fredag 31. oktober 2014

God helg

Ser ut som det blir ein vakker dag...sola danna nydelige farga "innafor" det er kaldt og klart, det passa veffal inn å sei "etter regn skin sola" i dag, ja sjølv om vi i Langevåg ikkje ser så masse til sola...

Eg er klar for å levere barna og rese på behandling. Nyt dagen så best du kan ♥♥♥
Klem -Anja-

Pære- og chilichutney


Så godt som det høyres ut...Etter overnatting på veg heim frå Sverigeturen vår fekk vi eit godt syltetøy, og der kom ideen om ein god chutney til brien vi hadde med heim.

Kjapt og veldig enkelt...

1 dl vatn
4 ss flytande honning
4 store pærer 
2 store chili
2 ss sitronsaft
1 ss brunt sukker
1 ss kanel 

Kok opp vatnet med honning, kjær pære og chili i små bita og ha det oppi panna, Tilsett sukker, kanel og sitron og rør om. La det småkoke i ca. 30 min og rør innimellom. Ha dett på glass og du har noko godt attåt osten...
Jadda, 1 ss kaneltenke du!? du kan heilt sikkert halvere den, eg er berre så glad i kanel...

NB! Pass på å ikkje tørk deg rundt munnen eller auga på veffal 1 time etter chilikutting!! 
Been there don that :))))
Klem -Anja- 

onsdag 29. oktober 2014

Ein "bildeskatt"

Bilde...er vel til tide mitt mellomnavn ;) Eg har tatt tusenvis av bilder gjennom åra og du kan tru gubben blei glad då eg fekk mitt første digitale kamera i 2002...sidan har det blitt mange av den sorten i forskjellig kaliber.
Eg kan vel ikkje sei at eg er nokon fotgraf ei heller dyktig på det tekniske har massevis av bøker og instruksjonar etc men har rett og slett ikkje ro på ræva til å sitte å lese, men det spilla ingen rolle for det eg vil er å fange det eg ser gjennom linsa. 
No er eg på gli og drit i Jantelova i dag også...dette er sååååå ulikt meg men, la gå...
Eg kan jo ikkje sei at alle bilda mine er dårlige, det synes eg blir feil "eg har faktisk litt gode bilder her og der" så er det sagt! kremt kremt eg blir jo rett flau. ;) Men eit av mine beste blinkskudd MÅ vere ditte av Katja der paringa ved sidan var som vanleg kvardagskost å rekne...
Dette set vel litt farge på ein elles så grå dag...

Ha ein fargerik dag rundtom ♥♥♥
Klem -Anja-

tirsdag 28. oktober 2014

Roseglede ♥

I kveld har eg sendt ut 28 forhåpentligvis gledelige meldingar på Facebook, med bilde av roser frå eigen hage enten her heime eller frå hytta ♥ Eg la ut status for nåkken daga sidan og alle som trykte liker fekk ei rose i innboksa si i dag...


Jeg gir deg en rose fra hagen  Legg den gjerne på statusen din med denne teksten: 
"Min hensikt er å fylle Facebook med blomster for å bryte trenden av negative bilder og videoer. 
Om du liker dette innlegget kommer jeg til å velge en blomst til deg   Jeg fikk en rose fra Anja`s hyttehage...
Stilkrosa "Blue Girl" har vi her ved husveggen...vakker og sterk rose 

Må berre beklage at eg ikkje huska heilt sikkert namnet på denne flotte klaserosa...Vi har den på hytta og har blomstra voldsomt gjennom heile sommaren og stor med knoppa då vi reiste heim frå haustferien 
Syns den var utrulig vakker der ho stod regntung etter det store lavtrykket tidlig i juli...

Rosa til venstre står vakker og med massevis av blomster her heime, "Lavender Dream" omgitt oss med ei fantastisk duft i heile sommer ♥ fekk bilde då vi var på hytta og rosa blomstra nesten meir enn nåkken gang...
Den vakre "Pink Grootendorst" til høgre blomstra fint rett ved hytteveggen, planta den om igjen i år for at den skulle få betre vekstvillkår ♥ 
Fantastiske "Rhapsody in blue" har vi både heime og på hytta...den på hytta fekk så masse god næring då vi hadde planta den i påska då var den veldig pjusk med store frostskada at den var blitt så masse betre då vi var på hytta første helga i juni og meir næring blei gitt, og du milde måne kor flott den va då vi kom på sommerferie!! Eg gjekk i nesten 6 veker å naut synet og dufta av mengder med blomter ♥ 
 "The pilgrim" så herlig sjatteringar av gult ja slik lika eg gult asså!! med ei herlig sitronduft...

Har så mange fine roser både heime og på hytta, nåkken har eg delt tidligare og fleire vil dåkke nok få sjå! Kjenne eg allereie gleda meg til våren med beskjæring, gjødsling og stell, men først vil eg har vinterens blomster 
Om det ikkje har så stor betydning i den store samanheng så håpa eg bilda gav litt glede sjølv om blomsten kom som bilde. 
Det er mange eg både skulle ringt, ja og gått på besøk med ein kvast i handa...men kvardagen går og eg med den så er dt ikkje alle eg får møtt som eg absolutt skulle ha møtt!! 
Vit at eg har mange av dåkke i tankane mine og nåkken godt plassert i hjarte mitt også 
Klem -Anja-

I`m crazy and I know and love it!! ♥

 Det aller beste med hausten er møke kveldar og skumrande morning med levande lys...
 
Har vel aldri vore nåkken A4 person til glede og fortvilelse, ja og kanskje til skrekk og gru for andre. Har ei brennande interesse for mykje rart og ideane er skrekkeleg mange faktisk så mange at det er for mykje av det gode, og ikkje godt for nåkken!!...ja, eller litt godt da, tenke ofte på at om eg ikkje hadde hatt alle mine idea og påfunn så hadde det blitt svært "tomt", og då kjenne ein meir på smertene og ikkje minst tanken på at ein verken kan vere i arbeidslivet eller duge til det heilt store. Ja som i går var eg, barna og søstra mi på kino, har ikkje så lett for å sitte der så tok då med strikketøy som "avledning" hekje sett på det enda så ana ikkje kor masse feil der er.
Enkel strikk  som lett kan strikkast i mørke...foran fingrane raude kinosete. Farge er positivt og gjer deg glad, her er strikk i mange gladfarga så når du ser meg i denne håpa eg at du blir litt gladare...ja, kanskje berre for at eg er litt rar ;)
 
Gubben han er både fortvilt og overraska over den herre skrotten min, han meina eg er heilt unormal og rar...Tim Are han sei eg er heilt normal ♥ og gubben, eg trur han elska meg likevel skrott eller ikkje skrott...
Eg har funne ut at det meste kan gjerast, er overkommelig og at eg kan gjere svært masse sjølv, ja sjølv om eg er "krøpling" - ting tek berre litt meir tid enn "normalt" - men du, kva er vel normalt!? Vi er alle så forskjellig både fysisk, psykisk og anlagt...Eg tenke ofte på at "oj det der går jo litt tregt da!" ja til gubbens store fortvilelse...Til eksempel då vi kom på hytta i sommer var det eit hus vi kjørte forbi som begynte virkelig å bli fint etter år med forfall. Det gjekk nå ei stund, då vi hadde vore i Sverige og kom heim å såg at han ikkje var ferdig dumpa det ut av meg "ekkje han ferdig enda!!" så kjem det tørt frå sidemannen; "du, han he vel ikkje ei slik kjerring som du!" :) hahaha...hyttenaboen meinte Tom burde leige meg ut nåkken daga sopass at han blei ferdig  så kunne Tom få litt fri.

Eg har veffal funne ut at det viktigste er å sysselsette hovudet og skrotten sjølv om det ikkje er det heilt store...ja, for legge ein seg ned har du liksom tapt og veldig vanskelig å snu den trenden vil eg tru. For dei dagane eg må ligge kjennes det som kroppen visna vekk og det er meget ubehagelig. Sånn så då eg trakka over i sommer...skrekk og gru! Men det var 48 tima med kompresjon og høg kvile, så trening med støtte. Det er jo fortsatt litt vondt og hevelsen er snart nede, føle det er rettere å gjere det slik enn å bli sittande i ro for då blir det forfall samtidig som at ein må bruke lengre tid på oppbygging, og i den "svake" perioda er det vel kanskje større risk for ny skade?...
Eg har røke leddband etc. så om det er så store skada må ein sjølvsagt ta det deretter, var liksom ikkje på fjellet igjen etter ei til to veker då.

