Farlig god kake som passa i dei fleste ganar...
Farsdag, klubb og jul...uansett anledning så trur eg denne blir ein sikker vinnar :)
Botnen er enkel og kjapp å hive saman:
100 gr. smør
3 dl sukker
2 egg
2 ts vaniljesukker
5-6 ss kakao
1,5 dl mel
Smelt smør medan du piska saman det andre. Ha bakepair i ei 24 cm rund form, hell røra oppi og steik den på 175 grader i 20 minutter (ikkje steik den form mykje då den blir tørrare)...avkjøl kaka før du har fyllet oppå.
Medan kaka er i omnen kan du begynne på fyllet.
2 dl kremfløte
1 dl sirup
1 dl sukker
100 gr. kokesjokolade
100 gr. smør
Varm opp fløte, sirup og sukker...rør inn kokesjokoladen og kok det i ca. 15-20 minutter til det blir tjukt/seigt, rør så inn temperert smør litt etter litt...
Sett kaka kjølig slik karamellen får stivne...
Server den gjerne med is og heimelaga bærsaus...husk for all del å nyt og gløym kaloritellinga for ei lita stund :)
Klem -Anja-
Anja`s ♥ skatter er mange, og for meg er det eit dekkande ord. I huset her i Runnane – Villa Galskap – har vi mange skattar. Det er alt frÃ¥ to herlege born pÃ¥ to bein, til sjarmerande, svarte skapningar pÃ¥ fire bein. Som hjÃ¥ dei fleste andre er det sjølvsagt ogsÃ¥ nokre "ting" her som ligg hjartet nærast, og som har ei heilt spesiell tyding akkurat for oss. Men sÃ¥, ein reality check: Eg har plutseleg blitt trebarnsmor, dei to eldste har flytta ut, og i tillegg har eg vorte mormor. Livet, assÃ¥!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Magisk helg...
Det er faktisk det eg tenkjer etter ei verkeleg magisk festivaloppleving i fjellheimen ♥ Foten av Besseggen var hovudarenaen for helga. Oppl...
-
Helga for to veke sidan var eg så heldig å få besøk av mi kjære søster frå Bergen og borna henna. Jentene til søstra mi lika veldig godt...
-
Stamtavle, bilde av far «Loke» og mor «Abi», samt kvalpane i midten er Abi’s barnebarn… …Det gleda meg Ã¥ kunne fÃ¥ planlegge eit siste kull, ...
-
Her er same hund som eg har klipt berre ein gong tidligare... Tidligare hadde eg skrive ein del om klipping i tilegg med detaljerte bi...



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar