fredag 30. august 2013

Blomstrande fredag


Sola skin frå skyfri himmel her på Sunnmøre!! Vil ønske alle som ser innom bloggen i dag ein solrik og blomstrande fredag...

Tankane mine går til ho som er savna, familien henna og alle som er ute å leita...måtte dei finne ho i god behold...


Klem -Anja-

torsdag 29. august 2013

Finaste skatten på fire bein ♥


Vår aller beste «gromgutt» på fire bein har hatt ein vellykka operasjon i dag…Bajas har i bikka to månander slitt med infeksjon i eine tåa, det har i periodar vore betre og har sett ut som vi fikk kontroll, men siste to vekene har det blitt masse verre og ny kur satt i gang. No blei vi einige om at amputasjon av tåa var einaste utveg for å få han bra…

Heldigvis var det ingen komplikasjonar og igjen roser veterinæren denne fantastiske hunden som vi alle er så glade i… «Makan til hund og gemytt»!! og vi kan ikkje sei oss meir einig  ♥♥♥

Infeksjonen fekk han av eit kutt under eine tåa då han i eit forsøk skulle prøve ut rullebrettet til Tim Are, vi fikk då konkludert med at «gamle gubba» ikkje skal skate ;)  
No kryssar vi alt vi har for at rekovalensen går bra og at han blir like sprek igjen…godt han var i fin form før dette inntraff

Klem -Anja-


 
 In english
Our very best boy on four legs has had a successful operation today ... Bajas has had an infection in the toe, it has periodically been better and looked like we had control, but the last two weeks has there were plenty worse and new treatment initiated. No we were agreed that amputation of the toe was the only way out to get him good ...
Fortunately there were no complications and again the vet told us what a wonderful dog this is... "What a dog and disposition"! and we agree ♥ ♥ ♥

The infection he got from a cut below the toe was when he in an attempt should try out the skateboard to Tim Are, we got concluded that "old men" should not skate;)
No crosses all we have that everything goes well and that he will be as vigorous again ... I`M so glad that he was in good shape before this happened


Hugs -Anja-

onsdag 28. august 2013

I have a dream ♥

 Her i godstolen kan vi kose oss og drøyme oss vekk...
 
I have a dream...å dei små draumane mine er ikkje så store som før då ville eg liksom berre løfta øyenbryna til dei og sagt «er det nåkke å drøyme om da!?» Men vi alle har vårt og vi har vel alle våre små draumar eller??

Det er i dag 50 år sidan Martin Luther King jr. hadde sin berømte tale «I have a dream» og då er det ein fin dag å bruke den teksten… Kanskje kan vi tenke litt på den talen å sjå om vi har endra oss masse dei siste 50 åra!..
Vanskelig å forestille seg at det skal vere så masse urett rundt i verden, vanskelig også å tenke på at småting skal øydelegge folk, vennar og familie...

– Tidligare var det kanskje litt meir materialistiske draumar frå mi side, litt av det har eg enda for eg har ein liten draum om å finne huset som ligger fint og fredelig til, ein plass der eg kan få ro ilag med naturen…

Den største draumen som eg klamrar meg til kvar dag er å kunne bli bra, eller kanskje vanskelig å sette «så store krav» så då nøyer eg meg med draumar om å bli så bra som eg var før eg tok den første ryggoperasjonen…Då kunne eg gå i fjellet, styre med hus og heim utan å bli «utslått», ta meg av dei rundt med på ein fin måte, drive fult med hund og jobbe litt utan å bli «heilt tappa»…
Eg prøver å henge med så godt eg kan, tek ekstra smertestillande når eg skal nåkke og etterpå må eg finne meg i å måtte legge meg å nei du, D E T akkurat det finn eg meg ikkje i!!
Det viktigste er å prøve å sjå framover, håpe og drøyme om at en ein dag skal bli litt betre. Håp, tru og posivitet er viktig å ta med seg på vegen...

Hadde eit lite håp om flotte fjellturar no i haust, no må eg berre fortsette i det små og øve meg på å gå nedover, men dei store turane må eg nok utsetje til neste haust…men då vil eg gjerne ta opp igjen turane på dei forskjellige flotte fjell, dalane og toppane vi har her på Sunnmøre!! Ein tur eg og ho mor skulle ta var Slogen – den drøymer eg om…Så i mellomtida tek vi Slogen i hagen ;)

