onsdag 26. juni 2013

Kan EG!?...Då kan veffal DU!!...

Heimen har blitt litt meir tilfeldig etter at eg starta butikk...Her er det lekkert sølvfat frå Nomi-Import, lys frå Vinding, Lekre peonar frå vår leverandør Primaflor og sist men ikkje minst lekker Pip krus...
Heilt klart!!...Har eg klart å drive denne butikken vil eg tru og sjølvsagt håper mange andre også kan!!...Eg må som sikkert mange har fått med seg snart takke for meg for drifta av butikken midt i hjarte av Langevåg sentrum :(  Det er overhode ikkje med lett hjarte eg må avvikle, men alt til si tid og no må helsa mi settast først…
Butikken har vore i sentrum i godt over 30 år!!...eg tok gladelig over stafettpinnen for snart 5 år sidan og skulle hatt den enda lengre om ikkje helsa mi svikta heilt.

Går du med tankar, idear og draumar..........kan ein kanskje berre sei «Hopp i det!!»

Livet er fylt av mange opp- og nåkken nedturar akkurat det same gjelde med drift av ein slik butikk…for å oppsummere kort litt av dei:
*Oppturar begynner med innkjøp av fantastiske varer frå mange forskjellige leverandørar, så skal ein pakke dei ut få dei i hyllene og lage utstillingar – det er jo rett koooos…så gjennom dagen får ein arbeide med det ein likar så veldig godt, og kan då ha interiør som jobb altså meir enn berre hobby. Gjennom dagane, vekene og åra har vi massevis av flotte kundar som koser seg med å sjå på alle fine tinga og har problem med å velje kva dei skal ha ;)
Eg kunna sikkert ramsa opp av flotte ting gjennom ei veke, men det kan jo berre tenkast…energi får ein i flust det har vore litt av det som har gitt med og holdt meg oppe dei to siste åra når ein får vere kreativ og jobbe med så masse fint.
*Nedturar kjem den dagen du innser at huset er for fullt og du fortsatt har lyst å gjere om å putte fleire ting inn i heimen…og når du har fått inn så mange fine plantar at du må kjøpe med eit par heim, som etter eit par daga slengande i vinden på trappa innser at du ikkje rakk å plante dei ned før dei dauda…………….Det er snakk om nedturar det!!
Men, den aller største nedturen min vil bli når eg stengjer dørene, og enda verre om eg då ikkje har funne nokon til å ta over stafettpinnen…Butikken har vore her så lenge at det vil vere eit stort tap for bygda og tilreisande å miste den!!...

Lokala butikken er i på ca. 215m2 totalt med lager og kontor er det ca. 325m2 er i Gavehusets eige. I første omgang har vi lagt lokalet ut for sal, men om det skulle vere av interesse å leige ser vi også på dette som eit alternativ.
Når eg valgte å legge den ut for sal var det med tanke på å kun selje lokala og ingen plikt til varelager etc.
Eg kan ikkje kalle meg ei businessdame så derfor ligg det ikkje heilt for meg det med å leige ut eigde lokale. Eg kunna sjølvsagt invitert inn fleire som kunne leige som lager, kontor eller kanskje hadde dette vore ypparlege lokale for eit VINMONOPOL – men der er eg då ikkje…eg vil helst at vi skal ha ein liknande butikk her i vågen.
Vi har Langevågs «beste» lokal og ligg jo midt i sentrum med inngang frå begge sider med bank, apotek og dagligvare rett ved.

Langevåg sentrum er i stor vekst og i tillegg er det stor tilflytting frå Ålesund og kommunane rundt, fleire og fleire legg handelen til Langevåg – så her er det stort potensiale og butikken er godt innarbeidd!!
Om du er ein person som elskar interiør, liker å omgås mennesker og utfolde deg kreativt – så har du ein once in a lifetime akkurat no!! Kjenne det kribla når eg skriv det – kunna det berre vore meg!!...


Om det er av interesse er det berre å ta kontakt med oss for spørsmål enten på mail eller telefon.
Du når meg på
anja@gavehuset.no eller 900 18 619
Blomsterbinderi er kjekt#vakkert#kreativit#ro#energigivende#glede...
 
Ha ein strålandes dag!!
Klem -Anja-

2 kommentarer:

  1. Søta Anja! Så trist å lese at helsa skal ødelegge for dej! Håpe å trur at framtida he masse godt i møte for butikken, og ikkje minst for dej! Klem fra Toril (Fagerhol), som har stortrivdes i butikken din!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ååååååå goeste Toril!!
      Tusen takk for dei fine orda ♥ og ikkje minst alle koselige turane innom butikken!!...
      Så fin blogg du har, den skal ej følge med på vettu ;)
      Ha ein herlig dag!! Klem

      Slett

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...