tirsdag 27. april 2021

Samarbeid...

Eg ser no etter eit godt samarbeid på to av valpane etter Keesha og Ivar..! 
Du må kunne samarbeide med meg, og så ser eg  helst etter nokon primært på Sunnmøre, eventuelt om du er aktiv med rasen i dag...


Kvasneset`s V.S. Corona Borealis og Kvasneset`s Viva La Vida...

Er du interessert i eit litt «aktivt» hundeliv der du kan trene, aktivisere og ha hunden som din eigen, men samstundes ha eit samarbeid med meg der eg har mogelegheit til å ta hunden med på utstilling etc. Kanskje vi kan finne tonen som trengst slik at vi kan få eit fint samarbeid i åra som kjem..(?)!
Det er særs stor etterspørsel etter valp og eg har blitt kontakta av utrulig mange flotte folk eg har enda ikkje fått lest og svart på alle e-poster. Men, denne gang har dei aller fleste som kontakta meg budd sopass langt unna og skal ein samarbeide er det ein fordel om det blir i nærleiken eller lengre unna om eg kjenne folka frå før...

Det er ønskeleg med eit samarbeid grunna at eg ikkje kan ha alle hundar her heime, men når eg planlegge ein kombinasjon er det for å forhåpentlegvis seinare kunne jobbe vidare med linjene. 

Min kjære lillebror sei sikkert mangt og mykje om si galne søster...Men, den dagen han sa noko som «det er mykje ein kan samle på, men du samla nå f... meg på hunda også!!» så begynte eg å tenke litt på den herre «hundegalskapen»...Eg tenke fortsatt det er noko heilt fantastisk å få kunne samle på, det er faktisk sunn galskap som gir så mykje tilbake og ikkje minst alltid nokon som er glad for å sjå meg uansett form og humør 🥰

Men, sjølv om eg vil samle så kan eg eg jo prøve å dele meir på det...så no, er eg altså på utkikk etter nokon som vil samarbeide med meg om to herlige valpa 🖤

Eg er og kjem alltid til å vere svak for disse sjarmerande hannhundane og difor har eg valgt å behalde Kvasneset’s V.S Corona Borealis som vil bli din hund men samstundes ein del av «min flokk» og han er ein uimotståelig liten gut 💙 På same vis ønska eg eit samarbeid om lille frøken rosa Kvasneset’s Viva La Vida 💗





Brynje Corona Borealis (res. CC)


NUCH NVCH Kvasneset`s Braveheart 
Fonkebakken`s Damian Siko
Coneken`s Glenmorgangie Port Wood (CC)

Almanza Anything You Say (2xCC)
NUCH SEU(U)CH NORDJV-07 
Almanza Quite The Thing
 Almanza Chocolate Praline Parfait
 



Kvasneset`s In Case Of Christmas  (2xCC)


SEU(U)CH JEUW-13 WW-14 Caci`s Hit The Road Jack 

IE CH GB CH Clandrift Dark Legend 
SE U(U)CH JWW-08 Caci's Strip and Tease 

Kvasneset`s Himmelske Honoria (res. CC)
SEU(U)H VWW-14Boppalooza Jungman Jansson
Kvasneset's Frøken Lisa (CC) 

Det her er no femte generasjon eigenoppdretta valpa som stamma frå mitt A-kull med K. Ayla født i 2000, K. Frøken Lisa født i 2007, K. Himmelske Honoria født i 2010, K. In Case of Christmas født i 2014 og no V-kullet født 2021...

I tillegg til det kjem Ivar inn med sin far Bajas frå B-kullet mitt og dermed blir det igjen ein kombinasjon som har veldig stor betydning for meg. 
Eg har også heile tida likt godt mora til Ivar, Esther som også var farmor til P-kullet mitt der eg brukte Porter som var ein halvbror til Ivar...
Samstundes har Esther vist seg å vere ei god avlstispe både hjå Kennel Brynje på Frei og Kennel Almanza i Sverige.

Om du trur du/de trur det her kan vere noko for dåkke så sei gjerne frå til meg på telefon 900 18 619 eller e-post anja@kvasneset.com 

Ønska de alle ein herlig dag ♥♥♥

Klem -Anja-

tirsdag 20. april 2021

Namna er klare...

