mandag 2. mars 2015

Det e så gale!...

...er vel eit uttrykk eg så ofte bruka sjølv, ja så er det nok mange som ville sagt det om alle mine rare påfunn, idea og meininga. Er som vanlig heilt ærlig å sei at eg er ingen A4 person heldigvis og takk for det! og med det finne eg på små sære ting...slik som nåkke så enkelt som å gå på dass!! Å Herremin kor eg gleda meg til eg sleppe felles toalett, ja då slippe eg å sprite setet for kvar gang og i tillegg få papiret til å ligge skikkelig med dinne herre pumpa dinglende ved mi side...Ja for reint må det vere!! Så går eg faktisk til det lengste toalettet kvar gang for å få bevege meg, tek kun det her på rommet ved kriser ;)
Jaja det blei asså lesing om mi rare dogåing:)))
Jaja det som ligge nedi er berre papiret eg sprita dassringen med!!...Herremin litt av kvart å dele med dåkke, men HALLO ekje så lett å vere kreativ her inne ;)
Frå dogåing til rygg...Er det nåkken som vil sjå rullepølsa mi!?... No har rullepølse fått ei ny betydning og eg er glad det er 9 månader og 22 daga igjen til jul og vil då kunne klare å forkaste dette bildet av ei - ja rullepølse (fårefull som det kalkast på godt norsk, men heilt sia pappa og mamma laga rull heime har eg kalt det rullepølse!)...de kan sikkert som meg sjå likheita!?
Vakkert ka!?...for å vere ærlig, eg lika ryggen min mykje betre innapå enn utapå, ja men det kan vere slik med forskjellig ikkje berre ryggen min ;) Lika heile meg best innvendig eg...men no skal eg ikkje dra dåkke med ut på ein diskusjon om korleis eg ser ut og kanskje burde sett ut :))))
For dei som ikkje har sett det innvendig...så syns eg det er meir stil over dette enn rullepølsa sett utanfrå...Men etter tredje gang for å prøve å rette opp feil så er det vel ikkje rart at ting ikkje ser heilt greit ut!?... Samma kjerringa er eg uansett ;)

Litt sjukehuskultur bør ein ha!!...kven har ikkje telefonen på lydlaus om natta er ein ting!! Men kven ringe til ei som ligge påsjukehuskl. 07.06!?... Hadde ikkje gjort meg så masse 
om det ikkje var for at eg hadde akkurat sovna etter å vore så masse våken i natt ;) åjåjåj...ikkje berre skrotten som føles gammal men begynne å bli ei grinete kjerring i tillegg!! Hahahahaha...

Jaja...slik gjeng nå dagane berre i tullball eller balltull utan ball!! Steike det hadde vore artig å kunne spelt litt handball no :)) fotball også men det er ute og kaldt med for mange taklinga så eg trur eg står over enn så lenge...
Det går i same tralten men så dumt eg er ferdig med boka mi...er ikkje heilt igang med den nye enda. Sjukepleierane sei ikkje stort anna enn at "det går fint med deg og du har det du trenge?" Jauda... Åsså ser du kor dei gjer det, gjer meg klar for ein dusj på badet
her medan fleire hadde pleiera på rommet, skulle berre ut for å hente body lotion og då var det ei på veg med ei inn på badet. Skal de inn her spurte eg, ja om du er ferdig? Nei eg skal til å dusje...det var fint om eg få kunne gå ein annan plass. Joda ekje vond å be eg, men kvifor er det slik at nåkken skal ta hensyn til nåkken medan andre ikkje tek hensyn i det heile............?...

Eg håpa og trur at vræledama har flytta eller tatt seg ein pille!!... JIPPI!! :)
Så har det fleirkulturelle rommet skranter inn til kun ei som ikkje er etnisk norsk. Men kva hadde de valt forskjellig språk som jabba i same rom eller ein høgrøysta bergenser!? Lika bergensere eg asså, men du har den derre eine typen som du veffal ikkje ville blitt stua inn på eit firkvinnes rom ilag med...ikkje nok med at ho skjære igjennom med besøket sitt og ikkje minst på telefon!!.....men jaggu lika ho å gjere seg bemerka når ho søv også, ho drege den inn og meir som ho skal få fram ei skikkelig skarringi søvne bergenser som har flytta til Oslo veit å ville halde på målet sitt...shit der kan øyerklokkenene mine aldri klare å stenge ute!! Men får sjå det positive med det, eg har veffal underhaldning :))))
Etter ein varme og låke dag er det deilig å ligge her å nyte roa...
Sov søtt og drøym gode draumar ❤️❤️❤️
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...