onsdag 25. mars 2020

Klipping av flat coated retriever

Her er same hund som eg har klipt berre ein gong tidligare...

Tidligare hadde eg skrive ein del om klipping i tilegg med detaljerte bilder...har ikkje heilt funne igjen kvar det er lagra så difor har eg tatt nokre nye bilde som kanskje kan hjelpe deg igang.

Du treng ein børste og/eller ein kam, ei effileringssaks og ei vanleg saks. For deg som bur rundt Ålesund området vil eg anbefale å ta turen innom Eva på Zoo-1 på Moa, då kan ho hjelpe deg med kva du treng...

Eg begynne med å gå over hunden med børste for å få retta pelsen og få ut floka.
Så lika eg å begynne i front med øyrene for så arbeide meg bakover. 
Har du ikkje plana om ei utstilling (det har jo ingen av oss akkurat no for tida) så er det berre å prøve seg på litt klippig, og husk at den vekse ut igjen så det her går bra!
Her er nokre bilde før eg gjekk igang med saks og kam...
Her er etter ho er klipt...
Eg starta med øyrene der eng børsta godt før eg begynne å klippe med ei effilerngssaks, pass på at du  klippe i lengderetninga oppover for å unngå hakk...klipp litt og litt så børsa du innimellom, øyrene skal ikkje sjå barbert ut, men fint "trimma" med passeleg mengde pels...
Om hunden er godt grodd begynne eg alltid med ein CoatKing i fronten/på halsen.
Fronten skal klippast rundt øyrene og nedover til brystbeinet, der du danna ein fin overgang - husk at du ikkje skal klippe under brystbeinet. Bruk effileringssaks der du klippe i loddrett stilling for å unngå hakk, og det vil sjå meir naturleg ut...
Potane skal sjølvsagt sjå stelt ut og ikkje bust til alle kantar. Pass også på å klippe pelsen som er mellom tredeputene, dette er også praktisk med tenke seg for alt som kan feste seg der og ikkje minst snø på vinteren.
Her kan du godt ta potane frå kvarandre og klippe betre inn mellom enn det eg har gjort her...
Pelsen på forbeina treng ein ikkje klippe så mykje, men ein bitteliten stuss hjelpe litt på at dei kan virke fyldigare, meir stelt og vakker heilheit...
Bakbeina skal sjå stelt ut og klippast frå hasane og ned. Her kan du velge sjølv kva saks du bruka men som alltid husk lengderetninga, klipp opp- eller nedover slik at du unngår, ja som sagt hakk ;) 
Sist men ikkje minst må halen sjå fin ut,. Bruk ei vanleg saks der du klippe av pelsen som går utanfor halespissen og i ei rett linje på skrå innover mot hunden, den skal ikkje vere bua!...
Det er forskjelleg korleis folk ønska lengda på halen, men stuss den slik at den blir fyldig og fin.

Håpe dette var ok forklaring, er noko uklart så ta gjerne kontakt så kan eg endre eller legge til meir info.

Etterkvart som ting normalisera seg så håpa eg at eg får moglegheit til å vise dei som vil korleis dette er!
I mellomtida ønska eg dåkke alle lykke til!!
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...