fredag 12. april 2013

Vår i butikken ♥


Det vårast rundt om og det gjer det også i butikken!! 
Når våren er her og sola skinne på oss er det herlig å ordne til med nye varer og ikkje minst ha nåkkken «snuoperasjonar»...
Er så heldig å ha slike flinke, lojale og kjekke ansatte ♥ Dei betyr så umåtelig masse for meg…Vi er jo ein fin liten «gjeng» her nede og vi stortrivst ilag – innimellom skulla vi nok hatt ein person til ilag med oss, men vi forhasta oss ikkje. Vi må ha nåkken som går godt ilag med oss ikkje minst kan jobbe sjølvstendig i og med eg for tida ikkje kan vere der så masse... 
♥ Herlig syring og roser 
Eg får ofte tilbakemeldingar frå butikken at det har vært fornøgde kundar innom både frå nær og fjern. Ei koselig dame var innom å handla med seg varer som ho skulle ha med til Danmark, mamma fikk «sjokk» når ho skulle ha alt med tilbake på fly ;) Ei anna koselig dame var innom frå Gøteborg og det var berre ros å få ♥♥♥ Utrulig kjekt for meg å høyre…

I går hadde vi fleire kjekke kundar som skraut av varer og butikken – ei koselig dame syns det var så masse fint interiør!! Det syns vi også, men vi skal jo ikkje skryte heller da, men litt for ein kvar smak er her nok ;)

Vi venta inn masse varer frå Norge meir frå Herregård og ikkje minst spanande nytt som vi gleda oss veldig til!! Lekre og «nyttige» - «hallo her e vel alt nyttig!! Eller!?» varer frå Sverige og ikkje minst påfyll av det vakre frå Lene Bjerre!!...

Håper du liker det du ser og eg sette stor pris på alle lesera av bloggen, følgere på facebook og ikkje minst alle våre flotte kundar ♥♥♥ måtte dåkke alle få ei herlig helg…
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...