søndag 23. november 2014

Dagen i dag...

...blir fylt med aktive og glade barn på handballbana...Katja skal spille handball og mamsen skal sitte ringside - hmmmm det blei litt feil Anja, men gleda seg til å vere rundt utstillingsringen igjen ;) Mamsen skal sitte på tribuna å heie på Langevåg!! Er forberedt etter ein halv time i varm dusj, ullstrømper, ull, kaffikopp og strikketøy. Sikkert nåkke av den særaste mora, men strikketøy er for meg fin "avledning" på smertene.
Bilde frå tusenårsplassen mot Breisundet...Veldig fin utsikt frå butikken
Etterpå blir det middag med mine kjære foreldre ♥ skulle gjerne fått meg ein liten fjellyur også men er nok litt for mørkt når eg er ferdig i hallen...

"Dagen i dag er ein vakker dag og du har fått den i gave" - det var ein av tkstane som var på vindua på butikken. Så kjekt med dei fine tilbakemeldingane på orda...eg hadde spredd glede til ei som ikkje hadde det så bra, ho måtte gå rundt heile bygget og blei så varm av orda ♥ det var kjekt at hadde ei slik virkning 
Eg ser fram til ein rolig og koselig kveld med mine kjære 
Klem -Anja-

lørdag 22. november 2014

Gavehuset Anjas♥Skatter

Overskrifta var først "Namnet er klart" og skulle publiserast mandag/tirsdag men nåkke gjekk feil så derfor kom det ikkje før i dag...dermed blei det overskrift som vårt nye markedsføringsnamn - Gavehuset Anjas♥skatter.
Heilt sidan eg bestemde meg for å åpne igjen har vi vore innom kva slags namn som skulle brukast…Eg var vel klar på at Gavehuset måtte eg gå bort ifrå, men NO har vi i tre veker sagt butikken og Anjas skatter, det fell liksom litt feil då vi har brukt eit namn om butikken i mange år. Då eg kjøpte Gavehuset i 2008 var det innarbeid og merkenavnet eg betalte for…
Må berre dele nåkken tidligare bilder frå Gavehuset...
Trykk på bilda for å sjå dei betre...


...Ja, det er mange Gavehus rundt om i landet «Gavehuset Gol», «Gavehuset Bikuben», «Gavehuset Brekstad» «Gavehuset Bryn» og enda fleire, men du har berre eit Gavehuset AS og det er det eg har hatt sidan januar 2009 og det har aldri vore stopp i bruken for å sei det enkelt: Vi har aldri seld Gavehuset AS, det blei oppretta nytt Gavehuset Langevåg i 2013 som leigde lokalet våra. Då dei ønska å flytte ut beslutta vi å ville selje bygget pga at eg ikkje er nokon utleigar eg er berre ei enkel butikkdame ;) Men, å sjå det stå tomt etter så mange år reiv i hjarte...så då var det berre å prøve å åpne dørene igjen for å få blomster i sentrum igjen, samtidig litt gaver og interiør som høyre med i eit Gavehus :) Heldigvis har vi leikebutikk i sentrum og då slepp vi å tenke på det og eg kan nytte meg av halve lokalet!! Det har seg slik at eit lokale med lager og bakrom på over 300m2 er vanskelig å halde i shape og veffal når helsa skranta, så var det berre å dele opp. Om eg hadde leigd er det stor forskjell på å leige 100m2 og 300m2 prismessig, men for vår del spilla det inga rolle då vi foreløpig eig lokala sjølv. 
No har vi endra litt slik at vi kjører undertekst/merkedsføringstekst - Gavehuset AS Anjas♥Skatter som blir ein vri som vi og kundane kan kjenne oss igjen i...  Vi var inne på tanken å kun bruke Anjas skatter, men alle vi har vore i kontakt med så forbinde dei plassen og butikken med Gavehuset og blir heilt feil å ta det vekk. Vi har fått tilbakemeldingar kvar dag om at det er kjekt at vi åpna Gavehuset igjen og det blei nesten feil å gløyme namnet sjølv om eg sa at namnet ikkje var på plass…

No etter dette innlegget blei skreve har Gavehuset Langevåg AS bytta namn til "Gavebutikken det glade hjørne" - så då blir det ein overgang der det igjen blir eit Gavehus i hjarte av Langevåg sentrum og på den plassen det høyrer heime ;)
Ja, eg har tenkt litt gjennom kva som har vore på Gavehuset gjennom tida og det er jaggu mykje!! Men, tidene forandra seg og det gjer også trendar og etterspørsel. Men, ein ting forandra seg ikkje og det er at de skal kunne få klassisk og tidlaus interiør og pynt med litt av tidas krydder innimellom!...

Skjønna at det kan bli snakka om og ikkje heilt forståing med det ang namn, men håpe forvirring av namna legg seg og folk skjønna litt kva "merkenavn" i bunn og grunn er ;)
Ha ein mindre forvirrande kveld 
Klem -Anja-

Varm ♥ velkomst

...Tusen takk til dåkke alle som gav oss ein slik fin og god "Velkommen tilbake!" med blide folk, gode klemma og fine ord  vi er takknemlig og med så mange lykke ønskingar har eg enda større tru på at vi har gjort det rette.
Måtte nå berre bli nåkke anleis utanfor døra også :)

Det har vore så masse folk innom disse to dagane og det er berre så kjekt, kjekt at de kjem innom å for å sei hei, kjøpe med helgas blomster, eller lys og diverse interiør.
Eg er glad for kvar eit menneske som er innom å ser og prata...men, litt spesielt då klokka passerte 12.00 på torsdag kom to av mine gode barndomsvenninner inn døra frå Ellingsøya ♥ det satt eg stor pris på!...Litt seinare kom ei anna god gammel venninne inn døra heilt frå Engesetdalen!! Det har vore så mange fine folk innom at eg skal ikkje nemne fleire, men de skal vite vi set pris på det!! 

Føle eg har fått mi lille hule, eit lite skattkammer som er heilt "meg"...har tenkt litt på kva eg skulle ha i butikken og då eg tenkte på å få inn bilder datt det inn i hovudet - "kvifor ikkje gjer det heilt personlig!? Eg bruka eigne bilde!!"...vips det gjor eg, hadde nok tjent meir på å bestille inn kinavarer, men disse bilda er kun i vår butikk og det personlige skattkammeret blei plutselig enda meir personlig
♥♥♥ 
Så mange som likte bilda og kom med fine ord og dei lurte på kven som hadde tatt dei...litt rart å sei at dei har eg tatt sjølv, eller høyre mamma sei at det er Anja!...Men, veldig nøgd med at eg gjorde det på den måten.
Så måtte eg ta med litt personlige bilder i butikken berre for å sette rette stemninga...

Ein del varer fekk forme butikken no i starten ein del meir er på veg frå forskjellige leverandøra, og sjølvsagt blir det advent til neste helg!!...

Så må eg berre takke for all omtanken de har vist meg ♥ Klart er det hardt å starte opp igjen butikk med ei helse så skral som mi, men eg har god hjelp i mamma og måtte vi kanskje raskt klare å opparbeide oss så bra at vi kan få litt avlasting til ho...
Eg sjølv skal prøve å ta vare på helsa så godt som mulig og ikkje kjøre på for hardt. No skal eg innimellom berre gå rundt å prate med folk, ta oss ein kaffi og nyte synet og dufta av vakre blomster og fine små skatta. Det gjer godt i ein kvardag fylt med smerter, og når eg i tillegg kan få sette saman blomster innimellom kan det ikkje bli betre. Eg er takknemlig for at de har tiltru til meg slik eg kan få utfalde meg, og fylle på med innhaldsrike små augeblikk danna av blomster :)
ELLES ER EG IKKJE GRAVID då eg har fått nåkken spørsmål, det er "Nora" flatten vår som er drektig og venta valper lillejulaften!! Dårlig timing!? I know men då eg parra ho visste eg ikkje at vi skulle starte opp igjen...ting skjer for i "Anjas galne verden" ;)

