onsdag 29. oktober 2014

Ein "bildeskatt"

Bilde...er vel til tide mitt mellomnavn ;) Eg har tatt tusenvis av bilder gjennom åra og du kan tru gubben blei glad då eg fekk mitt første digitale kamera i 2002...sidan har det blitt mange av den sorten i forskjellig kaliber.
Eg kan vel ikkje sei at eg er nokon fotgraf ei heller dyktig på det tekniske har massevis av bøker og instruksjonar etc men har rett og slett ikkje ro på ræva til å sitte å lese, men det spilla ingen rolle for det eg vil er å fange det eg ser gjennom linsa. 
No er eg på gli og drit i Jantelova i dag også...dette er sååååå ulikt meg men, la gå...
Eg kan jo ikkje sei at alle bilda mine er dårlige, det synes eg blir feil "eg har faktisk litt gode bilder her og der" så er det sagt! kremt kremt eg blir jo rett flau. ;) Men eit av mine beste blinkskudd MÅ vere ditte av Katja der paringa ved sidan var som vanleg kvardagskost å rekne...
Dette set vel litt farge på ein elles så grå dag...

Ha ein fargerik dag rundtom ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...