søndag 4. januar 2026

Godt Nytt År ✨

…Håpa alle hadde ei fin nyttårsfeiring, at både to- og firbeinte behaldt roa i det vi la det gamle året bak oss og vi høglytt gjekk inn i det nye året. At vi då på fargesprakande vis kan stå rusta til å starte med det som måtte kome i det nye året. Så med blanke ark ønska eg det nye året velkomen…

Andre juledag vende tre av gjengen snuten eller hovudet mot Sverige - eg, Kristian og Abi - med eit mål, Abi skulle ha ein hot date med Loke 🤍


Vi brukte sjølvsagt google og valgte korteste veg, burde visst at det var holke og isete vegar. Ikkje berre var kjøreforholda på det meste av vegen dårleg, men i Folldalen kom tåka og då var det null sikt - vi såg ei og ei brøytestikke og det lova ikkje godt for resten av turen.

Men, fram kom vi og dei tobeinte fekk nye veldig hyggelige bekjentskap og ikkje minst vart det god kjemi mellom Abi og Loke. To parringar og vi får la naturen bestemme om innsatsen var nok, men vi håpa inderlig på at det blir nokre kvalpa i månedsskifte februar/mars…!!


Vi måtte ta ei ekstra natt i Sundsvall grunna sterk vind og særs dårlege forhald. Taket på «nabo» hotellet blåste av, tre over vegen utallige gongar, mykje skade og beklageligvis fleire omkomne. Godt vi kunne kose oss inne i veldig godt selskap 🤍 Det var også god kjemi frå første tid…

Hundefolk kan vi sei mykje om, men jaggu er det utrulig mange flotte folk vi møter på vår veg 🤍🤍🤍

Heile turen har vore meir som eit eventyr - og dei bruka jo å ende godt! ;) 


Veldig spent på denne kombinasjonen og gleda oss stort til eventuelle kvalpa!! 



Ta kontakt om du vil høyre meir om å hente kvalp frå oss…

Klem -Anja-



Godt Nytt År ✨

…Håpa alle hadde ei fin nyttårsfeiring, at både to- og firbeinte behaldt roa i det vi la det gamle året bak oss og vi høglytt gjekk inn i de...