Du finn forskjellige slogen ale i butikken...Bildet var tatt ein varm junidag i hagen, så er det bilde frå verandaen til mamma og pappa der du ser Hurtigruta og inn i fjorden bak nokon fjell kjem du til Slogen...
 Dei fleste rundt meg veit kor eg slit med dei plagane eg har fådd, men «heldigvis» er det ikkje så lett for andre å sjå kor gale det er. Eg har det med å bruke «snakkeverktøyet» og latteren for å kamuflere det meste av og til skulla eg likt å holdt litt kjeft, men det er nok ikkje alltid så lett.
Har vist disse bilda på bloggen før...dette er noko eg ikkje skulle ha gjort, men dumt av meg å sei det no, så då er det berre å drøyme om å bli bedre og det skal eg jo bli!! :)))
Men akkurat no er det enklare å drøyme seg til ein «normal» kvardag!!...For det første skal vi forhåpentligvis selje butikken eller lokala den er i og etter eg bestemde meg for det, er det som om ei byrde letta seg for når du drive ein butikk og nesten ikkje har vore der på eit år, er det ikkje lett å henge med på verken det eine eller andre…
Har heile tida fortsatt planen om å bli «bra», så vi tek ein dag av gangen…
Det andre er nok heller inga nyheit, det at vi snusar på å flytte det er litt «vemodig» med tanke på huset og det at det er så fritt som det er her men likevel så sentralt, det ønske vi har om å vere rett i «naturen» og ha enda betre forhold til å ha dyr…nokon gard eller småbruk som Timmen vil ha er eg redd det ikkje blir, men tida vil vise.

…Eg har sjølvsagt fleire smådraumar som surrar, men alle er ikkje like lett å sette ord på…
Små draumar som om at eg kan drøyme meg vekk til hytta for ei veke eller
to til kos og avslapping ilag med familien, det er ikkje alltid så masse som skal til berre små gleder i kvardagen
fine og gode dagar med familien er små draumar i ein elles hektisk kvardag…

Her er vi ferdig vaska ut og låst på hytta...gleder meg til å kome tilbake og drøymer om fine dager!..
Det er viktig å ha draumar, men pass på at nokon av dei er realistiske og du ein gang kan få ta dei ned…det blir tungt om du skal gå å ha store og nesten uoppnåelige draumar små og enkle draumar er greit slik at du kan glede deg litt ekstra innimellom…

Ha ein draumande dag ♥♥♥
Klem -Anja-

tirsdag 27. august 2013

Sorgbinderi ♥

 Dei to dyrbare skattane mine bære blomster til grava til bestefaren sin ♥♥♥
 
Det har gjennom tidene vore leveransar til mange gravferder…andre meir «merkbare» enn andre. Somme tider er det «tøft» å arbeide med det, men det gjer på same tid litt godt, eg gjer mitt aller beste for at arbeidet skal bli så godt som eg klarer og det skal få pryde kirka på ein fin måte.


Det er fleire begravelsar og arbeid som sitte godt i minne…det siste var til min kjære svigerfar for eit knappe par veker sidan. Det som var det finaste med arbeidet var at mi skjønne datter Katja laga alt på eit hjerte til bestefar og skreiv til og med sløyfa sjølv og alt av arbeid og skrift kom rett frå hjertet. Kanskje var det litt av henna sorgprosess det å få kunne lage dette til sin bestefar som har vore så nær ho heile livet...
 
Vil no vise litt bilder av arbeida og litt bilder frå dagen…
Sola skinner inn vindua og kirka er fylt med blomster i dei vakraste fargar...
 Her legger vi ned blomstrane...
 To små gutar har ei stille stund litt bortanfor grava...
 Vakkert var det ved grava på ettermiddagen/kvelden, var oppe å strødde kvitløk overblomstrane for å prøve å halde hjorten borte og satt ned lykt og lys...
 
Tim Are sine ord for nokre dagar sidan ♥ «Han bestefar var veldig glad i oss og det må vi aldri gløyme» ♥

Vakre fargar, blomster og barn…med det vil eg ønskjedåkke ein ferdelig kveld ♥♥♥
Klem -Anja-

mandag 26. august 2013

Blei litt feil...

Likte absolutt delar av brannmuren før eg begynte...men lite å gjer med det no, så la gå og begynn på an igjen!!...
 
Endelig gjekk eg på eit nytt lite prosjekt, dette var liksom for sjelefreden ;)
Endelig skulle brannmuren i stua få ny farge og ville ha ei mørk grå kalkmaling frå Pure and Original. Skulle bli så herlig......åsså blei det så feil!! Jaja ei erfaring rikare og ikkje minst på med nytt mot, ta pussepapiret fatt og start frå nytt igjen. Det er ikkje alltid ting går slik vi ønskjer og faktisk er ikkje livet berre knappar og glansbilete, så derfor deler eg det misslykka resultatet med dåkke ;)
This is my life!!!

Barna er flinke å hjelper til med litt grunnarbeid og maling...herligste skattane mine ♥♥♥
Oppe til venstre er deler av muren før behandling, til høgre etter første strøk, så nede til venstre ferdig med to strøk og ser kor fine nyanser det er i den, så til høgre har strøk to tørka og den gråe giraffen trer meir og meir fram....
 
Vil jo gjerne at alt skal sjå bra ut, men det har seg slik at alt ikkje er bra til ei kvar tid...alle prosjekta mine går heller ikkje etter planen, eg deler gjerne idear og ting eg gjer og som oftest går det etter planen, denne gangen ikkje men eg deler det likevel...Eit tips er at det sikkert er lurt å bruke Wall Prime uansett om du skal ha det på behandla underlag, for hos meg var det kun vannbassert maling under...
Håper eg får giv igjen til å ta det igjen snart!! :)))) 
 

Ha ein marmorert aften...
Klem -Anja-

Grøn svinewok

 
...mmmmmm sunt og veldig godt :))

Eg begynne med å strimle passe stor svinefilet som eg marinerar i olje, 1-2 fedd hakka kvitløk og limesaft frå ein lime.
Kuttar opp hodekål, aspargesbønner og sukkererter.
Woka først kyllingen i varm wok/steikepanne, så kvar porsjon av det grønne.

Til slutt blanda eg alt og tilsette ein "dressing" av 2-3 ss olivenolije, 3 ss kikkoman, 1 (lita) ts sukker, og litt pepper.
Rør inn litt cashewnøtter og den er klar for servering :)))))


Verdt å prøve, ha ein grøn dag!!
Klem -Anja-

lørdag 24. august 2013

Solrik og blomstrande dag ♥

Det blei koselig, vakkert og velduftande...den lekre rosa «Lavender Dream» luktar like godt som den er vakker, i tillegg har vi lavendelen i tønna like ved...
 
Det var ein herlig og solrik dag i går…Tim Are var heime frå barnehagen fordi han hadde litt stygg hoste, vi var inne litt og foreløpig avslutta «prosjekt brannmur» og så måtte vi ut å nyte sola :)
Det er så deilig at sola endelig titta godt fram og vi kunne små pusle litt.
Vi kom heim frå Bergen siste søndag med bilen full av blomster, herlige roser og nydelige pelargonia frå mi kjære søster. No var det på tide å få litt stell på dei som har «blåst rundt» i vinden dei siste dagane!!...
I tillegg til blomster fikk eg den lekre krukka (håper inderleg du fikk tak i ei ny ei Irja!!) og den skulle ei vakker rose få plass i, ikkje mindre enn to sekkar med jord gjekk med og røtene får godt med plass.



Her er bilde før vi begynte, eit avkutta oliventre i eine krukka og massevis av plantar som vil bli satt på plass...Timmen flink å spyle fontena og litt rundt om ;) 
Litt vannkrig er kjekt og spesielt når storesøstra kom ut, då blei det vasking av teppe og litt spyling på kvarandre...
 
Tim Are meina vi må ha stooor blomsterhage, det er veldig viktig for at vi skal få det fint og koselig meina han ;)  Vi har jo den store skråninga på eine delen av hagen som har vore eit «mareritt» eg begynte så bra med å plante rododendronar der, men den er ikkje så lett å holde bra (i natt drøymde eg at det kom ein lastebil og dumpa massevis av masse der, blei fortvila for det blei jo berre meir uorden då! Skjønnar at eg grublar over dagens hendelsar når eg legge meg).
Eg og Timmen blei ferdig med prosjektet ved uthuset og det blei ekstra fint ved «hagestua/badestampen»
Tom og barna var på kvelden på besøk hos farmor ♥♥♥ Eg håper å få ta meg ein tur i morra då eg hostar og er forkjøla vil eg ikkje smitte ho, men når man er vandt med å vere i lag kvar dag savner eg ho når eg ikkje har sett ho på eit par dagar, ho som er så glad i blomster vil nok heilt sikkert like det vi har laga til utanfor døra henna når ho er tilbake...

Ei av dei vakraste rosene har no komt hit...Den er berre så fin og glad Irja fikk tak i den i Bergen, for eg har leita i Ålesund utan hell, trur den blei glad når eg endelig fikk den i jorda etter lang tid utanfor huset til «søstra mi!!»...

I dag skal vi først på Langevågsdagane og delta på sykkelløp, så blir det miniturnering på stadion her i Langevåg :)
Håper det går fint å reise frå Bajas som overhode ikkje er i form i dag, er så bekymra for han...Han har jo hoppa rundt på tre føtter i lang tid no, men over helga blir det sikkert amputering av ei tå, men i dag er det nåkke meir enn berre foten, måtte det gå fort over gromgutten vår ♥♥♥


Ha ein blomstrande og aktiv dag ♥♥♥
Klem -Anja-

Magisk helg...

Det er faktisk det eg tenkjer etter ei verkeleg magisk festivaloppleving i fjellheimen ♥ Foten av Besseggen var hovudarenaen for helga. Oppl...