mandag 24. august 2015

Hagestue

Pelargonia "dronning Ingrid" (dei stakkars stod ei stund ute på trappa der ein gjeng livlige hunda har gjort dei ganske så slanke og pjuskne), roser av diverse slag, buxbom, eucalyotus...
Elska, berre elska levande lys ja til og med dei utan flamme :) 

Er det noko eg virkelig kjem til å sakne her så må ein av det vere hagestua! Den er akkurat passe skjærma med blomster i krukker rundt og sjølvsagt skiftande møblering ;) Alltid likt å ommøblere og det blir sjølvsagt gjort ute også, den siste tida har det vore den lille hagegruppa som ha stått her og det funka greit med ein del stæsj rundt...her er det lite som mnne om minimalisme and I love it :))
Slenge med nåkken bilde som eg tok i går kveld før eg tok eit avslappande bad baki der...
Det har sett frodigare ut her, men slik er det når ein helde på to plassa og den eine bli vannskjøtta i nåkken veker, men det kjem seg igjen til neste år...

Elles nyyyyte vi berre sommaren som har vore her ei heil veke :) Har massevis av ting eg skulle gjort både her i huset og ikkje minst i "ny huset" men kan ikkje vere inne i slikt ver 
Håpe du også nyte det...
Klem -Anja-

lørdag 22. august 2015

Fantastisk!!

...Fantastisk tur, fantastisk dag, fantastisk fjell og for ei fantastisk utsikt!!... Tuuuuusen takk mamma - du er unik ♥♥♥

Opptreninga går sin gang og gjennom juli såg det veldig mørk ut, men då er det viktig å ikkje gi opp...så litt trening heime er betre enn ingenting så tok eg med meg dei små turane eg klarte. 

Lysta til fjells er svært stor og den siste tida har det gått litt framover igjen, så sist søndag blei det ein rolig tur over fjellet Vasskommen - Von - Vardane - Taustu - Mauseidvåg ilag med barna.
Denne veka har eg gått ein morgontur og ein kveldstur og har hatt som mål å klare Eltrane i slutten av veka. Fredag kom med eit  fantastisk ver så eg, mamma og Nora var skikkelig klar for tur :)
Trur eg vil dele ein heil haug med bilder i dag!! Husk å trykk på dei for å få dei større :)
 Første stopp for å nyte utsikta var innom Blåfjell...
 Langevåg sett frå Blåfjell...
 Ser du kva eg ser!?? Det var massesvis!!...
 Liten smoothiestopp for litt energi og kjenne no at verken begynne å bli litt i meste langet, men la gå...
...og måtte ta opp kameraet så under ser du enden av Sula "Eltrane", fjellet bak er Hareid/Brandal, bak til høgre Godøy, framme ser du Sukkertoppen/Hessa med Ålesund by rett bak...
 Snart ute og det er fantastisk å gå opp på fjellet utover mot Eltrane!!...
 Her sit vi ute på Eltrane og ser tilbake og bort til Ålesund...
 Herligste "Nora" med breisundet og Nordsjøen bak seg...
 Ute på Eltrane ser ein rett ut i ope hav...Her er eg og mamma meget fornøgd med å ha nådd målet for dagen :)
 Her skimta ein fjella langs Storfjorden og eilt til høgre Hareidlandet...
 Enden av Hareidlandet (Brandal) til venstre, så skimta du Runde og Godøy til høgre...
 Godøy til venstre, øyane nord for Ålesund, Sukkertoppen og Ålesund by...
 "Nora" med Sukkertoppen, Hessa og Ålesund bak...
 Så kom det ein herlig bris...
 Obligatorisk opp på her og ta litt bilde...Her er mamma utpå og under meg og Nora ;)
 Nåkken som er enig at detterett og slett er vakkert!??...
 Vi er på veg innover igjen, men må sjå oss litt tilbake ;)
 Det ligg to cruiseskip i by`n...
 Vi speida framover og hørst lengst baki der ligg Vardane...
 Å her må vi berre følge skiltet mot Vardane ;) 
 Vi nærma oss eit nytt mål litt etter litt..
 Ja, åsså møtte vi ein liten prins på vegen ;)
 Nora flink å samle krefter og la seg ned kvar gang vi stoppa å såg på utsikta eller berre ei lita pustepause...
 Bratta ferdig og berre ein liten parademarsj igjen...
 Er vel kanskje ikkje nødvendig med nærare beskrivelse...
 Når eg snur meg mot målet er det nært...
 Så kjem vi opp og får flott utsikt mot Storfjorden :)
 FANTASTISK!!...
 Nora litt sliten på toppen og det er lov asså...
 På søndag fikk eg høre at tyskerane var på bikken til å anlegge landingsplass for fly på Sulafjellet på grunn av den store flata...Veit ikkje om det var det mamma var inspirert av der ho "flaug" nedover ;)
 
Molte plukka vi også og sjølvsagt best dei som ikkje var heilt moden ;)
 Vakkert også frå Vonhytta...
Herlig med ein siste dukkert og litt vatn inntak i elva...

Det her har berre vore ein fantastisk dag!!...herlig meistringsfølelse sjølv om forma enda ikkje er tilbake der ho var før siste operasjon. Leste akkurat kommentaren til det innlegget etter operasjonen - tusen takk Trine!!, herremin kor godt slikt har gjort i ei tøff tid, ja sjølv når den ikkje er over er det godt å sjå tilbake på fine helsingar og positive gode ord ♥♥♥ Tusen takk!!

Men, i dag kan eg altså sei at i går fredag 21.08.2015 tok eg turen Vasskommen - Blåfjell - Eltrane - Vardane - Vonhytta - Vasskummen, ja det i seg sjølv er fantastisk!!...

Eg jobba med smertemeistring kvar ein dag, trena og skal strekke meg etter nye mål, og til alle - det er viktig å ikkje gi opp!!
Klem -Anja-

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...