Kirsebær#mai#Sunnmøre#blomster#the next best thing in the world...Ha ein herlig julidag ♥ "Gir meg sjølv" herlige kirsebær frå hagen til ho mor og han far i bryllupsdagsgave#gratulerer med 14 år i dag kjære
Min herlige#omtenksame#skatt ♥kjeme med te og moreller når mamsen ligge...
Mille#svele#snart#ferie...Mille passa på at det ikkje kjem hår i svelene ;) ein favoritt blant fleire så steiker svele til dei på jobben og svigerfar før vi reiser på hytta i morra
 
Utrulig nok går det an å ha reisefeber sjølv om ein berre skal på hytta!!...Er sååååå klar for å komme oss litt vekk og få herlig familietid ♥♥♥
Det har ikkje vært og blir sikkert ikkje så masse blogging som eg hadde håpa på, men eg er på Instagram og vil der dele bilder med dei som følgjer meg der ;)



Du finn meg altså på instagram under anjasskatter og du er velkommen til å følgje meg!!...

 

 Markblomster#på veg til barnehagen#sykkel#regn#friskt#sommer på Sunnmøre
      #Starten på ein nydelig dag, må dele bilde av ein herlig gut #17.mai#gut#bunad#berg#hurtigruta#Sunnmøre#vakre#fjell#og#fjord Snart tid for ferie og tur på hytta #Vikersund#
 Fin kveldstur med tre små ved mi side Papillon#3generasjonar#Wimsen#Tutta#Mille
 Bade#glede#båt#fart#spenning#nyte#sommern#store#små
 Fjelltur#barna#lillesøster#hunder#stoooooorGLEDE#love#it#lååååke#men#godt

Tusen takk jenter for ein fin kveld!! Hatt ein koselig klubbkveld med kjekke jenter, fin prat og god latter... levendelys#lavendel#roser#minJosefine#LeneBjerre#LoveIsGreen# @nomistyle
 

Glam#pumps#solbriller#sjal#hansker#søtnos#tross alt berre 9 år!!...
 
Det blir tur til hytta ved Vikersund, eit planlagt stopp på Hunderfossen på veg nedover så er det rett på hytta for familiekos og avslapping, føler at det skal bli godt og gleda meg til vi er framme…

Vi har liksom vært såååå klar i god tid og regna med at nkke må gå på tverke, har ikkje før sagt det før vi ser blodet flyte utover og det renne i strie strømmar…Bajas har kutta seg rett «under/bak» ei klo og den har løssna, kloa er langt ute men verre er det med kuttet. Han går på medisinar men no måtte vi til med bandasjering og krage, den gamle herren er ikkje særlig begeistra for den kragen, men det går seg nok ti ;) No er det berre å brette opp armane og vaske opp i «krigssona»…sååå er vi klare for nåkken tima i senga og så tur!..
 
Ønskjer dåkke alle ein herlig sommar og fin ferie!!
Håpe dåkke likte litt av mine instagrambilder ♥♥♥

Klem -Anja-

torsdag 4. juli 2013

Det grøne arket...

Eg fann eit ark……ja det kan kallast det eit slags avreve greier som eg har kladda på. Det skulle sikkert vere nåkken ord som eg skulle seie i disputasen til mi kjære søster, men det blei med tanken og eit krølla papir...– trur det var like så greitt med tanke på «tilstanden» min den gang…og innimellom no også. Halvannan månad etter eg tok første ryggoperasjon blei jo då enda vere i ryggen enn før og i tillegg store nervesmerter i høgrefoten!! Reisa i seg sjølv var rein tortur og haude var nok ikkje heilt i balanse med store dosar smertestillande…
På den krølla «lappen» med grøn bakside, for å gjere det forståelig har eg skreve opp det som var på den grønne lappen og strøke over kommentar til punkta mine ;)
Ja, ja så va vi her…vakkje tenkt å sei nåkke, va litt fram og tilbake heilt til no…bokstavelig talt heilt til NO over to år etter!..
- Grunnen: Jo, vi Roiha jentene e så sentimentale. DET, det er vi faktisk, kan jo begynne å grine berre av å tenke på at det kjem nåkke eg kan grine av ;)
- Som nåkken var inne på så hekkje vi i familien greie på ditte akademiske…men at Irja har gjort eit stort stykke arbeid e vi overbevist om. Vi er fem søsken der kun ein av oss har gådd meir enn tre år på skule etter ungdomsskulen, det sei vel sitt...

* Irja:    - Låg i senga å spiste frosne jordbær og las Sagaen om Isfolket. Dag ut og dag inn kunne ho ligge å lese disse bøkene, eg var så lei av berre sjå ho lese dei at eg aldri har begynt sjølv. Med fryseren ikkje langt unna fikk ho gnafse i seg frossen bær og legge bollar til tining på panelovnen ;)
                - Fikk søster til å gjer ting for seg etc.
Jauda, rydding etc. måtte til for å hjelpe lesehesten med å halde litt orden rundt seg...


* Røros på 50 årsdagen til papsen; Ej e jo akademiker ej. Det slengte ho ut i ein luftig kommentar, nåkken tok spøken andre dei blei nærmast lamslått...Hahaha men den har vi brukt imot ho nåkken ganga ;)


* Disputasen i dag var laaaang.­
- Spørsmål frå salen. Kven stiller vel spørsmål etter eit så langt og innhaldsrikt foredrag!? Joda, ei som er mentalt i dvale» og festa seg ved ei setning…Blir flau berre eg tenker på det!...
- Kan ikkje larvane spise lengre enn til dei e mett!?
Som hundemenneske (og hest) kan jo disse dyra forspise seg med fatale utfall...så nåkken forståing for det med larvane hadde ej ikkje den gang...


 
* Flyturen va lang. Nyoperert med dei komplikasjonane eg hadde måtte eg korte ned turen til Bergen med å ta fly, Jauda tåke på Flesland og dermed tur til Sola og derifra buss til Bergen...Det sei vel sitt at det var ein minnerik tur!! Hadde fleire eg kjente i bussen og deira bekymring for situasjonen min varma meg endå...

* Hurtigruteturen va lang og den slo. «Nåkken drite og andre spyr» (Hunden heime og mamma på bøljan blå)… Mamma og pappa tok bilen med på Hurtigruta nedover, DET var vel ikkje så lurt...mamma hadde utsikta rett i dassen heile vegen og lugaren fikk dei ha heilt til dei var i havn. Heim passa lillesøster hunden og den fekk dårlig mage berre på tanken av å vere aleine med ho ;)




Det var det på den grønne lappen, som skulle seiast for snart to og eit halvt år sidan...
I dag har du ein heilt vanlig bursdag... 36 år, trebarnsmamma på litt under fire år, innimellom der høggravid med nummer to fekk du doktorgraden din!! Unik og heilt deg sjølv ♥♥♥ Kjempe glad i deg søstra mi...



GRATULERER med dagen og måtte den bli super ♥♥♥
Klem -Anja-


 

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...