Tusen takk til dåkke alle for fine ord på meldingar, telefon og i butikken, ja rundt omkring også ;) Det varma meg så inderlig at så mange var glade for at vi er tilbake!! Samtidig må eg sende ein stooooor takk til mamma, ja det er MAMMAN MIN som er i butikken som gjer at eg i det heile tatt kan starte på an igjen ♥ Utan ho ved roret hadde det ikkje vore mulig å åpne dørene igjen!! Så håpa eg inderlig at vi skal klare å halde det gåande i laaaaang tid! Vi har, og får inn massevis av fine klassiske varer som kan passe i ein kvar heim, ein lastebil for frå Danmark i går med ein palle og bestilte inn ny no i kveld ♥ Spennande, kjekt og interessant...Det bobla snart over og sjølv kor sliten og låk eg var i dag tidlig var det så umåtelig kjekt å vere på butikken, det gir liksom meining det 
Ha ei meiningsfylt natt 
Klem -Anja- 


onsdag 19. november 2014

Kvit november

Kvit, rein og stille november...stille før stormen då den kjem med innslag av lilla og etterkvart raudt.
Orkide, Saintpaulia, Azalea, Cyclamen, Helleborus...

Vi har slått oss til ro med kvitt i både blomster, lys, lampeskjerma og tekstila det er deilig reint og passa til alt.

No har vi ei veke med det meste av blomster i kvitt og det er godt å igjen sjå at det bugna av blomster rundt meg igjen, og DET er virkelig balsam for sjela. Eg skal nyte, nyte det reine og friske, og ikkje minst dufta av herlige hyasinter...ja, dei har vi både på løk og avskårne 

Vi har knalltilbod på 4 taks orkidear til kun kr 199,- og lekre azalea kr. 39,- !!

Kanskje er du ein av dei som sakna diverse som vi hadde før, men ein del er tatt vekk og andre ting er undervegs frå leverandøra som enten ikkje har levert enda eller det står i rest. Blir litt slik når ein finn ut av å gjenopne berre veker før julestria...
Men, det er massevis av fine skatta vi alt har pakka ut og fleire kjem!! Ein del kjem heller ikkje opp før til advent...


Ta deg gjerne ein tur innom for ein kikk, ein liten prat eler berre ein kopp kaffi 

Natta er nær så drøym godt 
Klem -Anja-

lørdag 15. november 2014

Det er bekrefta ♥

På torsdag tok eg turen innom Emblem å henta Bjørg og "Nora"...såg at her var det ting på gang men alltid kjekt å få det konstatert. Litt i tidligste laget med ul men klarte ikkje vente til over helga ;)
"Nora" opp på bordet, av med litt pels og ikkje lenge etter vart det funn på skjermen!!...Vel inne på Emblem igjen blei det feira med kake og kaffi :) Alltid like koselig med ein kopp kaffi og liten prat der inne.

I dette bildet skimta vi to valper...

Du kan tru vi er spente i heimen og gleda var stor då eg sa at no er "Nora" heilt sikkert drektig og vi kan vente valpa rundt julaften. Tim Are slo salto i soffan, og dagen etter gjekk han rundt i klasserommet med mobilen å viste bildet og sa at vi skal ha valpa!! Alle såg på telefonen og etterpå såg dei berre spørjande opp på Tim Are, ja dei er litt spesielle disse "kennelbarna" våre og innimellom vanskelig å skjønne for andre barn  

Elles er eg ikkje så kravstor å håpa på eit fint kull på rundt 5-7 svarte valper ♥ Vi såg vel ca 4-5 på ul var litt tidlig og kunne komme tilbake neste veke, men det spilla ingen rolle,..så lenge der er får vi planlegge etter det og berre glede oss til små nøster til jul ♥ No som det skjeddde endringar i planane under denne paringsturen så ønska vi ho kan komme ein dag over altså skikkelige julvalper...eg sit gjerne med ribba i eine handa og tek imot valpa med andre, ja for då har liksom all arbeidsro senka seg i heimen.



