torsdag 20. mars 2014

Biscotti...

...a la Tim Are og Anja :)
Timmen vår fekk seg ein fridag i dag og han har hatt litt lyst på kjeks som det er tomt for i skapa våre...har funne ut at det er så masse tilsetning i dei og usunne greier at det er bedre med ein knekk sjokolade eller anna godteri...eller!! rett og slett bake litt sjølv :)

Så medan eg snakka med mi kjære søster i dag fekk eg forslag på å lage biscotti til han og det var ingen dum ide!!...Kjeks eller småkaker har han hatt lyst på i dag, og i og med det kun er torsdag i dag måtte vi lage ein eigen vri for litt "kvardagskos"♥


Gjekk gjennom skapa våre for å sjå kva vi kunne finne å lage til av...og det blei litt godsaker likevel ;)

3 egg
220 gr. sukker
ca. 1 ts vaniljepulver
1 lita klype med salt
skall av to limer
150 gr. mandla
50 gr. pistasjnøtter
ca. 100 gr. mørk sjokolade
1,5 ts bakepulver
ca. 200 gr. kveitemjøl
200 gr. havregryn
 
Hakka for så rista mandlane i steikepanne...
 
Satt bakerovnen på 175 grader...piska eggeblommer, sukker og vaniljepulver (kan sjølvsagt bruke vaniljesukker og då gjerne 2-3 ts.)sammen i ein stor bolle. Piska eggekvitene stive og tok i saltet mot slutten, bland eggekvita forsiktig og godt i den store bollen.
Tilsatte nøtter, limeskall og sjokolade, til slutt mel, bakepulver og havregryn...
Måtte tilsette litt meir mel før å klare å kna ut deiga. Delte den i tre store dela som eg trilla ut til pølser som eg trykte flate.
La alle tre på eit bakebrett med lengde på deiga i steikeplatas bredde...
Satt dei midt i ovnen i ca. 35 minutter. Tok dei ut og skar dei opp i passe skrå strimler, la dei utover steikeplater og steikte dei igjen i 15 minutter...
 
Ikkje så dumt til kaffin gitt...
Ha ein koselig kveld ♥♥♥
Klem -Anja-


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...