onsdag 24. oktober 2012

Bukser 2 for 1!!


Jeans Pant er ei tøff og deilig stretchbukse med liten sleng, slitte detaljer og sømmene foran og bak som får beina til å sjå lengre ut. Veldig mjuk og behagelig stretch som helde fasongen! Lommer foran,  "fake" baklommer, med englevingar frå Spicy Vanilla logoen brodert på. Normalhøg midje, Ikkje så lang i beina, innerlengde ca. 72 cm i strl. S.


Vi har disse stilige buksene frå Spicy Vanilla i både lyst og mørkt...tenkte det kunne vere greit å ha begge to og kanskje nåkken kundar også ønska to, kanskje litt vanskelig å velje dermed gir vi 2 for 1 :))  Ordinær pris er kr. 799,- så her kan du gjer deg eit kupp...
Dei passer til det meste meeeen dei e kjempe fine til dei herlige chenille kleda frå Spicy Vanilla (var derfor vi kjøpte dei inn...)!!


Du kan kjøpe buksene i butikken, eller du ringer oss på 70 19 28 06 så sender vi i posten!! ;)
Ha ein super kveld!!
Klem -Anja-



Brenn sikkert!...


Levande lys utan flamme!!

Det er på denne tida av året vi brenn mest lys og for nåkken er dette eit supert alternativ for å kunne få brenne sikkert…

Det er vakkert, trygt og miljøvennleg...
Ingen risiko for brann...
Flimrar som vanlige stearinlys...

Perfekt alternativ til open eld...

Miljøvennlege...
Batteridrivne...
Ikkje minst er dei fine på verandaen når det bles ute...



Det unike ved disse vokslysa er teknologien, som skapar ei identisk flimring, samanlikna med bevegelsane i eit vanleg lys.
Med ei patentert databrikke inni velge den reint tilfeldige sekvensar. Dette gir deg ein heilt naturlig flamme, som flimrar og kasta dansande skyggar.
Voksen er gjennom skinnelig, og har same tekstur og matte glans som vanlege vokslys.
Sjølv når lyset er av ser det bra ut på eit bord eller i ein lysstake.
Har du lett for å sovne eller lika å brenne lys på plassar du ikkje oppheld deg heile tida!? Då er desse lysa perfekt for deg…


Ønska deg ein fin dag og ein god og lun kveld  ♥♥♥
Klem -Anja-



tirsdag 23. oktober 2012

Nye skilt...

Vi har massevis av forskjellege skilt i butikken og her kan du sjå eit lite utval av dei siste som har komt til butikken.
Vi har både koselige, sjarmerande, litt frekke og nydelige skilter i butikken, nåkken av dei kan du sjå  her på bloggen også ligg der ein del ute på Facebooksida til Gavehuset – men du må gjerne ta deg ein tur innom å sjå alle i butikken…

Med disse tekstane ønskjer eg dåkke ei riktig god natt ♥ sov godt ♥♥♥
Klem -Anja-

mandag 22. oktober 2012

Rosa haust


Lekre suppeskåler med fat til - den store "fuglekoppen" no også med blomstermotiv...
Sjølvsagt må lysa frå Love is Green med dei herlige duftene vere med...her har vi brukt lysa frå den nye  leverandøren deira Pintail Candles i Lake District som har ein enkel design som passa alle plassar!! 

Eg likar det å kunne mikse alle fargar så når eg ville dekke til «soup for two» blei det vakre Pip serviset tatt i bruk med dei nye lekre suppeskålene…
Vakkert servise ein av mine favorittar til både kvardag og fest, det fine med dette servise er at det er så mange forskjellige koppar og fat til, ikkje minst det at alt kan miksast. Med denne heilt nydelige rosa fargen tenkte eg at det kunne passe med eit lite «haustbord» - eg har jo fleire gangar brukt å mikse det meste i fargar og folk blir overraska når dei ser kor fint og rett stilig det blir! ;)
Håper at dette bordet også kan felle i smak...

Forskjellige fat, koppar og skåler oppstabla av dette flotte serviset...

