lørdag 10. juni 2017

Sylvkallen ein bauta i Sunnøralpane

...Ja det er ganske så stødig det fjellet her, spesielt når eg sit å ser ut gjennom vindauget og inne på det massive fjellet. 
Med den enorme utsikta gledde eg meg til mandag slik eg skulle få vise Cecilie kva eg "taut" om.

Guri å vi tyte på disse turane, er litt stille når smertene er for kraftige eller konsentrasjonen for stor, vi flira og synge, men ein del av kommentarane er priceless og Cecilie sa nåkke slikt som "Anja eg er så glad for at du tek meg med på slike tura!...Sjå kor vakkert det er, ja ein skulle hatt dette rett utfor stuevindauget!" Det blir stille og eg ser på Cecilie - "hahaha ja du har det du ja, men men ikkje akkurat den vegen da!" ;) 


Fantastisk vakkert som å gå rundt i det finaste maleriet 
Cecilie såg inn her med den beste kommentaren på dinne turen...
Ja, eg ser ikkje rett inn her i Fladalen, men eg har jo ikkje så dårlig utstikt når eg ser fjella og tinda i Sunnmørsalpan
 

Skulle trudd eg hadde lært frå sist...men, NEEEEEIDAA!! Eg og mamsen vi var langt ifrå å gå så mykje feil som eg og ho her!...EG skulle vere så bråkjekk og følge med kvar vi skulle gå, men det vart å følge med på kor feil vi gjekk!. Cecilie ville ikkje vere med på ein lang, bratt og tung skog, ja så ho fikk det berre litt verre :)))
Oppi brattaste partiet i myraktig underlag snirkla vi oss mello m 
trea...eg har vel sjeldan vore så glad for å treffe ei rås som då.m Tenkte eg skulle ta eit bilde av Cecilie for å vise, men det ser Kjo lett som ein plett ut på bildet. Det til høgre over her då ha vi funne rååååsa... 
Fantastiske Hjørundfjorden...
 Hundane koste seg med leik og bading i elvene!!
 Veit ikkje kva eg kan sei for å forsvare virrelusene her asåå!.....Men i eit augeblikk av totalt draumetilstand gjekk vi forbi den lille usynlege stien som gjekk oppover til høgre og fortsatt rett fram. I tett, ja grauttjukk småskog var det så vidt vi kom framover.
Lykka var at det var fin plass for litt tissing i tilfelle eit par fugla skulle sjå oss...der det var så lunt og varmt fann vi også på
 at det var staden for å ta av oss buksa og gå i shorts. Nåkken som vil gjette korleis beina såg ut etter krattskogen!? Eg kan beklageligvis ikkje vise bilde då det er ei viss fare for real blending for kvar og ein av dåkke...
Men, bildet under her skimta de nok dei smidige og lekre beina til Cecli...

 Eit herlig trekløver...Midt i den tette skogen måtte vi berre ta av bandet på dei firbeine då vi kun satt oss fast. Dei fikk gå fritt eit stykke då vi hadde så god oversikt. Lite med folk og dyr, sikkert nåkken rype men dei held fortsatt til borti snøven...så med det ingen fare når det gjekk tre rundt beina våre utan å vere fastkobla!...
N
Ho som akkurat er ferdig med mammaperm passa på å hente seg inn i kvar ei ledig stund...
(For dei av dåkke som trur eg er splitte pine gal så har ho sjølvsagt vore med på mange tura i fjellet etter fødsel før ho var med på denne!)

Det går bratt og fint oppover...skulle vore snøven forutan for det var meir som slush og litt tundt å gå i opover, men treng eg å sei noko!? Med eit band i kvar hand der eg seilte på beina nedover og prøvde å styre så godt som mulig. Nede ved eine kanten (det var fleire slike snøpunkt) ante eg ikkje korleis eg skulle hoppe av og i dei sekunda eg klarte å sjå for meg noko så såg eg meg ligge der med skikkelig lyskestrekk ;)) Meeeen, det gjekk jaggu bra dinna gangen også, ja faktisk så bra at ingen av oss fikk skade av fysisk art denne gangen!!...

Eg gjekk oppover og koste meg med å sjå på det vakre rundt meg...når ryggen og foten begynte å dolke meg så tenkte eg kor heldig er eg ikkje som kan få gå her med ei god venninne, tre herlige svarte skatta i eit landskap som eg ikkje klare å beskrive på god nok måte.
Eg prøvde på med meir "drivstoff" og medan det skulle få kome seg gjennom systemet vart eg overmanna av ei enorm kvalme (sjølvsagt, hata kvalme men det kjem når toppane kjem)...Pusta som om eg sku føde og etterkvart klarte eg å gå. Cecilie stod heilt stille etter ho spurte om ho kunne få ta sekken min og vart blankt avfeid - sorry suringa snuppis ;) Så prøvde vi litt til og då høyre eg "du er den tøffaste eg veit om!" Å det gav meg energi til å kome heilt opp. Medusinen begynta å virke ca 20-30 høgdemeter frå toppen slik at eg makta dei også.
Litt nedtur då vi kom opp og ikkje fekk sett heile fjorden frå oven på 
Det vart ein del bilde av dei vakre fjella, men eg klare liksom ikkje heilt å dy meg...skydekket skifta så utrulig flott og det var berre då utrulig vakkert... 

Kjerringa skal prøve å bruke sjølvutløysar...det er faktisk enkelt i seg sjølv, men når eg skal springe fram og tilbake utan sko på dei ujamne steinene så sei det nok til at det ikkje funka heilt... ;) 
Fantastisk å berre sitte å nyte det magiske landskapet vi har rundt oss... 

Jada skikkelige klinehunda...
Sjå for dåkke meg på veg ned slushen (snøpartia) der eg seilte nedover med "sledetøyla" der eg klarte eg Faktisk å sleppe å flyge...
 

Steik for ein flott tur!!... 

Tuuuuusen takk for turen Cecilie!! 
Gler med til fleire tura ilag med deg, og kanskje er du snart turguide for meg og mamsen ❤️
Eg anbefala alle å starte på turen til Sylvkallen litt lengre ned enn kva som er skilta!!.. Vi gikk den ned for så opp igjen til bilen...
Håpe de likte bilda, det er ikkje så mykje som skal til før ein kan gå ut på tur...men husk å bygge langsamt opp 😊  og ønska alle god tur!!....
Klem -Anja- 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...