Eg ser no etter eit godt samarbeid på to av valpane etter Keesha og Ivar..!
Du må kunne samarbeide med meg, og så ser eg helst etter nokon primært på Sunnmøre, eventuelt om du er aktiv med rasen i dag...
Er du interessert i eit litt «aktivt» hundeliv der du kan trene, aktivisere og ha hunden som din eigen, men samstundes ha eit samarbeid med meg der eg har mogelegheit til å ta hunden med på utstilling etc. Kanskje vi kan finne tonen som trengst slik at vi kan få eit fint samarbeid i åra som kjem..(?)!
Det er særs stor etterspørsel etter valp og eg har blitt kontakta av utrulig mange flotte folk eg har enda ikkje fått lest og svart på alle e-poster. Men, denne gang har dei aller fleste som kontakta meg budd sopass langt unna og skal ein samarbeide er det ein fordel om det blir i nærleiken eller lengre unna om eg kjenne folka frå før...
Det er ønskeleg med eit samarbeid grunna at eg ikkje kan ha alle hundar her heime, men når eg planlegge ein kombinasjon er det for å forhåpentlegvis seinare kunne jobbe vidare med linjene.
Min kjære lillebror sei sikkert mangt og mykje om si galne søster...Men, den dagen han sa noko som «det er mykje ein kan samle på, men du samla nå f... meg på hunda også!!» så begynte eg å tenke litt på den herre «hundegalskapen»...Eg tenke fortsatt det er noko heilt fantastisk å få kunne samle på, det er faktisk sunn galskap som gir så mykje tilbake og ikkje minst alltid nokon som er glad for å sjå meg uansett form og humør 🥰
Men, sjølv om eg vil samle så kan eg eg jo prøve å dele meir på det...så no, er eg altså på utkikk etter nokon som vil samarbeide med meg om to herlige valpa 🖤
Eg er og kjem alltid til å vere svak for disse sjarmerande hannhundane og difor har eg valgt å behalde Kvasneset’s V.S Corona Borealis som vil bli din hund men samstundes ein del av «min flokk» og han er ein uimotståelig liten gut 💙 På same vis ønska eg eit samarbeid om lille frøken rosa Kvasneset’s Viva La Vida 💗
Brynje Corona Borealis (res. CC) | NUCH NVCH Kvasneset`s Braveheart | Fonkebakken`s Damian Siko |
Coneken`s Glenmorgangie Port Wood (CC) | ||
Almanza Anything You Say (2xCC) | NUCH SEU(U)CH NORDJV-07 Almanza Quite The Thing | |
Almanza Chocolate Praline Parfait | ||
SEU(U)CH JEUW-13 WW-14 Caci`s Hit The Road Jack | IE CH GB CH Clandrift Dark Legend | |
SE U(U)CH JWW-08 Caci's Strip and Tease | ||
Kvasneset`s Himmelske Honoria (res. CC) | SEU(U)H VWW-14Boppalooza Jungman Jansson | |
Kvasneset's Frøken Lisa (CC) |
Det her er no femte generasjon eigenoppdretta valpa som stamma frå mitt A-kull med K. Ayla født i 2000, K. Frøken Lisa født i 2007, K. Himmelske Honoria født i 2010, K. In Case of Christmas født i 2014 og no V-kullet født 2021...
I tillegg til det kjem Ivar inn med sin far Bajas frå B-kullet mitt og dermed blir det igjen ein kombinasjon som har veldig stor betydning for meg.Eg har også heile tida likt godt mora til Ivar, Esther som også var farmor til P-kullet mitt der eg brukte Porter som var ein halvbror til Ivar...
Samstundes har Esther vist seg å vere ei god avlstispe både hjå Kennel Brynje på Frei og Kennel Almanza i Sverige.