mandag 27. januar 2014

Livsdraumen opp i intet...

...Ein liten draum om "det normal liv" og ein vanlig og hektisk kvardag...Kvifor kan eg spørre meg!??? Men, det hjelpe så lite å kanskje vere etterpåklok og skulla innsett før at med dei plagene eg hadde kunne eg gått litt ned i jobbmengde og fortsatt hatt livskvalitet :))) Men, eg gjorde som eg blei anbefalt, den "raske" løysinga til den perfekte rygg..................ja, det skulle vere det da!! Men akkurat når det står på som verst blir eg lei, men det har faktisk inga hensikt...
Begynte å skrive på fredag, men kroppen verka, hovedsakelig er det som eg ha skeve tidligare den "tragiske" ryggen som er problemet og spesielt etter først operasjon i januar 2011. Men, no har eg erfaringar med at smertene forplantar seg, eg har og er innom nervesmerter i hovudet, smerter i bein ja i tillegg til den foten som blei nerveskada under operasjon, nakke, skuldre og no i det siste har det også slått seg på armane og fingrane...Det er derfor eg ikkje kjem med dette før i dag for eg har brukt litt tid på å klare å skrive "ferdig" og ikkje minst prøve å rette opp i dei fleste trykkfeila eg har no...
 
...Kanskje ikkje alltid så lett å sjå, men det er for meg trist og tragisk, nåkken av dåkke har hørt eller lest om det før, men sjølv min "tilstand" prøver eg så godt som mulig å halde humøret oppe og kvardagen gåande!...
Eg står opp til dei samme intense og grufulle smertene kvar dag, eg har barn som skal avgårde og må opp sjølv kor lyst eg har å slippe å jamre meg gjennom dei skjerande smertene. Eg hører om draumar og lyster ja, eg kan skrive under på at eg har mange av dei!! Det har eg alltid hatt, noko å strekke seg etter det er mange som har draumar dei må gi slepp på av forskjellige årsaker...Materalistiske draumar er det ein ofte har, kanskje er det det eg har når eg sit å tenkje på alt eg skal få gjort ute til våren. Etter Dagmar herja blei heile uteområdet rassert og eg har verken hatt energi eller krefter til å begynne på det, men lysta ja den lysta og dei små draumane om korleis det kan bli er der.

Om du står midt oppi det, hage eller hus rassert av naturkrefter er det ting som kan gjerast, kanskje er uerstattelige ting gått tapt og eg føle då med dåkke!! Eg har også nåkken få ting som er uerstattelige, men heldigvis kan det meste skaffast...Om du er råka så må trøsta når det e som svartast vere at livet er "på vent" i toppen eit til to år og du klarer å få samla ting slik du får ein kvardag i mellomtida...verre trur eg det er for eg har kun opplevd rasering utvendig og det er til å leve med for dei som av helsemessige årsaker har livet på vent!!...

Eg kjenner på den følelsen kvar dag, eg legge den til sides og tenker at slik er ståa og eg klarer ikkje gjer noko meir med den aleine...Nei aleine???!!...Så var eg med lege i januar i fjor, blei henvist til ny spesialist til "second upinion". Eg fann etter lang tid ut at her måtte eg dekke ALT reise, opphald, undersøkingar, treningar og eventuelle operasjonar, skulle eg ta dei operasjonane det har vore snakka om er vi trulig rundt ein sum på kr. 500.000,- jaja pytt sann for folk med masse penge, men eg kan ikkje hoste opp ein halv million "sånn der".
Etter ei tid blir eg henvist til nytt sjukehus og fekk ikkje mindre enn to brev i løpet av hausten at eg var prioritert pasient og ville få innkalling i eige brev!! JOHO!!...
Eg ringer først ein gang å får høre at eg får time innan 11. april, ville sjekke no så eg ikkje blir innkalla når eg er ute å reiser, får då ny beskjed at eg er garantert time innan 18. november 2014!! Fortvilande for meg men ikkje minst resten av familien at det tek så lang tid...

