fredag 31. oktober 2014

Pære- og chilichutney


Så godt som det høyres ut...Etter overnatting på veg heim frå Sverigeturen vår fekk vi eit godt syltetøy, og der kom ideen om ein god chutney til brien vi hadde med heim.

Kjapt og veldig enkelt...

1 dl vatn
4 ss flytande honning
4 store pærer 
2 store chili
2 ss sitronsaft
1 ss brunt sukker
1 ss kanel 

Kok opp vatnet med honning, kjær pære og chili i små bita og ha det oppi panna, Tilsett sukker, kanel og sitron og rør om. La det småkoke i ca. 30 min og rør innimellom. Ha dett på glass og du har noko godt attåt osten...
Jadda, 1 ss kaneltenke du!? du kan heilt sikkert halvere den, eg er berre så glad i kanel...

NB! Pass på å ikkje tørk deg rundt munnen eller auga på veffal 1 time etter chilikutting!! 
Been there don that :))))
Klem -Anja- 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...