...dei har vore klar og registrert ei stund, men berre glømt å delt det. Men, det som enda ikkje er heilt klart er kven av valpane som skal få kva slags namn, men det skjer veffal seinast mandag 26. april for då er det tid for veterinærkontroll av valpane der dei skal få grundig helsesjekk av veterinær, dei blir id-merka og får si første vaksine... 


Tispe med regnr. NO39877/21 - Kvasneset`s Vampire`s Kiss
Tispe med regnr. NO39878/21 - Kvasneset`s Velvet Heart
Tispe med regnr. NO39879/21 - Kvasneset`s Velvet Treasure
Tispe med regnr. NO39880/21 - Kvasneset`s Violet Dream
Tispe med regnr. NO39881/21 - Kvasneset`s Vision of Love
Tispe med regnr. NO39882/21 - Kvasneset`s Viva La Vida

Hannhund med regnr. NO39883/21 - Kvasneset`s Valentine`s Day
Hannhund med regnr. NO39884/21 - Kvasneset`s Velvet Magic
Hannhund med regnr. NO39885/21 - Kvasneset`s Velvet Soul
Hannhund med regnr. NO39886/21 - Kvasneset`s Vote for Love
Hannhund med regnr. NO39887/21 - Kvasneset`s V.S. Corona Borealis


Tida flyge og det er berre halvanna veke til valpane er 8 veker...Dei vil då ein etter ein begynne å reise herifrå og det kjenne eg blir både litt trist men samstundes litt godt..!
Nyt dagen ♥♥♥
Klem -Anja-




tirsdag 13. april 2021

Bikka 5 veker ung...

...å så ubeskrivelig herlig å få seinka skuldrane og berre nyte valpetida. 
Men, dei som ser for seg eit søtt valpekull og som drøyme seg vekk i rosa skyer og berre søt musikk med eit heilt valpekull i hus, dei må nok tenke litt til før dei drøyme vidare for det er så mykje meir enn berre det ;) 
Mandag 12. april var valpane ein liten kjapp tur ute for første gang...Sol og lettskya men med litt vått underlag vart utserveringa rask men god...
Her gjekk dei alle 11 rundt saman og vi i same kohort slapp sjølvsagt unna munnbind og halde avstand, men pilsa får vi ta igjen seinare i for meg betre selskap...

Kan ikkje sei anna enn at det er ein fantastisk herlig gjeng det her og innimellom skimta eg nokre herlige hovud, ja heilt klart reint objektivt sett ;))

Men, no ser det ut til at den mest kritiske tida er over både for dei minste valpane det har det heldigvis vore ei lita stund no og ikkje minst for Keesha som virka sprek og hoppa med stor iver og glede etter snøballa no midt i april, men eg ser sjølvsagt at ho er prega av det som har vore.


I går var ein fin dag og Keesha slikka sol ei lita stund. Ikkje det beste bildet av ho der ho står vridd og med bakparten i oppoverbakke, men med 11 små er det ein lite glamorøs tilværelse, så å sjå bra ut det skal ho nok ta igjen etterkvart ;)
I dag felle snøven tett med stor fløyelsflak så det blir heilt klart innedag på gjengen...

Det har vore nokre tøffe og bekymringsfulle veker med 24 timers døgnpass og difor har eg ikkje hatt kapasistet til verken å ta telefon, sende meldingar og svare på alle e-postane som har ramla inn. Det har vore så stor pågang etter valp at det har vore oppi 10 meldingar for dagen og eit utal ubesvarte anrop på telefon.
Sjølv om det hadde vore normal tid rundt tispa og valpane ville eg nok ha litt problem med å svare alle...alle skal få svar, men kan ikkje love noko med det første.
Når det er krise på hunderommet så har eg beklagligvis lagt vekk alt av spørsmål om valp også til dei som har blitt tildelt valp...kun prøvd å svare dei som har kjøpt hund tidligare som har hatt forskjellege spørsmål.