 Far: DKV-14 WW-14 JEUW-13 SEU(U)CH Caci's Hit The Road Jack

Mor: Kvasneset`s Himmelske Honoria

Uansett når tid dei måtte komme er dei varmt velkommen og vi gleda oss stort til endelig å ha flatkull igjen etter 4 1/2 år med tørke...Det er lykkeventing her i garden :)

Ha ein lykke dag 
Klem -Anja- 

onsdag 12. november 2014

Berre ein liten ting - Årets Julebøsse ♥

Den 21. august begynte eg på eit innlegg, eg vile så gjerne rette fokuset på andre...men korleis kunne "lille meg" klare å få merksam nok til det!?
Etter at eg sendte mail til Sula Kommune i sommar har eg venta å høyre nåkke, men kanskje er her allereie eit passande tilbod i likhet med det eg tenkte på, eller kanskje er dette noko å ta med og jobbe litt vidare med? Eg ana ikkje, men kan jo ikkje slå meg til ro med uvisse...må enten få vite eller gjer noko ;)
Eg veit at det for eksempel er nokon som får trene gratis, men eg vil tru at det er mange som kvir seg på å gjere det på den måten der frivillige i idrettslaget får vite situasjonen. Kanskje er det lettare om ein søke/henvende seg til ein person i kommuna om tilskudd til trening. 

Den 16.09.2014 hadde eg og min kjære mann ein liten frisk diskusjon om meiningar rundt det med å bry seg i det som skjer rundt oss, tenke på andre etc. Er det slik at vi skal spisse albuane og sei at så lenge mine barn har det bra spilla resten inga rolle!?...
For meg er det ikkje slik og det riv i hjarterota kvar gang eg ser nokon som ikkje har det så bra, kanskje er det økonomi, psykiatri hjå foreldre eller noko anna, men kva som ligg bak spela inga rolle for det viktigste er å sjå om vi kan hjelpe på eit slags vis. 
Heldigvis om du er i tvil så er eg og mannen min av samme oppfatning at det er viktig at alle barn rundt om har det bra, og at vi skal gjere litt for at andre kan få det betre.

Vi set igjen bøssa vår på disken no før jul og håpe dåkke vil gi litt ♥♥♥ Eg tel opp for så levere det til Sula Kommune i håp om å få til eitkvart som kan hjelpe dei barna som treng det, og eit ekstra ønskje om at det kan vere starten på noko som kan fortsette år etter år...

Derfor sendte eg mail til kommuna om vi saman kunne gjere slik at alle barn kunne få lik rett til organisert aktivitet eller aktivisering på anna vis...og under her er eit utdrag av brevet.


Tilbod om organisert aktivitet til alle barn

Eg vil kontakte de for å høyre om det er mulig å få til ei slags ordning der alle barn har moglegheit for å få tilbod om organisert aktivitet, det vere seg fotball, handball, friidrett eller kva det måtte vere.

Det stikk til når eg høyrer at barn ikkje kan få delta på organisert aktivitet som andre fordi foreldre må prioritere kvar pengane skal gå til. Det er sjølvsagt fleire barn som sjølv ikkje ønska slik aktivitet, men det er kanskje fleire som ønska det, men der foreldre ikkje har moglegheit for å strekke til økonomisk og på andre måtar.

Eg tenke her at kanskje ein kan lage ei enkel ordning der at dei foreldre som ikkje har midlar kan få støtte gjennom ein pott eller eit slags fond.  Det kan i privat eller helst kommunal regi lagast eit fond der ein for eksempel får lokale eller andre til å levere «gevinstar» i eit stort lotteri som er som eit startskot for å samle inn pengar til fondet, etter kvart kan vi søke bankar og andre midlar om å gi av si avkastning til dette fondet.

Det er ikkje alltid snakk om økonomi, men at foreldre klare å følgje opp fysisk og psykisk. Det kan vere vanskeligstilte barn som absolutt skulle fått kome ilag med jamn gamle, og ha ei «fri økt» ilag med barn og unge der dei sjølve får utfalde seg og er i fokus, og ikkje måtte ha bekymringar opp til øyrene. Det med vanskeligstilte barn er ikkje alltid kanskje organisert aktivitet det beste, men kanskje kan dei få vere med ut i friluft saman med vaksne og kanskje andre barn, få ete eit måltid i friluft og mulig litt tilknyting med dyr…Dette må kanskje gå under ei gruppe i barnevernet eller nokon andre, men det veit eg ikkje – men få til eit slikt tilbod med lik linje som fotball slik at alle har moglegheit for aktivitet, og då få opplyst at eit slikt tilbod fins.

