Søndag kveld kom Janita på døra med to SVÆRE posa med plommer!!...Hmmm sendte med ei lita gave tilbake og lovnad om å lage nåkke ho fikk smake ;)
Mandag tok eg med meg ein plommepai inn til mamma og pappa, var ikkje heilt fornøgd med sammensetninga, så prøvde på nytt tirsdag kveld. Pai er heldigvis veldig kjapt å lage og kan passe med masse forskjellig fyll :)
Paien kom i ovnen og eg kunne sende melding til Janita og mi søster Eirin om at det blei pai og te til kvelden...
Paibotn:
- 100 gr. smør
- 1/2 kopp sukker
- 2 koppa kveitemjøl
- 2 ts bakepulver
- 1 egg
Dette rører eg godt samman med mikseren, tek først smør og sukker, tilset så det andre. Dette skal trykkast ut i ei smurt paiform eller liknande.
Fyll:
- Ca. 1 liter plommer
- 1/2 dl. sukker
- 2 egg
- 1 1/2 dl matfløte
- 2 ts vaniljesukker
Delte plommer i fire og tek sjølvsagt ut steinen, fylte godt på med plommer vil tru litt over ein liter. Egg og sukker til eggedosis og ha så i fløte og vaniljesukker, rører godt og heller over plommene.
Set paien i forvarma ovn på 180 grader og steike den i ca. 45 minutter.
Server med vaniljeis og ein god kopp te...herlig kos ilag med fine og gode venninner ♥♥♥
Klem -Anja-
Anja`s ♥ skatter er mange, men er også for meg eit dekkande ord...Her i huset har vi mange skatter, alt frå to herlege barn på to bein, til svarte sjarmerande skapningar på fire bein :-) Her er sjølvsagt som med dei fleste andre, eit par "ting" som ligger hjerte nærast og er av større betyding akkurat for oss... Legg gjerne igjen ei lita helsing/kommentar til meg :)
onsdag 27. august 2014
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Namna er klare
…Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...
-
Her er same hund som eg har klipt berre ein gong tidligare... Tidligare hadde eg skrive ein del om klipping i tilegg med detaljerte bi...
-
… Mandag var eg så heldig å få gå på tur saman med Katja igjen og den dagen gjekk turen på den Trondhjemske Postveg oppover til Ljøsetra og...
-
Helga for to veke sidan var eg så heldig å få besøk av mi kjære søster frå Bergen og borna henna. Jentene til søstra mi lika veldig godt...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar