lørdag 11. januar 2014

Kjellerstue :)

Her skjer det!...Vi har no fått oss kjellerstue til glede for både store og små. Ting skjer fort når vi plutselig får eit lite innfall og det blei no å utvide boområdet våra. Vi har jo hatt svigerforeldra mine i kjellerleilighet og når svigermor skulle flytte tenkte vi å leige ut, men så var spørsmålet til kven? Vi veit jo aldri kven vi kan få inn og vi fann ut at vi like godt kunne bruke heile huset sjølv ;)
Vi tømte, vaska ned og begynte å male...male, male og atter male vegga, lister, dører og karma. No er vi ferdig med stua og så står gangen for tur vi har begynt "så smått" men åjåjåj for eit prosjekt! men vi kjem nok i mål der også snart...
Tom har i dag opna opp trappa igjen og det var stor glede når Timmen kunne stå oppe og sjå ned på meg i gangen :)) Det har han ønska ei stund, ikkje minst var det eit stort ønske til svigermor som har hatt ønske om å ha open trapp i fleire år, hadde det vore opp til ho hadde det vore open trapp og påbygd gang for to- tre år sidan...
Gleda meg til å ta ho heim å vise kva vi har gjort, men må vente til Katja sitt rom er ferdig for ho vil så gjerne at Katja skal ha deira gamle rom...
Fått på plass skjenken med litt oppå..more to come :)

Det var så fint i går med lite og enkelt interiør, men no har bomba slått ned og litt kaotisk etter at vi har funne fram mange vekkgjømte skatta!!... Mamma og pappa var så snille å kom fykande berre for å hjelpe oss litt, så snilt det er av dei å stilte opp å hjelpe oss med bering for masse skulle ut og ein del inn...
Har eg sagt at ej er steike flinke med dinne!?..Om ej har vore det før har eg blitt ein jækel på den no ;)
No har eg tatt meg eit glass med rødvin og slappa av med Hangover :)))
I morra får vi prøve å rydde litt og sjå om vi får det lunt og fint...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...