...I dag er det "International day of happiness"...
Det har seg vel slik at det ikkje er så lett for alle å vere happy akkurat i dag!? Her i huset er vi for så vidt happy i dag også.........................men når Tim Are ikkje er i form kunne dagen sikkert vore enda betre, men med kos og kjeksbaking har ikkje dagen vore så gale likevel.
Det var virkelig vakkert over fjellheimen i går...skulle ikkje tru vi kunne stoppe og nyte plassen etter snøkava som var heile vegen oppover. På tur oppover kjørte vi kysten medan returen gjekk over Dovrefjel...
Eg og pappa hadde oss ein tur til Trondheim og besøk på Heimdal Dyreklinikk for øyenlysing Eg tenker ofte slik at vi gjer det vi gjer og som regel får det følger...men, er det slik at det positive for psyka vege opp for nåkken daga med kraftigere smerter/ubehag, ja så er det virkelig verdt det!!
Min kjære far stilte opp for å vere med meg på turen i og med Tom var på jobbtur til Geiranger, var planen å kjøre sjølv men papsen ville vere med å dele på kjøringa slik at ryggen fekk litt kvile.. Så i går fekk eg meg ein fin kjøretur med papsen, ein supergod middag på Oppdalsporten og sist men ikkje minst kan no få planlegge og forhåpentligvis sjå fram imot eit nytt kull med herlige små nøster...det er akkurat 4 år sidan eg gjekk med slik planar sist og no har eg tatt valget om å prøve igjen :)))
"Bajas" var meir opptatt av alt anna enn å ville sjå bra ut på bilde...meina sikkert som fleire at eg har nok av dei ) Så sjarmøren min brydde seg lite om det eg sa og gjor kva han sjølv ville!! Er vel slik med alle aldrende hannkjønn...eller!?
Jaja, vi kan ikkje pålegge folk å vere glad, men likevel greit å ha ein dag som minne oss på det...
Håper DU har ein gladdag!!
Klem -Anja-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar