søndag 23. mars 2014

Vakre Storfjorden...

Barna koser seg på berga...
...no i ettermiddag ♥ Kan ikkje sei anna enn at ditte må vere ein av dei vakraste plassane på kloden!! Det er magisk og forandring for kvar dag...blir ikkje metta av disse fjella her. Spurte Tom ein dag om han kunne tenke seg å flytte inni fjorden her på ein gard!? Han lurte sjølvsagt om eg var blitt enda galnere men tenkte berre på å komme enda nærare denne flotte naturen her, men får jo ikkje sett dei på samme måte då, så trur det beste er å fortsette å reise på besøk til mamma og pappa der vi berre kan nyte det frå verandaen eller gå ned på berga ein tur ;)
Vil berre dele nåkken bilde med dåkke ♥
 Mi fantastiske mamma ♥
 Ferga på veg til Festøy, så ser vi Barstadvik i bakgrunnen...
 Her er det rett i Hjørundfjorden med dei flotte fjella...
Som du kasnkje ser er eg umettelig på denne utsikta her...vakkert og magisk ♥
 Ikkje berre mamsen som lika utsikta, Katja må også fram med kameraet ;)
Bilde av dei to største skattane mine ♥
Med disse bilda vil eg ønske deg ein fin kveld og god start på ei ny veke ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...