Nydelig "mintdrops", fantastiske trøflar og gode kanelsnurra... 
Den store bollen passa godt med litt avskårne i mellom anna hortensia, roser og strå - en kan jo gjerne bruke ei litt mindre skål når ein dekke heime, her ville eg berre at den skulle vise litt...

Eg likta veldig godt når det er rolig eller tøft på bordet, denne fargerike gladklatten har eg heller ikkje så masse imot og eg kunne gjerne invitert ei god veninne på suppe eller te her…
Rett og slett litt tøft med litt andre val - skulle berre likt å få det enda bedre fram på bilda ;)

Bordet sett ovanfrå...
På eine sida av bordet står det ein vakker benk som har oppbevaring i setet, varme tibetanske lammeskinn og DEI lekre putene levert frå Nomi-Import...

Med disse bilda vil eg ønskje deg ein fin fin haustdag 
♥♥♥
Klem -Anja-


lørdag 20. oktober 2012

Inspirert av naturen

Forskjellige tekstiler og lys lykter med hjorte motiver. Koppane som henge ned frå Prorsgrund med skrift: "Glad i deg" - "Super Mamma" - "Super Pappa"...

…Vi elska naturen og det den har å by på – Når vi jobbar med blomster liker vi å ta inn litt linjer frå naturen og vi likar å dekorere med forskjellige ting frå naturen i butikken, i utstillingane våre er der gjerne mellom anna både kongler, greiner og bark…

Vi har også forskjellige dyremotiv på varene i butikken – no har vi også fått fine løpera, puter, lys lykter med hjortemotiv, ikkje minst dei vakre hjortehovuda i to størrelsar…

 Fine hjortehovud i to forskjellige strørrelsar...
Fine tekstila til tvstua, hytta eller kanskje på gutterommet til en jeger ;)


Dette var berre ei lita krå i butikken våra - vil du sjå meir? Ta deg ein tur innom eller følg med her på bloggen, eg lovar at det kjem meir :)
Ønska dåkke ein fin laurdags kveld!!
Klem -Anja-


Rosendahl


 Olje-/Eddikflaske...

Vi har massevis av flotte Rosendahl varer i butikken og fleire kampanjevarere så her er det pengar å spare!!
Treng du kanskje litt nytt i kjøkkenskapa eller planer om gode julegåver? Ja her er til begge deler…


Vi har no fått inn fine gavepakningar med salt- og pepperkverner...

Vi har sjølvsagt ikkje ubegrensa med plass, men er det nåkke du treng som ikkje er i butikken så er det berre å sei frå så legge vi til du ønskjer til neste bestilling. 


Rund ovnsfast form...
Lita og medium ovensfastform...
Stor ovnsfastform...

Velkommen innom oss :)
Med litt info frå butikken vil eg ønskje dåkke alle ein super laurdag!!
Klem -Anja-


(NB! Bilda har eg henta frå nettet...)

torsdag 18. oktober 2012

Lys og varme


Blant alle herlige duftene må vel ein av favorittane kanskje vere «Stargazer Lily & Hibiscus»



Hausten er tida for å kose seg litt ekstra inne og då gjerne med levende lys som gir ei herlig ro og god varme.
I dag fekk eg lyst til å få orden på huset (ja det vil eg ha kvar dag!), tenne masse lys og kanskje bake bolla og ha kakao til te kvelds. Det er godt å kunne kose seg litt ekstra innimellom...
Love & Peace…Ikkje berre er det flott tekst men lyset har ei herlig duft 
Kjærlighet er nok det einaste ein ikkje kan få nok av 
 Utan å bli for «prektig» ønskjer vi alltid ro og fred – eg har fleire genserar med peacemerket, kjem vel aldri til å gløyme mannen som kom bort å helste på med på Strandtorget ;)  Om det var skjult kamera – gleda eg meg til å sjå det klippet der…


Ein kunde var innom mamma på jobben for å kjøpe dei herlige duftlysa frå Love is Green, ho kunne fortelle at det med Lavendel duft «kurerte» lett migrene – det er positivt og håper det kanskje kan hjelpe fleire!!
Lavendel lys i to forskjellige størrelser...


