mandag 16. november 2015

Peace and Love ❤️

Verden skulle hatt meir av fred og kjærleik, eg skulle ønskt at alle blei behandla med godhet, respekt, og verdighet!! 
Ja, vi tenke mykje på det når terroren ramma oss nært, men kvifor ikkje heile tida? Kvifor må vi heile tida bli minna om korleis vi skal oppføre oss? Mange gjømme seg bak pc'ar, andre fyre opp bak ein mobbar, nokon bak ein advokat, og andre er berre skikkelig fæl i full offentlighet. Heldigvis er det mykje godhet rundt om, men det er for mange som går rundt berre for å vere ond mot andre mennesker...
 Ja til litt meir peace & love, glede, godheit, omtanke og medkjensle... Saman er vi alltid sterkare ❤️

Eg tenke kvar dag at eg skal gjere mitt beste for å vere snill og god, men eg veit at vi alle gjer små feil og der er alltid eit forbetrings potensiale. Eg har ei formeining
om at går du rundt med mykje ondskap så blir du innhenta ein dag!! Ja kva har eg gjort!?... Eg prøva veffal å rette opp det eg eventuelt har gjort gale...

Eg sitera mi kjære datter - ©Katja "Kva er meininga med livet om det berre er vondt?" - så vrir eg litt på det "Kva er meininga med livet om du kun vil andre vondt?"...

Måtte vi alle gå ut med all den godheita som er mulig å få fram ❤️❤️❤️ Og med det må eg dele frå konserten til Madonna i Stockholm 14.11.2015 - dagen etter terroren i Paris...

Elles har vi meir enn nok å gjer for å prøve å kome oss inn til advent eller veffal i løpet av advent. Tida for å vere vekke i fleire daga kunne nesten ikkje vore verre, men når ein må så må ein...
Jaja ein ting er veffal sikkert og det er at arbeidet går beklageligvis ikkje sin veg ;)
Prosjektet våra rulla og istaden for å ta turen vekk nåkken daga skulla eg heller ha vore heime av fleire grunna!!...
Familie ❤️ ein sterk, samla og god familie betyr alt!! Love you ❤️


Ein nær og god familie gir livet meining, du Katja gir livet mitt meining sjølv kor vondt eg har det ❤️❤️❤️
Klem -Anja-

©Anjas❤️skatter 

søndag 15. november 2015

For tida svart

Satt i frisørstolen ein dag her i veka å tenke at det hadde vore kult å få farge i håret etter stemninga i livet... Heldigvis har eg ein frisør som tenke litt meir rasjonelt enn meg så det blei lite forandring på meg heldigvis!!

Fredag var eg og barna ute på Devoldfabrikken å såg på tenning av julelysa. Litt tidlig men utrulig flott!! 
 Her er folk samla for fakkeltog og julelystenning...

Så har vi haldt til på Sunde for å kome oss litt framover, og burde vel skrive stort at det ikkje er lett å kome raskt framover med ein slik skrott. Litt blir gjort av andre så følge eg med...vi hadde så gjerne håpt å kome oss lenger før vi blir vekke det meste av komande veke!! Skulle gjerne sett golvet på kjøkkenet ferdig og gjerne innredninga oppe, men men eg har ikkje lært å trylle enda ;)
Så har vi "litt" flis til overs som vi skulle ha på kjøkkenet, ja impulsive som vi er har vi kjøpt nytt gulv og skal no prøve å få lagt flisene ute nede...ja ja og sånn går dagane.
Sjølv om det ikkje er lett å få tak i fagfolk har vi eit håp om å vere inne i god tid før jul!! Vil så gjerne finne roa til advent i nytt kjøkken ❤️
Flinke arbeidsgutar!!...

Tungt når ein skal vere så ufyselig dårlig, og ikkje sjå enden...eg helde fortsatt motet oppe innimellom, men etter snart fem år er det ikkje lenger ei sjølvfølgje å klare det. Fem år er lenge med konstante smerter, lite søvn og uuthaldelege smertetoppar, og kanskje ikkje så rart at eg no kjenne det virkelig i topplåkket.
Delt på Instagram Anjasskatter: Må vere sikker på farge for det blir ikkje meir oppussing på ei stund!! #oppussing #dempetsort #jotun #interior #interiør #inspo Gleda meg virkelig til vi blir ferdig...🌸 Akkurat no er ting like svart som malinga, ja det er tungt både med oppussing, helse og ikkje minst kampen mot staten!!!...

Ha ein fin og litt lysere kveld rundt om!!
Klem -Anja-

søndag 1. november 2015

Enkel turperle

Ein ting som er sikkert er at det er mange fine turområder rundt oss...Men, min favoritter når eg kan få tatt ein tur opp på Leirvågfjellet - det beskjedne fjellet med den fantastiske utsikta!!
men sjølv om høgdemetrane ikkje er mange så kan ein få seg ein god trimtur (den som klarer)...Vi går alltid opp "Petterløypa" og den er jo bratt nok til å få mosjonert både beina og kondisen ;) Så går vi "langløypa" ned...
 Torsdag i fantastisk haustver med nysnøven i fjella...
Frå toppen mot Fiskerstranda, Hessa, Godøya og Ålesund...
Hjørundfjorden...
Har ein ekstremt sprek pappa som kvar gang vi går ned slenge seg i greina...
I dag 1. november stormar det her verre var det i natt da, så vi skal kose oss med litt innesyssel, medan eg kan lengte etter ein fin hausttur i fjellet...
Klem -Anja-

fredag 30. oktober 2015

Hus for salg!!

