lørdag 28. april 2012

Jentene på shopping...

I dag var det en rolig dag ved bassenget og i området rundt  her…Mot kveldinga ville Katja gjerne på ei lita shopping runde med kun mamsen ;))

Vi tok ein taxi til sentrum og fann litt forskjellig, Katja liker å gå i bodene å prøve å prute, «Nei mamma, det e alt for dyrt få det lengre ned»  ;)))  Det gikk best når Katja gjor det sjølv. Så fann ho ei som lagde/pynta forskjellige ting og Katja fikk ho til å laga ei fin mobilveske, det var mange som ville ha akkurat den, men den va Katja si ;))
Katja ventar på mobilveska si ;))
Her laga ho den...
Vi gjekk langs gata og kjente ei god lukt vi lurte lenge på om vi turde å prøve, men det måtte vi…Banana pencake var jo godt det!! Vi kjøpte med oss pizza heim til oss alle...
Mmmmmm deilig Banana pencake...


Ein koselig kveld for jentene er over...
Klem -Anja-

fredag 13. april 2012

Tur til Ko Lan

Båten venta på oss ved Jomtien beach...
I dag blei det ein flott tur med båt til Ko Lan, eit lite stopp før stranda der Tom fikk prøve å skyte med masse forskjellige dingsa som pistol, revolver, pumpehagle, sniper etc…
Fantastisk (kanskje eit oppbrukt ord for ei stund) dag med bading, leiking på stranda, litt soling og ikkje minst første gangs snorkling...
Katja og Timmen handlar seg Cola...
Fleire bilder frå snorklinga i forige innlegg...
No skal vi tilbake til fastlandet...
Vi har som vanlig ikkje før komt heim før Tim og Katja er i bassenget igjen. Så for vi på litt shopping der Katja og Tom prøvde fiskane og avslutta med ein italiensk pizza til kvelds ;))
Katja syns ditte va deilig så ho kunne tenke seg å gjere det ein gang til ...Tom he prøvd det og aldri meir, han har så tynn hund at dei spiste seg gjennom, jaja nåkke må nå skje med oss når vi e på tur ;))

Håper alle dåkke heime har det bra, skal bli kjekt å sjå dåkke igjen  
Klem -Anja-

torsdag 12. april 2012

Snorkling på Ko Lan...

Ej har vel aldri snorkla før men ein gang må vere den første med alt…så ej kjøpte meg «utstyr» og prøvde. Fleire russera prøvde å sei nåkke til meg som ej overhode ikkje forstod anna enn at det var nåkke svart piggete greier.
Prøvde litt men var veldig usikker, heilt til ej traff en koselig canadiar, han kunne fortelje meg litt og det resulterte i at ej fekk sjå masse og det var ein utrulig opplevelse.
Dei som var på land prøvde å følgje med meg, men det var visst ikkje så lett då ej ikkje var masse synlig.
Skrapa meg opp på korallane då ej fleire ganga søkte ly der for båta og vannskutera...jaja Anja på tur aleine då er det ein del som kan skje ;)))
Ej var så heldig å få låne undervanns kameraet til min kjære bror Narve  Alt var nytt på denne undervannsturen så resultatet vart nåkk ikkje fullt så bra, men vil likevel dele litt med dåkke…

Ein piggete russer...

Håpe dåkke likte veffal litt av turen...
Eventyrlig helsing frå Ko Lan…
Klem -Anja-

Påska over for i år

...men ikkje heilt for oss enda ;)
Vi skal kose oss her i nåkken daga til, vi har savna heime men no når vi har under ei veke igjen begynne vi å tenke om det e nåkke vi skulla gjort som vi ikkje he gjort.
I dag gjekk masse av tida til venting (men det nytta vi til bading ;)) Bombe!!) Vi venta på vaskedamene og igjen nåkken som måtte fikse aircondition. Vi kunne sjølvsagt reist men syns det er greitt å vere her når dei er her...
Jomtien Beach...


Så tok vi taxi til tårnet, men der var sjølvsagt ikkje serveringa begynt enda, så då tek oss kanskje igjen det ein annan dag (No he vi då hørt at maten ikkje e så god der likevel, så då får vi spise først og evetuelt berre ta en tur opp!)...



Etter fleire taxi og tuktk sjåføra som ikkje ante kor vi skulle kom det ei dame i tuktuk, ho kjørte oss til New Nordic som forklarte kor Linda`s var, kjørte oss dit og vi fikk telefonnummeret henna.
Etter middag rusla vi ned til stranda og sjekka forholda der, så ringte vi til ho og ho var der på 5 min. :)) 

Etter ordre "from Mr Boss him self" måtte ej ta bilde av ein bossbil, her sorterte dei deler av avfallet når dei tømte dunkane!! Det er 3 forskjellige sorteringssekkar på utsida!...Sjekk ut arbeidstøyet, eit forkle som kan brukes til det meste ;) 
No blir det en avslappende kveld med bading og god drikke ;)  Som dåkke ser over prøvde vi oss på Thai-fastfood...det kan ej IKKJE anbefale...
Mamsen og papsen avslutta kvelden med ei kald ei etter at barna var i seng...utslitte!?? Jepp ;))

Varm hesing frå Jomtien...
Klem -Anja-

Late dager...

...eller?? 2. påskedag i dag og sikkert stor trafikk på vegane heime, her ana vi ikkje at det he vært påske - men no ventar vi på Thailandsk nyttår som begynne om få dagar...
Dagen starta med ein aldri så liten regndans…etter det hadde gitt seg blei det bading (sjølvsagt) her "heime", vanskelig å få Timmen opp av bassenget, men når vi skulle en tur på stranda då var det greitt!!
Vi fikk golfbiltur i dag ;)  Tim på vegen ned: "Mamma, du finne på masse rart du" :))
Kom heim og innafor porten springe Tim og ropa "no skal ej bade!!" då he han faktisk ikkje gjort anna på heile dagen!!...

I kveld blei det tur til Ripleys og ikkje minst Sizzler der Tom fikk seg veldig god mat ;)  Her litt av desserten...
Ej og Katja på "Scream in the Dark" på Ripley`s ;)))

En ny fin dag er over...
Klem -Anja-

tirsdag 10. april 2012

Tiger Zoo

Kan vel ikkje sei anna enn at vi har hatt ein fantastisk dag i parken!! Ekstremt varmt i strålende solskinn, men kva gjer vel det når vi får oppleve så masse :)
Tim var litt skeptisk, men mest på den lille krokodilla som kravla bak han...
Ej herlig ape på 10 år...Før vi gjekk videre tok ej han i handa, han løfta den elegant å kyssa den ♥
Eit utrulig stilig tiger show, trur ikkje ej he sett makan til dyre show!!
Katja gir tips til elefanten etter showet...
Her er ein tiger som er oppvekst med grisa og hunda ;))

Krokodille i dammen…….og så på fatet ;))

Sjølvsagt avkjøling og bading når vi kom heim og en halvtime etter vi var ferdig og satt på terrassen ca. 19.30 kom ein skikkelig tropedusj!! Katja hadde ein liten regndans til året for regnet…

Ditte blei mange bilder igjen...men håpe dåkke lika det ;))
Ønska dåkke alle ein fine kveld 
Klem -Anja-

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...