lørdag 7. mars 2015

Eit lite friskt pust...

...Etter 11 daga fekk eg meg i dag ein tur utanfor døra!!...Eller eg tok meg ein tur ut.
Kan ikkje få sagt kor godt det gjorde, sjølv om det kun var ned mellom treea her så var det berre heilt fantastisk!! Å på veg tilbake møtte eg på igjen den koselig dama som var ferdig med si vakt på røntgen ;)
Bildet tatt på gangvegen ved sjukehuset...

I går lurte eg fælt på om eg skulle få reise heim mandag!? Etter ei stund tikka det inn på telefon med fly frå Oslo til Ålesund mandag 09.03.15!!!!...kan ikkje få sagt kor eg gleda meg til å kome heim ja nesten ei veke etter først planlagt. Ja det har vore nåkken lange og til tider svært låke daga, og no blir det berre så deilig å få folka mine rundt meg igjen ❤️
Men, det er alltid eit men asså...så kjem beskjeden om at såret lekker enda og det har no gått frå gul/raudt til grønt!!! OMG!!... I dag ser ein at det har lekt enda, men ikkje så masse ser det ut som og i dag ville dei ikkje skifte bandasje før i morra, det er slik at for kvar gang dei åpna så er der risiko for å få bakterie inn...

Eg eg ferdig med "laurdagssnacksen" grove knekkebrød med kvitost og kaviar...tok med ein kopp kaffi og litt frukt opp og skal slappe av resten av kvelden.
Eller!?......når klokka er åtte går sjukepleierane her i 7 etg. her er ikkje nattevakt fredag og laurdag og lure på om her er stort fleire enn meg her? og eg kan ha fest på rommet!!! JIPPI!!...tulla ;) men litt deilig Å vite at eg ikkje blir forstyrra før tidligst i morra tidlig kl. 08.00...
I går kveld låg eg på senga å hørte musikk, og fekk ei sinnsyk panikkløe og visste ikkje kva eg skulle gjer, men det gjekk sjølvsagt over og så begynte det på an igjen i natt ein gang. Når det går over så senka eg skuldrane og trøsta meg med at det må vere teikn på groing.

Berre å få overstått søndagen og mandag formiddag veit eg sikkert om eg får sette meg på flyet heim ❤️❤️❤️ Måtte de ha ein koselig guttekveld Tim Are og Tom medan Katja er på jenteovernatting...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...