Ja, no ligg huset våra ute for salg og venta på ny eigar eventuelt eit par leigera :) 

Utrulig fint og sentralt område i Langevåg, 5 minutt å gå til sentrum og 3 minutt til Kiwi butikken på nyvegen ;) 


Velkomen til visning torsdag 5. november kl. 17.00 - 18.00!!...
 Det herlige uterommet med plass til utebad og sittegruppe...


Om du er på husjakt eller skal selge hus? ja då ønska eg deg ekstra lykke til og ha ein fin dag!!
-Anja-

mandag 26. oktober 2015

For første gang......

...Trur eg at eg kan skrive for første gang sidan januar 2011 har eg kjend på tanken å ville gi opp!!... Eg som har det mottoet at "eg har eit liv og det vil eg leve"!! Kva har skjedd!?...
Eg går i motbakke kvar ein dag og prøva å finne det lille positive og klamre meg fast ved, men akkurat no har eg ikkje lenger lyst å vere i godt humør, prate med folk eller sjå ein j**** lege i augene!! Akkurat no ønska eg aldri å ha vore innom Ålesund sjukehus, eg ønska eg aldri hadde sett dei to som opererte meg i januar 2011!!...

Kva med å tenke på kva dåkke har gjort!? Det kan ikkje vere slik at så lenge det ikkje går bra med ein pasient så "ta pasienten for det". For eg har prøvd å finne svar disse åra og spurt dei og får litt nedlatende tilbake ja spesielt etter at eg melde inn ein skade. Neida, send meg vidare og legg papira i ei skuff og gå rundt med nasen i sky, ja eg syns eg ser han eine for meg.
Det er nok ikkje likt meg å spy eder og galle på denne måten, men no har eg fått nok og må få det ut på ein måte...eller berre gi opp(?)
Ja, eg ser forbaska frisk ut...men heile kroppen leve i eit smerteh****** 24/7 og foreløpig ingenting som hjelpe på det,  kanskje dritfylla men det ligg ikkje heilt for meg...

Akkurat no prøva eg å finne noko positivt å halde fast ved, men det er svart!! Det er tøft å skulle vere blid og "oppegåande" til ei kvar tid, og spesielt når eg møte så lite forståelse for mitt handicap blant "venner og bekjente". Eg er langt ifrå bra, ja eg har fått kommentara på at no er det ei stund sidan sist operasjon og du er bra.........eg skulle berre ønskt det var så lett!! 
Eg ligge no i senga søvnlaus som ofte elles med ein fot så full i nervesmerter at eg ikkje ana kvar eg skal legge den, og samtidig ein rygg som er så vond uansett korleis eg ligg at eg skulle bytta den med einkvar prolaps!! 

Akkurat no er eg fortvilt over at legane kan ta så lett på øydelagt liv(skvalitet!) for eg vil følge opp barna mine, kose meg ein kveld ilag med mannen min, trene hunda, ha reint og ryddig hus 24/7 (som alltid før!), kle på meg sjølv kvar dag, ta på meg diverse verv igjen, spise god mat utan å vere kvalm (har eit problem med kvalme ved sterke smerter), 1 time eller berre 5 minutt smertefri, besøke familien, halde kontakt med venner!! Eg kunne fortsatt lista lengre enn langt, men det er liten vits å ramse opp ting som ikkje er gjennomførbart!!...

I tillegg til min skrale skrott skulle vi vel vere så heldig å ha ein frisk far i heimen ❤️ Men slik er det ikkje her, vi er langt i frå ein a-4 familie og godt er det!! Men akkurat no kunne vi trenge ein liten pust med "frihet"...frihet/ferie til å kunne kjenne på eit liv utan smerte der vi berre kunne fått tida å kjenne på heilt andre ting.
I dag har eg fått det siste lille som har gjort at nok er nok, ja eg har kjent på det ei stund men tenkt som alltid før at det går seg til...

Eg håpa at gnisten kjem raskt tilbake for dette er berre heilt dritt!!
-Anja-

lørdag 24. oktober 2015

Surrealistisk!!...

Ja, akkurat det eg har vore vitne til dei siste dagane er nok det og faktisk så at eg nesten ikkje har ord...eg trur nok eingong ikkje den amerikanske filmindustrien har ein slik fantasi at dei kan finne på slikt. Så med det trur eg alle løgnene godt kunne heldt til ein Oskar i gull!!........hmmm det her gav meg ein steike god ide, og det værste er at eg slipp å dikte eit manus til svart komedie, det er berre å ta fram frå minnet og "stikkorda" så kan dette muligens bli eit kvart "sykt nåkke" ;)) for det er akkurat det dette var SYKT SYKELIG!!...
Vi starta med herlig kaffi og frukost på Racoon Coffee & More...

Sett dei siste dagane under eitt har det vore fint på få tid med mi kjære storesøster igjen ❤️ sjølv hadde det vore betre under andre omstendigheite...men vår familie helde saman og vi gjer alltid det beste utav einkvar situasjon.
Før ho for heim så var familien samla til eit fantastisk sushi måltid frå Zuuma...


Tenke det er viktig for alle å ha tanken i hovudet om å vere ærlig, ja vær ærlig for ei løgn blir ikkje sannere uansett kor mange ganga du fortel ho. Om du vrimla deg inn i ein skog av løgner er det desto vanskeligere å kome deg ut med æra og stoltheta i behald...

Eg skreiv dette for nåkken daga sidan...Vi har vaska oss ut av huset som det skal vere visning i på mandag. Så no ligg eg i senga på Sunde å høyre kor det stormar ute og kjenne på ei herlig ro.
Hundane har også roa og søv lenge...skal tru kva tid dei har tenkt å vakne!?...
Ha ein herlig og kanskje vindfull dag ❤️
Klem -Anja-

Kvalpa - sommaren 2026!

Velkomen juni og med det vil vi dele planane for sommaren 2026.                     Ei veke har i dag gått sidan det siste møte, så då kan v...