Det kjem snart fleire bilder etc. i mellomtida håpe eg alle berre nyt dagen ♥♥♥

Klem -Anja-

onsdag 7. april 2021

Valper planleggast sommar 2021

Det var allereie planlagt ein kombinasjon for våren og som skulle vere leveringsklar til sommaren, men ting går beklageligvis ikkje alltid som planlagt.

«Maya» som mista sine valpa etter kombinasjonen med «Bolt» sommaren 2019 skulle vi forhåpentlegvis få nye valpa av rundt 23. april...

Det er alltid spennande å leite etter den gode kombinasjon som eg trur kan gi eit godt resultat på fleire måtar. Eg håpa jo å kunne få alt i ein pakke der det er valpar som vekse opp til å bli sunne og friske hundar som leve lenge, er fin å sjå på med eit tiltalande og rasetypisk eksteriør og at du kan nytte den til det meste. Eg har alt klar ein kombinasjon, men legge den først ut når augelysing er gjennomført og forhåpentlegvis går det bra. 

Eg er oppteken av at hundane skal utfylle kvarandre slik at sjølv om ein hund kan ha ein svakheit så kan den gå i avl så lenge eg gjer gode undersøkingar for å finne rett type hund.

Vi er avhengig av å oppretthalde avlsbasen vi har og ikkje gjere den mindre, men kunne nytte dei aller fleste linjer i avl slik at vi for framtida fortsatt har mange bein å stå på. Eg likar å kunne nytte hundar og linjer som ikkje er for mykje brukt...eg bruka mykje tid framføre dataen for å studere stamtavler, det har alltid interessert og fasinert meg, sjølv om at hundane ikkje sette seg like godt på hjerna i dag som for 20 år sidan. Trur ikkje det er alderen asså, men tidene endra seg og alt er så tilgjengeleg på nett, så eg sit ikkje lenger å notera ned hundar slik eg ein gong gjorde. 

Pandemien som henge over oss gjer at ein må sjå meir innafor landets grense så lenge ein ikkje skal inseminere. Det er spennande å sitte å lese stamtavler og bruke hovudet for å tenke om eg har sett ei søster eller ein bror rundt omkring på utstillingar eller jaktprøve. No sist fikk eg ein lys ide og dermed fikk eg lov å hilse på to kjekke og veldig ulike typa som ikkje har ei stamtavle som ein finn mykje av. 
Det er alltid godt å få kjenne litt på kva som ligg under pelsen og sjå kva type det er og dei kan stå til den tispa eg skal nytte. Veldig hyggelig at Oddhild ville la med bruke sin "Melvin" og det resulterte i at vi i februar hadde 3 vellykka parringar og vi skulle forvente valpa rundt 23. april 2021.


Men, genetikken er ikkje alltid like enkel så beklageligvis blir det ikkje valpa etter denne kombinasjonen.

Til alle som hadde ønske om valp så er det sjølvsagt mogeleg og vente til neste kull...

Det er ikkje slik at det alltid blir valpa, ein gong kem det 1 valp og andre gongar 10...om det kjem nok ønska kjønn er heller ikkje sikkert. Eit tips er at du har lov og håpe, men for all del har du ikkje nokre store gode grunnar til å velge eit kjønn så ver open for det som kjem. Veffal på vår rase har det ikkje så stor betydning kva du tek for både ei tispe og ein hannhund skal ha oppdragelse og arbeid i 1-2 år må du berekne på å få ein god hund... 

Her er eit av få bilder eg har teke i løpet av dei siste vekene...Utrulig nok har eg vore dårleg med bildetaking, men det har sin gode grunn av situasjonen med sjuk tispe 💛

Det har vore lite oppdateringar denne gong med bilde dei fire første vekene, men det har vore ei krevjande tid for dei firbeinte der eg har nytta tida på dei istadenfor sosiale medier og klare å få lest mengder med e-post og meldingar.

Sjølv om eg ikkje rår over det så må eg beklage så mykje for at eg ikkje har valpa til dei som ønska...

Eg kjem snart ut med komande valpeplanar for sommaren 2021!!

