torsdag 29. oktober 2026

29. oktober - for meg ein merkedag

Det blir litt mimring innimellom, og eg kan sjå tilbake på så mykje fint i «hundegalskapen» – eit liv fylt med mykje godt innhald, gleder og sorger, mykje gøy, ein heil del galskap, opplevingar og kunnskapsbygging. Ikkje minst mange gode og fine venskap.
Når vi er midt inne i hausten, og dei koselege, mørke og stormfulle kveldane er her og set sitt preg på kvardagen – ja så kjem det også minna fram. Dei held fram med å vekse og blir eit år eldre for kvart år saman med denne merkedagen. Den 29. oktober 2000 såg mitt første flat-kull dagens lys, éin hannhund og seks tisper! Eg hugsar den første tida som om det skulle ha vore i går. 



Det blir kanskje litt slik med dei aller første. Når vi no går heile 26 år tilbake i tid, var det og ei heilt anna tid. Likevel hugsar eg godt «lille», fine og velkonstruerte Atos, han som raskt vart NVCH. Der lærte både hund og førar mykje, og sjølv vart Odd Johan etterkvart dommar. Kvasneset`s Atos fekk CK på utstilling sjølv om han såg ut som ein liten vakker mygg – ja, i alle fall sett i forhold til alle «ponniane» han stilte imot. Kvasneset`s Aidi, til dagleg Shiva, flytta til Molde og var ei nydelig, fin og mild tispe. Kvasneset`s Aira i Utvik var ei fantastisk fin og herleg tispe, og eg gløymer ho aldri då eg såg ho att på utstilling på Eid! Kvasneset`s Akira flytta til Lauvstad. Ho fekk namn etter mor si, Kira, og minte meg veldig om ho då ho var kvalp.
Kvasneset`s Amy var min første eigenoppdretta hund. Ho vart ingen avlshund, men var fantastisk på alle vis – linjevakker og moderat vinkla, slik ein flat skal vere, og med eit herleg temperament og stor arbeidsglede. Eg tek gjerne ein slik hund igjen! Kvasneset`s Anja Fanta fekk namnet sitt fordi dei på Bønes i Bergen gjerne ville at namnet på A skulle bety noko, og Fanta «faenta» kunne dei seie om ho gjorde noko gale, men det offisielle namnet vart Kvasneset`s Anja Fanta, og det var jo fint. Huska eg flaug ned med ho like før jul slik eg fekk hilse på alle. Fanta fekk diverre eit kort liv då ho knakk vekstsona i hofteleddet. Operasjonen gjekk fint, men ho knakk den opp att etter å ha glidd på ein snødekt planke i skogen (om eg ikkje hugsar feil). Lise & co. kjøpte seinare ein ny hund, «Bjørk», frå B-kullet vårt.
Kvasneset`s Ayla var òg litt ekstra spesiell. Ho var hunden til venninna mi, og det gjorde at vi hadde mykje kontakt. Ho likte ikkje utstillingsringen noko særleg til å begynne med, men etter kvart prøvde eg å gå i ringen med ho, og då viste ho heilt andre takter! Vi hadde det mykje moro. Første gongen øydela eg nesten for ho fordi eg ikkje skjønte kva dommaren gjorde... kunne ho verkeleg vere så bra? Etter kvart vart det både cert og ikkje minst mange gøye venstresvingar! Ei herleg lita, velkonstruert og balansert tispe som eg er så glad for å ha med meg langt baki linjene her. 

Tre generasjonar, frå høgre: Ayla, Lisa og Nora...

Eg fekk kjøpe tilbake to kull på Ayla, og eg var så heldig å få Kvasneset`s Frøken Lisa som den einaste kvalpen i kullet 8. mai 2007. Ho fekk igjen eit kull som førte linja vidare til dei hundane vi har i huset i dag:

  • Kvasneset’s Ayla – 29.10.2000
  • Kvasneset’s Frøken Lisa – 08.05.2007
  • Kvasneset’s Himmelske Honoria – 15.06.2010
  • Kvasneset’s In Case Of Christmas – 24.12.2014
  • Kvasneset’s Oooh La La La – 07.03.2018
  • Kvasneset’s XOXO – 06.03.2022
  • Kvasneset’s Bright Shining Star – 26.10.2024

Sansa (K. Bright Shining Star) er den siste som er fødd av denne linja. Ho fylte akkurat 2 år, no på måndag, og eg håpar eg skal få kvalpar etter ho ein dag òg. Har så god kjennskap til disse linjene og håpa eg får fortsette med dei i fleire generasjonar. 
Men no aller først gler eg meg stort til ein ny kvalp frå kombinasjonen mellom Frøya og Loke, som eg har så uendeleg stor tru på! Frøya er etter Keesha - halvsøster til Abi og på den måten linjene med, og ikkje minst har eg med Bajas der som farfar til Frøya.

Før eg hadde dette aller første kullet, hadde eg lese og studert avl og oppdrett i over tre år. Linjene måtte eg sjølvsagt berre spørre meg litt fram til, og eg er utruleg takksam for at eg, som heilt uerfaren, fekk lov til å bruke Kristine sin Bogart.

Det er så mange fine minne å sjå tilbake på. Eg set ufatteleg stor pris på alle vennskapa som har kome til i løpet av åra, både i inn- og utland. Ikkje minst er eg takksam for alle som har kjøpt kvalp frå oss, og som tek så utruleg godt vare på hundane sine ♥
Etter kvart som tida går, og livet kanskje har gitt mykje bra, men kanskje òg ein del motgang, så lærer i alle fall eg å setje pris på kvardagen. Ein kvardag med ein hobby som livsstil der eg ikkje lenger har tid til dritt – eg vil, og håpar, at vi gjennom samarbeid, ærlegheit, deling av kunnskap og ikkje minst det å glede oss på vegner av andre, vil kunne tilføre dei rasane vi forvaltar mykje godt.
Gjer dagen bra for deg og dei rundt deg, ver snill og gje eit lite smil med glimt i auga!
Eg håpar eg får halde fram med dette i mange år framover og jobbe vidare med desse linjene i fleire generasjonar. Å kunne få berike ein familie med ein herleg firbeint har blitt ein av dei tinga som gjer livet mitt heilt! 
Ønska de alle ei innhaldsrik dag ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

29. oktober - for meg ein merkedag

Det blir litt mimring innimellom, og eg kan sjå tilbake på  så  mykje fint i «hundegalskapen» – eit liv fylt med mykje godt innhald, gleder ...