Tenk over det, korleis har du det eigentleg? Det er heilt sant og ikkje crazy å komme seg ut eller veffal opp av soffan!! Etter berre få daga vil du merke endring og du kjenne deg betre, sterkare og i god form ♥ I dag sei eg faktisk fuck Jantelova og innrømme at eg har blitt god på smertemeistring innimellom ikkje fult så god då frustrasjonen kjem fram, men eg henta meg inn igjen!. Vil du høre korleis eg gjer det eller ønska tips/råd så berre ta kontakt med meg ;) Eg ønska berre alle ein så fin kvardag så overhode mulig!!

Bit saman tenna og ver litt crazy!!...Eg tør, gjer du!?
Klem -Anja-

torsdag 23. oktober 2014

Puppies expected!!

We are so excited and hopefully there will be puppies in about nine weeks after WW-14 JEUW-13 SEU(U)CH Caci's Hit The Road Jack "Rebus" and Kvasneset`s Himmelske Honoria "Nora" (res.CC). After long waiting, we can finally look forward to puppies again and hope that this can bring good representatives of this great breed.
I always want to find dogs that are good match and hopefully get a similar litter where health, mentality, exterior and work go hand in hand.
I have the last six months bubble over with excitement when will the time comes!? Early in the summer I finally decide on what dog I should use.


Lovely «Rebus»...
 
«Nora»...

More info in Norwegian!!...

 















Kvasneset`s
???







 SE U(U)CH JEUW-13

Caci`s Hit The Road Jack


 
IE CH GB CH Clandrift Dark Legend
 
GB SHCH Vbos The Tycoon
The Sorcerer's Apprentice From Jaev
GB SHCH Vbos Lady From Louisiana
 
Blackshyne Summer Melody at Clandri
GB SHCH Gayplume Dream-Maker
Blackshyne Jewel



SE U(U)CH JWW-08 Caci's Strip and Tease
 
 
NORD V-07 SE U(U)CH NO UCH Branchalwood Aylancoll
GB SHCH Branchalwood Strathfinnan
GB SHCH Branchalwood Benalisky

 SE U(U)CH Caci's Helen Chadwick
SE VCH TJH LPI NORD UCH Almanza Ragamuffin
SE U(U)CH Caci's Black Picture
 
 
 
 
 
 
 
Kvasneset`s
Himmelske
Honoria (res.CC)
 
 
SEU(U)CH
Boppalooza Jungman Jansson
INT FIN S UCH JVV-00 SV-03
Almanza Sharp Shooter 
Ryegate's Son Of A Gun 
S U(U)CH N UCH
Almanza Playing With Fire 
SU(u)CH NUCH NV-05 Boppalooza När Du Dansar 
S UCH FINUCH INTUCH Almanza Feather In MyHat 
SE U(u)CH Boppaloosa Syster Yster 
 
 
Kvasneset's Frøken Lisa (CC)
 
N UCH Bezonian Eau De Vie
N UCH Engelen Dark Star
N UCH Bezonian Checkmate 
 
Kvasneset's Ayla (CC)
N S UCH VWW-08 Tårpilens Bogart 
Coneken's Glenmorangie Port Wood (CC)




































Valper ventes!!

Etter ein vellykka tur til Sverige håpa vi virkelig på valpa rundt 23. desember 2014!!...

Vi er så spent og håper det blir valper om ca 9 veker etter WW-14 JEUW-13 SEU(U)CH Caci's Hit The Road Jack «Rebus» og Kvasneset`s Himmelske Honoria «Nora» (res. CC). Etter lang tids venting kan vi endelig sjå fram til valper igjen og håper at vi med dette kan tilføre gode representanter til denne flotte rasen. Eg går alltid heilhjarta inn når eg skal ha kull og ønske er heile tida å kunne finne hunda som står godt til kvarandre og forhåpentlegvis få eit jevnt kull der helse, mentalitet, eksteriør og brukseigenskapa går hand i hand.



 Bilder av "Nora" tatt i juni der Katja stilte ho i Barn & Hund...

Eg har det siste halvåret bobla over av spenning på når tid løpetida kjem og kven løpe når!? Tidlig i  sommer bestemde eg meg heilt endelig på kva hund eg skulle bruke. Såg resultater på Facebook frå World Dog Show og var utrulig kjekt når hannhunden vi hadde bestemt blei verdens vinnar 2014 og ikkje nok med det «Noras» pappa SE U(U)CH VWW-14 Boppalooza Jungman Jansson blei veteran verdens vinner 2014!!