Ha ein fin dag ♥♥♥ 
Klem -Anja-

torsdag 18. mars 2021

Utfordringar...

Her ligge Keesha utanfor valpekassa med intravenøs behandling 

I natt er det to veker sidan eg stod saman med veterinæren og plukka ut ein valp etter den andre...når tispa har født så enkelt tidligare og ho venta eit stort kull forventa ein kanskje at ting skal gå ganske så greit, men slik er det ikkje alltid.
Keesha hadde dei siste dagane vore litt uroleg, eller kan eg sei kosete og svært lyst på kontakt på nattestid så med det merka eg at fødselen nærma seg. Tidleg torsdag morgon starta blokkinga og eg hadde sett for meg at fødselen ville starte litt utpå torsdagen.
Men, som eg veit er det individuelt så eg fulgte som vanleg godt med på tispa og temperaturen for å vere sikker på at eg skulle få med meg droppet. Ting gjekk tregt så eg berre smurte meg med rikeleg tålmod, vatnet gjekk og eg tenke vi hadde jo tid til å sitte her...helt til vi var ute til lufting og eg såg grønne drypp på gulvet og då hadde eg vore tålmodig nok. Eg tek på meg hanskar for å kjenne om der ligge foster i fødselskanalen, eg kjenne ingenting men eg får grønaktig veske på hansken...det er ikkje eit godt teikn før første valpen er komen for det er teikn på morkakeløysing. 

Ringe då å vekke veterinæren, Lars Audun Gåsemyr ved Borgund Dyreklinikk som eg avtala korleis vi skulle gjere det, avslutta samtalen så går eg og Keesha ut for å springe litt og går i trapper, men då det likevel ikkje er noko framgang tek eg Keesha i bilen før avtalt og kjøre rundt for ofte kjem ein valp når ein er på veg til veterinær. Etter litt kjøring går eg bak og det er fortsatt ikkje framgang så då ringe eg og berre sei at vi er på veg til klinikken...

Ikkje lenge etter vi kom så er veterinæren på plass og opna dørene, han sjekka ho og han kjenne heller ikkje forster og føle tida er inne for å få ut valpane. 
Keesha er som alltid fantastisk å handtere med alt så vi får raskt lagt ho på gass og i  rett stilling, og eg, eg står veldig klar for å ta imot det som måtte kome og forhåpentlegvis har eg ikkje venta for lenge...  

Herlig kjensle var det då eg fikk starte med å frie luftvegane, tørke og masere den første valpen, og plutseleg kjem dei første herlige lydane av ein skrikande valp. Ein etter ein plukka han ut og eg tek meg av etterarbeidet, alt går så fint for seg, kjenne sjølvsagt hjarte hoppe over eit par slag når det eit par gongar i løpet av operasjonen pipe litt frå monitoren, veterinæren ser på datane og kjem med nokre beroligande ord også fortsette han. 

Akkurat i slike augeblikk er eg plutseleg ikkje så kresen som eg i utgangspunktet er for muleg det til tide kunne sjå ut som eit katastrofeområde, men det heile var fantastisk å få vere med på...
Eg stod der stort sett heilt tyst, ja det høyres nok rart ut at eg er stille når det er hund i fokus, men her tenkte eg nok at eg skulle prate kun når det trengtes. Som då han skulle sy igjen hullet i eine hornet for då hadde eg litt tid så eg spurte om eg kunne rydde vekk ein del av morkakene, tørke blodet og alt griseriet ;)
I tillegg klarte eg å vere ganske så kravstor då eg spurte midt på natta om han kunne sy med innvendig sting..(?) Sjølvsagt tok han seg tid til det!!
Utruleg nok var det liv i alle sjølv om eit par var veldig stressa av påkjenninga, og eg
 var berre så glad då eg natt til fredag 5. mars fikk med meg Keesha og alle 11 valpane heim. 

Her har vi kun vore heime i nokre små timar og alt er berre fryd i kassa så langt...Sjølv berre nokre få minutt etter dei vart lagt ned til ho så starta ho å ta seg av dei på beste måte, trass i at ho var heilt «vekke» etter narkosen...


Første timane med heilt perfekte skatta som har kome inn i livet våra...Kor heldige vi er, men ikkje minst dei som er så heldig å få dei inn i familien sin etterkvart 

Alt går seg sakte men sikkert til gjennom helga, og eg følgje godt med på at Keesha får det ho treng sjølv om ho er veldig kresen i matvegen. Temperaturen takast og eg dulla med ho som den dronninga ho veit sjølv at ho er 
Noko endra seg tirsdag ettermiddag/kveld...då eg var ute av rommet hadde ho spydd men spist det opp igjen så eg reagera på at det er alt for tidleg å begynne med det så eg kjenne ein ekstra gang på alle jura, lukta på det som kjem ut av ho men alt virka bra. Ho får litt mat og drikke igjen, men så opna ho munnen og det flomma ut, ho la seg ned til valpane igjen og eg såg at ho fikk eit press som rier/opptrekk i buken og då tenkte eg at her var det noko som var heilt galt!! Ny temperatur som vise 40,1...

Då ringe eg veterinærvakta og kom til den som er lengst vekk og ho anbefala med å ta kontakt med ein anna Dyreklinikk og tenke dei sikkert ville ha hjulpe, men før det så ville eg sjekke med han som opererte ho og sendte han ei privat melding. Ikkje mange sekunda etter så ringde han til meg, og sjølv om han hadde fri og var på hytta kjørte han den vegen heimover og ber meg om å møte på klinikken om halvanna time.  

I slike stunde må ein berre halde hovudet kaldt og ikkje stresse seg opp sjølv kor redd og bekymra eg var for hunden...Så takknemleg når eg har fine og omtenksame folk rundt meg som tok seg av dei små medan eg tok med meg tispa vekk frå dei 

Veterinæren var på plass og tok tempen og blodprøve, så starta han å førebu seg på å behandle ho for melkekrampe...å eg såg absolutt at det kunne vere ein del teikn på det. Men vi vart så veldig overraska over svaret blodprøva gav oss, kalsiumet i blodet var bra og prøva viste at verdiane på pankreatitt var lav (veterinæren kjørte også ein ny og spesifikk test seinare) også den viste at Keesha hadde akutt pankreatitt!!

Symptoma på akutt pankreatitt kan kome smygande og kanskje var det litt det eg såg etter keisersnittet at matlysta ikkje var på topp som elles når ei tispe har fått valpa, men elles forutan det vart Keesha over kort tid raskt svekka med svært feber, dårleg almenntilstand og store buksmerter...

Når eg lese litt om denne tilstanden så ser eg svart på kvitt kor alvorleg det er, ja for dette er noko eg ikkje har hatt erfaring med tidligare. 


Her ligge Keesha her heime med intravenøs behandling etter at veterinæren kom heim å fikk det på plass, å ha ho liggande roleg og skifte pose fikk eg ta meg av.
Behandling av Keesha vart i første omgang smertelindring, antibiotika, kvalmestillande. Ho har til dagleg eit godt for med lavt fettinnhald så det kan ho fortsette med og det vil ho også spise no etter forma vart betre...
Her ligge ho heime rett ved meg med intravenøs behandling og lavt fettinnhald er viktig dei frste månadane for å minske belastninga på bukspyttkjertelen...

Akutt pakreatitt er alvorleg og kan bli veldig kritisk som med Keesha så difor er det veldig viktig at hunden får rask behandling, her er det inga tid å miste for å få eit godt utfall!!

Det er ikkje lett å sei kva grunnen til at Keesha fikk dette, men at det kan oppstå av diverse årsaker etter keisersnittet er sjølvsagt den næraste teorien eg kjem på...


Mulige årsaker til pankreatitt hos hunder

Det er mange årsaker som kan føre til pankreatitt hos hunder. Det er ikke mulig for veterinæren å bestemme en eksakt trigger. I dette tilfellet snakker man om idiopatisk pankreatitt (som eg vil oversette til "inga sikker årsak")...


Pankreatitt hos hunder kan utløses, eller i det minste fremmes, av følgende faktorer:

  • Administrering av medisiner
  • For høyt fettinnhold i hundemat
  • Skade i bukspyttkjertelen fra en ulykke
  • En spredning av andre inflammatoriske sykdommer, for eksempel IBD
  • Midlertidig lav blodstrøm under generell anestesi

I tillegg kan betennelse i bukspyttkjertelen hos hunder en sjeldent gang være forårsaket av en smittsom sykdom.


Veterinæren ringe igjen for å høyre korleis det går og ville avtale nytt besøk, men eg var veldig spent på å vite korleis verdiane var og om ho var i betring så vi kom inn på klinikken for ny blodprøve og sjekk. Temperaturen er på veg ned, og verdiane på pankreatitt var innanfor normale!! Så no treng vi berre tid på å få ho over kneika...
Dei kvite blodlegemer var for høge og dei raude alt for låge og det såg eg på slimhinnene, men det var akkurat som forventa. 
Bak i auga (ikkje nedre del) såg eg at dei var unormalt raude og då han undersøkte så såg vi ei spesiell linje i auga. Han meina det kom av intravenøs behandling og ville eg skulle sjå det an nokre dagar og eventuelt ta kontakt med Torunn Hoff ved Ålesund Dyreklinikk for grundig undersøking av ho. Men, alt dagen etter var raudfargen svak... 


Utfordringar meina eg er til for å møtast med oppbrett arma men det er nok ikkje alle utfordringar eg ønska like gledeleg velkomen.

Innimellom skulle eg så absolutt ønske eg var lidenskapeleg oppteken av radiostyrte bilar!!



Når det står på som værst der eg passa på at valpane får sitt med næring og legge til alle valpane i tur og orden for å oppretthalde melkeproduksjon...Sjølvsagt minimalt med søvn over lang tid så blir ei overrasking levert på døra frå nord overveldande!! Samstundes blir eg så takknemelig for alle fine folk eg møte gjennom hundane og ein heilt spesiell venn i Marte trass veldig stor avstand 

Dette innlegget er ikkje berre for ei oppdatering for valpekjøpera, men eg vil også med dette det vise til at ikkje alt går på skinner og det er langt ifrå berre glansbilde og søtt å ha valpa på ei tispe. 
Det er ikkje vanskeleg å sjå seg blind på dei skjønne bileta av dei små skjønne skattane, men det ligg også mykje "dritt" bak med tanke på ein del av jobben, men ikkje minst bekymring for tispa og valpane når ting ikkje går slik vi aller helst vil...

Innimellom har eg vore usikker på om eg skulle få lov å behalde alle 12...så akkurat no er eg takksam for ståa er slik den er og kryssa fingre for at alt går vidare vel framover...
Så eg vil berre takke så mykje til Lars Audun Gåsemyr ved Borgund Dyreklinikk for super hjelp!!

Håpe det det vart opplysande, og ikkje minst ei forståing for at eg ikkje har hatt moglegheit for å svare alle telefonar, meldingar og e-postar, men innimellom kjem noko framføre andre ting 
Klem -Anja-

torsdag 4. februar 2021

Vi gler oss..!

...Vi går mot ein ny vår og eg tenke, håpe og trur det skal bli ei veldig fin tid 🤍

Vi har vore og er i ei spesiell tid på fleire måtar, og då er det viktig å ta med seg alt det fine og positive vi møte på ein kanskje litt kronglete veg.

Akkurat no gler eg meg veldig og berre håpa at alt går bra framover slik at vi rundt 5. mars venta eit fint kull valpa som eg er veldig spent på å få sjå kva kan bli.

På ultralyd klarte vi å sjå 7 foster...vi klare ikkje å sjå dei som ligge heilt framme så vi kan sikkert rekne med litt fleire, og med det venta vi eit stort kull denne gong...