Vi har veldig mange forskjellige dufter i butikken, men savna du ei så gi oss beskjed slik at vi kan legge den til neste bestilling…

Ein vakker haustdag sjølv med litt regn i lufta, det gjer at den kanskje ikkje er «perfekt» men kva gjer vel det!? Det er du som har dagen i handa og kan gjer det aller beste ut av den du har  Nyt den og kos dåkke litt ekstra akkurat i dag ♥♥♥
Klem -Anja-



onsdag 17. oktober 2012

«Nytt» kjøkken på hytta


Trur dette vil bli den nye favorittplassen på hytta - Katja likte seg så godt at ho ikkje ville gå derifrå...

…Ved vår flotte tur til Nederland fann vi eit stilig «hagekjøkken» som vi gjerne ville ha på hytta. Vi bestilte det og skulle berre sendast til Oslo så vi kunne hente det der i haustferieveka, tenkte vel ikkje så masse på det anna enn at eg venta på rekninga…Men, eg visste det kunne ta litt tid i og med dei måtte pakke alle palla etc.. før dei sendte varene.

Her er bildet av kjøkkenet som skulle komme...

Eg ringte til Oslo når vi kom på hytta, men der stod det sjølvsagt ingen kjøkken. Bodil ordna (igjen takk!) med det meste så etter ei stund fekk eg beskjed om at det ikkje var sendt.

Då var det ute av verden og eg kunne igjen tenke på det Ikea kjøkkenet som eg hadde forestilt meg der. Men, (det er alltid et men!) når eg var forberedt meg på at vi skulle «arbeide litt» og få nytt kjøkken i haustferien, ja då vil eg heilt klart gjerne ha det!..
Sjølv om at eg har mala dette kjøkkenet fleire ganga har eg lenge kunna tenkt meg litt endring her.
Er vel kanskje ikkje så rart at ideane har krinsa i hovudet på meg!?...

Det stod vel ikkje akkurat på mangel av idear, men heller kor realistiske dei forskjellege var då vi hadde tre dagar til rådigheit.

Tom prøvde sjølvsagt å snakke meg frå det, men han måtte berre innsjå at slaget var tapt – her var det for han berre å begynne å rive etter at heile kjøkkenet var tømt.

Slik såg veggen ut etter at den gamle inn redninga og golvet var vekk, eg var sjølvsagt superglad når eg fekk vekk 1 lag laminat og et lag med golvbelegg - då var det berre å flikke litt på tregolvet...
Timmen hjalp papsen med avløpet under vasken...
Enkel kokkelering ute i det fri...
Litt undervegs...
Fin gammal melkeflaske som eg fann oppe og lengst inn i storskapet...
Føle ikkje at en får det rette inntrykket på bildet - alt er sjølvsagt ikkje heilt ferdig, men småting som gjestår som mellom anna forhenga og gardinene (der tok eg berre å snurpa opp dei som var der - resten fiksast med når vi kjem ned igjen..).
Herlig med ekstra benk mot veggen ved vasskommen...Sjølvsagt herlig oppvaskmiddel frå Durance!
Lekker kjøleskap ;)  Er litt usikker på kva eg skal gjer med det enda...
Ny liten spiseplass...

Var så heldig at vi fekk besøk av gode venner som kunne bistå med litt bygging berre kjerring fikk tegna og forklart korsen ting skulle gjerast. Tusen takk!!
Vi er veldig godt fornøgd med resultatet og vi gleda oss til å komme på hytta igjen…Då skal det berre vere avslapping og kos!! Overhode ikkje gjere alle småting ferdig.

Eg har sjølvsagt ein del små- og nåkken litt større ting på tapetet, men alt til si tid…
Her blir det veffal tid til kos, familietid og late dager neste gang vi er tilbake 
♥♥♥ og med det ønska eg dåkke ei lun natt…
Klem -Anja-

5 veker og på bordet…

…for aller første gang..!! Laurdag fekk vi besøk av Barbro på kennel Brynje. Vi fekk tid til hyggelig prat og ei fin tid ved kvalpebingen 🤍...