Vi har no endelig fått sjanse til å gå videre med linjene som vi er så glade i. I tillegg har vi fått lov å låne ein ufattelig fin hund på Kennel Cacis i Sverige!! Tusen takk for lån av ein super hund og takk for flotte hundesamtala!!...det inspirera og eg gleda meg så til å ta fatt med nye kull igjen, og håpa med dette at vi klare å fortsette og fortsette!! :)

Elles er «Nora» ei herlig, glad, arbeidsom og sunn tispe som bor på ein gard. Ho flytta frå oss i mai 2013 då eit koselig ektepar buande på den mest fantastiske plassen ønska å prøve ny rase etter sikkert 30 år med golden. «Nora» flytta inn og kom ikkje tilbake på anna enn besøk no og då, men vi har god kontakt med dei og alltid like koselig å komme inn å sjå kor godt ho trivst fri på garden…
«Nora» er etter SE U(U)CH VWW-14 Boppalooza Jungman Jansson og vårt hjartebarn «Lisa» Kvasneset`s Frøken Lisa (CC) som var einebarn etter «Solan» Nuch Bezonian Eau de Vie og Kvasneset`s Ayla (CC). «Ayla» var etter vårt første kull på Kvasneset etter NUCH SU(U)CH VWW-08 Tårpilens Bogart «Bogart» (Når vi snakker om verdensvinner titler så er også «Bogarts» – fantastiske «Bowie» INT NORDUCH VV-95 KBHV-95 Black Bowie, ja og hans far «Peik» var også verdens vinner i 1991!!)  og Coneken`s Glenmorangie Port Wood «Kira» (CC). Burde eigentleg ikkje snakke om titlar då det er mange av dei på farslinja til «Nora» og ikkje minst på «Rebus» sine linjer. Ikkje det at eg avla etter titla men det var berre litt tilfeldig i år at eg no brukte han som blei verdens vinnar og far til «Nora» blei veteran verdens vinner.


Linjene til «Nora» kjenne eg godt og har fått massevis av info om pappa «Rebus» og forhpentligvis får eg snart enda meir kjennskap med dei J Du og du kor vi gleda oss!!...
 
Spent klem -Anja-

søndag 19. oktober 2014

Flesje

3 gutar speida mot Breisundet...
 
Satt inne i formiddag og lurte på kva dagen skulle bringe...Tim Are ville vere med ein nabo på tur utover mot Flesje, så då heiv eg meg rundt og blei med. Vi var 4 barn og 2 vaksne som tusla utover og fann ein benk å spise litt på, medan eit barn og 1 vaksen måtte snu å reise i selskap fortsatt vi andre utover og ned i fjøra...Her fann vi nåkken skatta, og ein av dei store steinane nede i sjøen vart nytta som båt og den fekk både tau og diverse anna om bord.

Garden Flesje ligg godt i le av ein høg terrassekant, og like ved ein bekk. Under dei lett synlege tuftemurane frå 1700-talet, ligg låge veggvollar, mest sannsynleg frå jernalderen. Talet på hustufter og storleiken på innmarka tyder på relativt gode tilhøve på Flesje. I 1658 hadde den eine bonden på Flesje 12 kyr, 1 okse, 1 hest og mange sauer og geiter. Etter Svartedauden låg garden nede fram til slutten av 1500-talet. Garden hadde eit bruk fram til 1720.
Garden vart fråflytta rundt 1780. Dette kan ha samanheng med dårleg fiske. Tilgang på fisk var avgjerande for å kunne overleve her ute. Kring 1800-talet vart området nytta til seterdrift av bønder frå Giske og Vigra og oppsittjarar på Hessa...
Vakkert på Flesje i formiddag og dele her litt bilder...Trykk på bilda for å få dei større!!
"Nora" - Kvasneset`s Himmelske Honoria...
Vakkert innover og mot Ålesund...
Så fine Nora og Tim Are i skogen...
 "Bygd & By"
 
Tilbake ved bilen var villsaudane nær så satt Nora i bilen og gjekk litt nærare for å ta nåkken bilder...
Sånn ein god, tjukk og varm Saud at eg mest hadde lyst bort og gnure meg litt nedi han... :))
 
Nok ein herlig dag ute i det fri som er balsam for sjela, vi er så heldig som er omgitt av så vakker natur. Ein må ikkje gå opp i høgda for å nyte gjer det i lavlandet også...ekstra godt i og med det blir lang biltur i morra ♥♥♥ så spent og gleda meg stort til tur, og håpe det gir resultater som vi håpa og gleda oss sånn til...
endelig etter nåkken år "tørke" håpa eg vi er på G igjen ;)
Klem -Anja-
 

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...