Keesha er for meg ei veldig god tispe, og ho har også vist seg å vere ein veldig bra avlshund...Eg har stått mellom to hundar til ho og eg var veldig usikker på kva eg skulle gå for, men hjartet mitt fikk siste ordet denne gong. For Ivar som er frå kullet etter NUCH NVCH Kvasneset’s Braveheart «Bajas» og Almanza Anything You Say «Esther» født i juli 2012 på Kennel Brynje som eg har fulgt sia dei var født!! Eg har hatt både han og kullbroren i tankane lenge og no var det på tide å gjere noko med det før det  blir for seint og sjansen går ifrå meg. Så difor falt valet på den og ikkje ein anna spesiell og god hund. Det å få Bajas inn på Keesha er for meg veldig spennande samstundes som eg har hatt Esther som bestemor ein gong før til P-kullet. Med det her er det linjer eg kjenne veldig bra og eg håpe dei vil utfylle kvarandre veldig godt...

Stamtavla til det komande kullet...

Keesha juni 2020 i Trondheim etter at ho vart beste tispe med sitt andre Cert og BIM på NRK avd Trondheim for dommar Arne Foss...
Mor: Kvasneset’s In Case of Christmas har nok fleire høyrt om før og har gitt oss O-kullet og R-kullet... 

Far: Brynje Corona Borealis - skulle ikkje vere muleg, men «Ivar» heite Corona på stamtavla frå 2012. Corona Borealis betyr «Den nordlige krone» og er eit stjernebilde som kan sjåast om kvelden på nordausthimmelen. Tenke no at det kan bli artig å forhåpentlegvis finne namn på V-kullet ✨

Det er sjølvsagt ikkje berre eg som gler meg til nye valpa, men borna telle også ned sjølv om vi for tida har ein kreativ Neliavalp i huset 🤎 Ser verkeleg fram til å få gå i vårhagen med mange herlige små rundt beina 

Håpe vi kan få glede fleire med nye gode og herlige små sjarmtroll om ikkje så veldig lenge...Men før den tid, NYT vinteren 

Klem -Anja-

søndag 31. januar 2021

Mission not completed

...men sjølv om det vart eit litt vanskeleg oppdrag torsdag kan ein ikkje furte av den grunn. Men, det er jaggu ikkje ofte eg gir meg så lett, og det er ikkje alltid tid avgjer lengda på det ein prøva på. For etter ca. 35 minutt i stiv kuling (eller ka pokker det var som for over fjellet) der eg prøvde å få fyr på faklane måtte eg berre sei til meg sjølv at det her får du berre ikkje til!! 

Eit flott bilete som vise alle båla og faklane langs Veibuststranda til Kvasnesodden. Lyset på Leirvågfjellet er ei helsing frå meg...

Eg prøvde å lage godt skjul frå vinden, men det var jaggu ikkje enkelt der den kom frå alle kantar. I det eg trudde faklane fikk god fyr så skulle det berre eit litt friskare vindpust til før det vart mørkt igjen. Ideen om å tenne på faklane under Jervenduken vakje så dum og det varma godt, ja neste litt for godt så det vart ganske kort før eg fann ut at det kanskje ikkje var det luraste eg har gjort...På med hovudlykta, godt planta på stolsekken min under fjellduken var det heilt klart greit med ein varm og god solbærtoddy med eit hint av svovel! For oppi toppa låg nokre av den enorme mengdene med brukte fyrstikker. 

Så vart det ikkje eit stort brennande hjarte frå fjellet, men hjarte mitt har brent lenge for ein sunn og frisk fjord og det vil det fortsette med..!! 

Torsdag var det tid for at folk skulle trekke ned til fjorden for ei stille og fin lysmarkering mot reinseanlegget som dei planlegg i området. Det vil ikkje berre gå utover naturen og fjorden vår, det er samstundes mange folk som blir råka av dette. Folk møtte opp med eit brennande engasjement langs fjorden på begge sider av Vegsundet, og eg er så heldig å fått låne bilde som er teken frå begge sider av Øyvind Kåre Sunde, tusen takk!





Håpe alle opna augene sine og ser galskapen ved å få eit slikt anlegg inne ved ein fjord. Dette skulle heilt klart ha kome så langt ut mot ope have som mogeleg...

-Anja-

Hundeutstilling med Sunnmørsalpane som bakteppe!

Tilbakeblikk på helga...for dei som er rundt oss i TeamKvasneset vil eg dele nokre bilder. I dei vakre omgivnadane, og med vêrgudane som spe...