Det hjelpe liksom ikkje å "legge seg føre" kjente i jula med to dager til kos, familietid og sløvings at kroppen var satt enda eit par hakk tilbake!!...Så mitt råd til alle dåkke som ikkje er heilt i form der ute: Ikkje legg dåkke ned missforstå meg rett, det er viktig å kvile innimellom men ikkje ligg heile dagane, det er det første som bryte ned kroppen, jo meir du ligge jo dårligare blir du, så kom deg ein tur ut i friluft, om du ikkje klare gå så langt, gå dit du klare og stopp opp, sett deg ned, sjå rundt deg og dra det inn - her kan du hente nye krefter!!
Eg får vondt når eg går, kanskje derfor eg går så fort for å kutte ned tida på "gåplagene" ;) gjer øvingar etc. det er vondt og til tider kan ei tåre trille, om den trilla for at det er vondt eller rett og slett pur forbannelse over smertene skal ikkje vere sagt...

Spesielt fredag og lørdag har eg hatt uuthaldelige smerter, kvalm og ingenting som har hjelpe, fredag kveld kravla eg meg på beina for ein tur...lørdag formiddag gjor eg det samme, med det resultatet at eg kolapsa med så store smerter når eg kom heim, veit jo at tur ut i frisk luft hjelpe på sinnet, men tydeligvis ikkje alltid på smertene. Men, ikkje gi deg av den grunn!!! "Vinne smertene har DU tapt, så gi dei kamp til siste slutt...
Små ting kan hjelpe på vegen gjennom ein lang og tung dag...fredag var eg ein kjapp tur innom Gavehuset og der fekk eg lage nåkken bukettar - det er nesten som medisin for sjela dog kroppen lika det ikkje, men det er så utrulig viktig å finne ut kva som kan hjelpe for at sjela skal få positiv "mat"...Eg gjer mange ting som tæra på kroppen og gir meg i periodar enda kraftigere smerter, men om dette er ting som gir sjela og sinnet godt påfyll...ja så meina eg at det er verdt dei smertene for at haude ikkje skal bukke under ;)
Lørdag kveld var første gang på lenge at eg har vore fortvilt, fortvilt over at smertene har båra seg gjennom kvar ein nerve i kroppen og eg har no ingenting som klare å lette litt på trykket. Slike daga kjem nok for alle som er i ein "tilstand" med smerter og utmattelse, men det viktige er å la disse dagane drukne i alle der du klare å holde haude over vannkanten...

Eg sa til meg sjølv når eg gjekk til sengs kl. 21.02 lørdag at i morra kjem det ein ny dag med nye muligheter og eg må gjere det beste ut av det dagen har å gi meg...

Eg får så mange tilbakemeldingar på at eg må beholde humøret og på samme tid får eg høre frå andre som lurer på korleis eg klarer det...det er ikkje alltid like lett, men å vere sure og negativ til sin "tilstand" hjelpe lite og eg vil sei det er med på å drege deg enda lenger ned. Ver positiv, fokuser på livets lyspunkt og ikkje heng deg opp i dei negative "småtinga"...Du må gripe livet mens du har det og gjer det beste utav det. Eg håper at livet vårt kan få starte på nytt no når det kun er vi fire å fokusere på, la eg få "dommen" på kva som vil skje videre med dinne skrotten her slik at livet kan få veilede oss i riktig retning med opp- og nedturar, godhet og kjærlighet og eg veit, ja eg veit at uansett smertehelvete så skal det fortsatt få motstand frå meg, det positive skal herske over det negative og livet våra skal fortsette å fyllast med latter!!!...
Så alle der ute som slite i større eller mindre grad, eg føle med dåkke...men, husk å møt kvardagen med eit smil om munnen for då blir dagen uansett bedre enn det motsatte!...

I går søndag hadde eg ei herlig avslutning på ei laber helg...Ut på dagen klarte eg å kare meg i gang etter mange forsøk og tok med dei firbeinte og gofamilien på tur i vakraste omgivelsar i Solavågen, tur til endes forbi blåfjell utan å sjå ei einaste ørn ;) og ned til kvitberga...
For alle dåkke som treng påfyll, som kanskje har bukka litt under, røys dåkke, prøv å kom dåkke ut, ut å lad batteria få meir overskudd, det er hardt i begynnelsen men til slutt blir du avhengig og du er på veg opp!!!...Om du syns det er vanskelig å halde motet oppe aleine så få med deg ein venn som hjelper deg, løfter deg opp slik at du ein dag føle deg topp!!...

Det er viktig å ha høgdepunkt å sjå fram imot, denne gangen er det Thailand, neste gang kan det vere ein skogstur med mine kjære eller kanskje ein tur til hytta ♡♡♡
 
Kjem snart sterkare tilbake ♡
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...