Det knyte seg når eg høyre kor nokre kan ha det, og derfor har eg eit skrikande ønske om at fleire skal få det betre.


Det er veldig kostbart å barn i handball og fotballen, sjølvsagt må idrettslaga ha sine avgifter for å drifte dette, men i tillegg er det klede, sko, kampar, cupar, reiser til og frå som både kostar masse og igjen til dei som ikkje klare å følgje opp. Så skal ein stille opp på dugnadar og selje diverse lodd og andre ting, dette er ikkje lett om foreldra ikkje meistra kvardagen like bra.
Som de sikkert skjønna har eg masse på hjarte og hadde min situasjon vore betre skulle eg gått i gang aleine, men eg håpa at eg denne gang kan få ei tilbakemelding frå de, og at nokon der kan hjelpe meg å dra det i gang, litt lettare inn mot bedrifter om dette også kjem frå Kommune. Eg skal vere behjelpeleg med å ta kontakt med bedrifter å spørje om gåvekort og premiar, skal sjå om eg kan få i gang ei gruppe på Facebook slik at eg kan få folk til å hjelpe meg å selje dette inn og gå rundt til husstandane i Sula. Så kan ein lage til slik at folk kan gi eit beløp rett i kassa for dei som ønska å støtte dette!!
Dette er noko som burde vere gjort utanfor dei forskjellige idrettslaga slik at midlane går til dei som verkeleg treng det.  Håpe dette er noko som kan la seg gjennomførast og ikkje berre ein liten draum om at alle skal få lik moglegheit for organisert aktivitet.
Ver så snill sett av vertfall eit menneske til å hjelpe folk som ikkje har det like greitt. 

«La oss saman ikkje gjere forskjell!! - Alle barn og unge har lik rett til organisert aktivitet!»

På førehand takk!!

-Anja- 

Litt anna situasjon no for eg har plutselig ein butikk der eg kan sette julebøssa på disken igjen!!...Dermed kanskje klare vi å få ein liten start ;)

Dette med å sosialisere barn som har ein vanskelig kvardag har eg tenkt på lenge. Eg har sett barn rundt som kanskje ikkje har hatt det så bra, fleire ganga har eg tenkt at eg berre ville gje nåkken av barna ein klem og ta dei med på tur ut i skog og mark, la dei få kjenne nærheita og omsorga hundane kan gi.

I alle år eg dreiv Gavehuset hadde vi ei bøsse ståande på disken i adventstida til inntekt for dei som trong det. Siste året samla vi inn til BUP som skulle gå til barnevernet si innsats med aktivisering.

Vi tørka støvet av bøssa og i år vil vi sette bøssa på disken på opningsdagen. Det vil gå til Sula Kommune med oppfordring om å danne eit fond for dei som treng ekstra omsorg i kvardagen...om det ikkje er gjennomførbart vil det gå til barnevernet sitt arbeid om å ha aktivitetar til barna ♥ 

Håp, tru og draum om ein betre kvardag...

Eg har ein liten draum og eit håp om at kvardagen for nokre kan bli litt betre, og er de innom butikken no før jul så håpe eg de vil gi litt kvar ♥♥♥
Klem -Anja-

tirsdag 11. november 2014

Nattaklem ♥

Eg er som de sikkert har forstått veldig opptatt av draumar og gode klemma ja, kan nesten ikkje få nok av det...
Eg har alltid små og store draumar, nåkken klare eg å ta ned, nåkken må vente litt medan ein annan glepp...men eg fortsette alltid å drøyme  
Bildet tok eg av fullmånen på fredag...

Håpe du får ei god og mjuk natt 
Nattaklem -Anja-

Kvalpa - sommaren 2026!

Velkomen juni og med det vil vi dele planane for sommaren 2026.                     Ei veke har i dag gått sidan det siste møte, så då kan v...