mandag 8. april 2013

frustrert.no

Skreiv tidlegare at no skal eg kanskje bli enda «ærlegare» - ikkje det at eg har gått rundt å sagt/skreve usannheter her ;) men eg har kanskje ikkje hatt for vane å «spy» ut «dritt» som ikkje alltid er like kjekt å hyle ut om eller for andre å lese, men trur kanskje det er ein fin måte for meg å lette trykket på…Dåkke er no advart og velge sjølv om dåkke vil lese meir ;)
This is me and my dogs - og takk for dei!! Utrulig godt å ha som kan dra meg med ut i skauen, men dei skulla berre visst kor masse eg eigentleg vil gjere ilag med dei, men eg håpa det kjem ein dag!!...


Har i dag igjen tatt nåkken telefonar…torsdag 4. april jepp på bursdagen min ein heil forjævelig dag måtte eg berre ringe rundt å høre kor «tingenes tilstand» var for då var det igjen knapt at eg klarte stå på beina og det same for fredagen, heldigvis betre på laurdagen!! Men det tar på å skulle vere smilande sosial når ein har slike smerter, men å gå rundt å vere sur er heller ingenting for meg…
Torsdag fikk eg beskjed med Ulriksdal sjukehus om at dei ikkje hadde fått papir frå sjukehuset, men dei kunne berre sette opp ein time for konsultasjon for dei hadde ikkje ventelister. Då begynne eg å lure kva som skjer sia eg var på sjukehuset i januar!??
Trudde eg blei tatt på alvor når situasjonen er som den er og blei litt frustrert, er jo to månader sidan eg fekk avslag frå Trondheim om å operere inn ein ryggmargsstimulator som skal lindre smertene – avslaget kom på grunnlag av at eg skal på second opinion i Bergen.

Når eg ringer til ortopedisk kontor i dag så kan ho sei at brevet var sendt frå legen 28. januar!! Så prøver eg Bergen igjen og ho blei overraska med beskjed om å ringe tilbake seinare i dag slik eg får snakke med legen, han var fortsatt i operasjon kl. 1530 så eg får prøve igjen om ein time…fortsatt opptatt, han sulle ringe tilbake...
OMG trudde verkelege ikkje at ting skal ta sånn tid!! Jada, så må alle dåkke som meiner eg er ein av dei ved klagemuren berre meine det!! Men tida går ekstra seint når ein har store smerter... Det er  tross alt livet mitt som står på «vent» med dei smerter og ekstreme ubehag som følger, eg er ei småbarnsmor som har ønske om å ta godt vare på barna mine utan store smerter og kort lunte, drive butikk, arbeide, vere i aktivitet etc. det er vel ikkje for masse forlangt, eller!? Eg har enorm appetitt på livet og har alltid ting eg vil gjer, blir då frustrert når det er småting eg ikkje lenger klarer å gjer…
 Nåkken har kanskje sett disse bilda på bloggen tidligare, men det er veffal ei stund tilbake sida, så la gå...
Kanskje er eg betre i profil...

Har sååååå lyst å få snakke med legen og få nåkken svar, skal bli spennande å høyre kva legen sei og håper på positiv tilbakemelding  – det hadde verkelege gjort seg!!

Katja dagen før bursdagen min: «Mamma, ka du ønska deg i bursdagsgave?»  «Hmmmm…Ein god rygg...»
«Hehehe det kan ej ikkje gi deg for ej kan ikkje trylle, men ej kan jo gi deg eit gavekort på sjukehuset - berre ikkje Åse sjukehus!!»

Eg er berre så heldig som har to slike flotte barn ♥ som lære seg å leve med ei mamma som ikkje alltid klare det både dei og ho vil…Det er sjølvsagt litt frustrerande for dei at planar går i vasken, men eg prøver å ta det igjen innimellom :) Som å reise på Langedrag og andre koselige ting då må eg berre auke den daglege dosa av smertelindring den dagen og dagen etter - men det er det absolutt verdt for at barna skal kunne få kose seg…
Mine to aller største små skattar 

Elles er eg takknemlig for den flotte familien min for forståing og all hjelp ♥ Har også nåkken få venner som har forståing og er til støtte…Ikkje minst ei herlig «jente» som eg ikkje ser så ofte men som viser ein slik omtanke for meg og til mamma når ho er innom å handla på butikken at det rører meg langt inn i sjela…

Eg er ikkje interessert i at folk går rundt å «syns synn i meg», så derfor blir det til at eg alltid sei at det er berre bra med meg. Men berre at folk kan ha ei forståing for at eg ikkje lenger klare å gjere alt det eg gjorde tidligare…

Det har vært masse «rabalder» sia eg var så «dum» å la meg under kniven første gang ein januardag i 2011 – sjølvsagt skulle dette eigentleg gå veldig bra og eg skulle bli heilt bra i ryggen, slik skulle det ikkje gå og det gikk frå vondt til verre, masse verre…Men no er våren her og eg prøver igjen å vere optimistisk sjølv om det lille av piff snart har rent ned flaskehalsen. «Jeg velger meg april» har eg i lang tid hatt sansen for og det er månaden eg er født og det er litt «meg»…

Jeg velger meg april!

Bjørnstjerne Bjørnson
Jeg velger meg april
I den det gamle faller,
i den det ny får feste;
det volder litt rabalder,-
dog fred er ei det beste,
men at man noe vil.


Jeg velger meg april,

fordi den stormer, feier,
fordi den smiler, smelter,
fordi den evner eier,
fordi den krefter velter,-
i den blir somren til!



Kan altså i dag titulere meg som ei «frustrert frue» eller kjerring som eg likar å kall meg sjølv!!...
Så håper eg at dåkke som leser det ikkje blir frustrert av det…
Klem -Anja-

1 kommentar:

  1. Kjære søta mi ♥ klag i vei. Det er din blogg. Så får folk holde seg unna om dei ikkje tåle en dag med kjefting. Dei sku bare visst...... stå på du vennen ♥ love you alltid.

    SvarSlett

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...