tirsdag 25. mars 2014

Å for ein dag! 25.03.2014

Her eit sikkert vårteikn...Har så mange bilde eg har lyst å dele i dag, håper nåkken finne inspirasjon til å bevege seg ut eller berre blir glad med god følelse av vakker natur ♥
 
...ein innhaldsrik og fantastisk dag starta som svartast og visste ikkje om eg kunne klare å stå oppreist og ei heller gå. Men, staheita mi har vore til hjelp mang ein gang...
Ønske om å komme seg ut ein slik fantastisk vårdag, tok smertestillande og begynte å tussle rundt i huset, ringte mamma og pappa som ville gå på tur ilag.
Tok med meg Sky til Sunde spiste litt mat, planen var Emblemsfjellet, men var lurast å gå i Solavågen slik det ikkje "blei for masse" på meg - ja det kan du tru...Etter kvart som eg kom meg utover, utsikta og veret var på det aller beste så følte eg forma blei berre betre og betre :)))
Vi ville prøve ut å gå litt andre vegar og vi fekk ein fantastisk tur på vel 3 timar!! Kan ikkje sei at det ikkje var vondt men det må ein berre bite i seg, nyte naturen og berre kor deilig å få kroppen med...medisin for kropp og sjel, utrulig kva det gjer med "haude"!!

Frå verandaen til mamma og pappa...
 Fantastiske Storfjorden...
 "Sky" storkosa seg i dag...
 Vakker utsikt, men stupbratt ned!!...Tenke seg til at eg som elska å gå i fjellet er så høgderedd, fekk nesten pusteproblem og fekk hundane i band...
 Hundane "balansera på kanten" av stupet...så bandet kom fort fram...
 Pappa måtte sjølvsagt enda lengre ut på kanten for å få skikkelige bilder, skulla nesten hatt band på han også ;))
 Vakkert er det ved stupet så det måtte bil nåkken bilder der...
 Spadronninga i sitt rette element!! Ho spring i alle grøfter og kan ikkje fått gjørma seg nok inn, så då legge ho seg rett ned, her var det heldigvis litt klart vann slik ho fikk av seg litt av gjørma ;)
 Fangst av mange pinna på turen og "Pekka" vil alltid ha den som "Sky" har funne...
 Vakkert ut mot Langevåg til venstre og Ålesund til høgre...
 Men, INGENTING slå disse fantastiske fjella ♥
 Svartevatnet med Langevåg og Ålesund i bakgrunnen...
 Skjønneste "Sky" storkosa seg med "friheten"...
 Litt isete var det også...
 Perfekt plass til ein sliten liten stomp...
 Herlig turfølge...mamma og pappa
 Blir ikkje metta vettu...Men, litt anna vinkel innimellom skada jo ikkje ;)

Når eg kom heim fekk eg brev frå Oslo, det hjelpe når legen frå sjukehuset her i Ålesund purra!! Har venta på time ved anna sjukehus sidan januar i fjor og då var det LYKKE når eg har fått time om bikka ei veke!!...Blir spennende å høre kva dei sei. Måtte sende ei melding til mine næraste med ein gang ;)
Det måtte sjølvsagt bli vaffel på den store vaffeldagen...her blei det sunne middagsvaffel før eg avslutta kvelden med pårørande skule mange syns det var veldig varmt inne i dag, eg satt med ei stor strikkajakke over meg som tepper ;) blir så fole kald når ein er så låke...Ja, virkelig innhaldsrik dag!! :) 
 

Har litt ekstra vondt og sliten, men likevel så fornøgd no i kveld ♥ Eg elska tura, berre må ha det ;) og det gjer så godt for sjela og humøret...
Vil berre sei til dåkke som slite med å komme dåkke ut, berre begynn, kom dåkke ut å ta kampen for motstanden gir seg til slutt og du vil få det så masse betre i både kropp og sinn...Berre husk å begynne i det små ;)

Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...