fredag 13. november 2026

Fredag den 13. !!

Heilt sidan dette kvalpekullet vart planlagt, har eg hatt planar om å reise til Bergen for å sjå desse vakkerskattane (her er bilder frå onsdag). No er dei her, knappe seks veker ung i livet, så då passa det med ein tur for å helse på dei og samstundes besøkje søstra mi og familien hennar.
Eg venta ei stund med å bestille fly i tilfelle eg skulle få ei innkalling, så nokre dagar før turen bestilte eg fly og for å få to dagar her i Bergen. Planen var å sitje på med svigersonen min heim att.
I dag, for ei veke sidan fekk eg ny innkalling til Ullevål, litt eller på ganske kort varsel før timen som var i dag. Då vart det endring i planane. Eg fekk booka fly frå Bergen til Oslo, men måtte bestille fly heim frå Oslo sjølv, sidan Pasientreiser berre kan booke fram og tilbake på same reiserute.

I og med at eg skulle vidare, og vesle Ludvig har vore sjuk, bestemte Kristoffer seg for å køyre nordover i natt. Ei stund etter at han hadde køyrt, fekk eg melding om at flyet mitt var kansellert. Snakka med reiseselskapet seint i går kveld, og han hadde hatt det ganske så travelt!! Etter han sjekka alle moglegheiter, har eg sjølv prøvd å finne skyss mot Oslo i natt, og la også ut ein status på Facebook i går med håp om eit lite napp:
«Nåkken som tilfeldigvis, berre sånn heilt tilfeldig, som skal kjøre ein tur frå Bergen til Oslo i natt...!??
Berre spør for ein ven, som tilfeldigvis er meg som akkurat no er litt uven med meg sjølv, eller tilfeldigvis berre med SAS 😎 Skulle så veldig gjerne rekt Oslo i morgon ...»
I går, eller i natt då eg prøvde å finne ei løysing for å kome meg over fjellet til Oslo, utmattande så vi tok oss rett og slett eit glas vin, eller to. Sjølv om eg tidlegare på dagen hadde teke opptil fleire bileter av Fana kyrkje, var det heilt svart og eg fekk ikkje nokon form for åndeleg drahjelp ;)

Eg sjekka tog, buss, alle fly også flyreiser via Sandefjord og liknande. Men alt vart fullt, med flyet kansellert så måtte eg berre vente. Tidleg i dag kom det ny reisetid - det viste seg å vere søndag frå Bergen, via København, til Oslo! Ja, men så utruleg flott – for eg har framleis time på Ullevål i dag, fredag 13. november, og skal heim til Ålesund i kveld frå Gardermoen med SAS SK1330 kl. 21.05.
Eg snakka med SAS og synest det heile var spesielt, og eg vart ganske så provosert då eg fekk høyre at eg ikkje fekk refundert heimreisa, sjølv om det er SAS som ikkje får meg til Oslo slik at eg rekk flyet heim.
Eg fekk sjølvsagt dårleg samvit etter å ha snakka med ho første. Då lurte eg faktisk på å leggje ut billetten ut for sal. Fann ut at det vart mykje styr, så difor ringde eg tilbake for heller å betale det eg skulle og få litt igjen. Men neida, då traff eg ei anna, like hyggeleg som ho første, men med heilt anna informasjon til meg. Etter å ha lese at eg skulle med det kansellerte SAS-flyet til Oslo, sa ho at eg skulle få alt tilbake! Veldig hyggeleg, og tusen takk for hjelpa – men eg har framleis dritdårleg samvit for at eg var litt «grinete» på ho første.
Det har vore mykje styr fram og tilbake med tungvinte system for denne turen som kom på jækla kort varsel. Difor skreiv eg i det skjemaet eg måtte sende inn før timen, at det er greitt med litt meir tid til å planleggje reisa – spesielt når ting trass alt er litt tungvint i «vesle, enkle Noreg»...
Så i staden for å vere heime, eller ha gjort unna timen i Oslo, sit eg i Fana med sol frå blå himmel. Eg tek meg ein kopp te, svelgjer Paracet i håp om normal temperatur og prøver å halde ei kraftig forkjøling på avstand.
Dette er inga krise, berre kjipt at ting vert utsett no når eg var litt nærare eit delmål ...
Men det som faktisk er ei lita i-landskrise i vesle Noreg som vi bør ha forståing for, og dermed tileigne oss kompetanse på. For det er slik at vi alltid får det første snøfallet, ja det kjem til ei tid som er litt uviss frå år til år, men ein ting veit vi, og det er at det kjem. 
Eit bittelite, tynt kvitt slør skaper fullstendig kaos i hovudstaden – ikkje fordi dei ikkje er vane med det, men fordi dei ikkje eit einaste steike år klarer å vere førebudde på det som kjem!
Det her er faktisk ei sak dei burde teke opp på Stortinget. Måten dei taklar snøproblema på når dei kjem, råkar oss alle. Ikkje i like stor grad for alle, men for nokon er det ganske viktig å kome seg på det forbaska flyet som ikkje går.....
Jaja, då får eg sitje her, ta meg ein kopp te til og vurdere om avgjerda om å booke tur heim med Hurtigruta i kveld er ein genistrek, eller om eg burde teke ei reise via Køben og enda opp i Oslo utan moglegheit til å kome meg heim på søndag? Tjaaaa, eg trur faktisk eg traff blink der – i alle fall når ingenting er ledig verken til Vigra eller Hovden. Tja, eg kunne fått eit fly no midt på dagen til Molde for den nette sum av 4 499 kroner, enkel avgjerde, for dei pengane kan eg heller setje av til ei reise vi kan nyte godt av...
Muleg det blir ein tur innom polet for ei flaske vin og apoteket for litt Postafen, så skal eg nok få ei fin natt og gler meg til å kome heim i morgon.
Ønska de alle ein innhaldsrik fredag den 13., og pass dåkke litt for små dumpar i vegen...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Fredag den 13. !!

Heilt sidan dette kvalpekullet vart planlagt, har eg hatt planar om å reise til Bergen for å sjå desse vakkerskattane (her er bilder frå ons...