tirsdag 26. november 2013

Siste veka ♥

Frå utsida ønsker vår koselige snømann deg velkommen inn i varmen...
 
...No er vi inne i den siste veka eg driv butikken ♥ det er vemodig og litt trist, men det skal heilt sikkert snart bli godt å få vekk alt som henger over meg og få tid til å få helsa på rett kjøl, og ikkje minst få bruke all min energi og overskudd på familien...no skal eg bli meir egoist og tenke aller mest på barna våre ♥♥♥

Når tida var inne for å avslutte med eit opphørssal var det full rulle i byrjinga og sjølv no på slutten har det vore mange innom, men litt kjedelig at butikken har vore så rotete og lite fin! Det som folk har satt pris på er den koselige atmosfæra av fine varer, vakre blomster og herlige dufter...


No har vi krympa butikken inn til ein liten blomsterbutikk og eg hadde eit ønske om å avslutte med herlige blomster som kan pynte opp i førjuksheimen!!...
Når seinfredag kjem til Langevåg har vi alltid hatt full butikk med salg av alle "godsaker" til jul og adventstida!!...No håper vi at kundane kjem inn for å kjøpe juleblomster ♥ Det har vi fylt butikken opp med no, så her er godt utval og gode prisar...Ein god kunde kom ut frå frisøren i dag og lurte på kor tid vi avslutta, "eg vil han med meg ein gledelig opptur med blomster før eg avslutta og det må vere fin tid denne helga når folk skal pynte til advent!" Då kjem eg inn til helga sa han...det varma hjertet at folk vil inn å handle ein siste gang ♥  så la huset få blomstre ♥
Hadde vore koselig om du kom inn til oss ein siste gang i løpet av veka ♥♥♥
Klem -Anja-
 
 
 
 

2 kommentarer:

  1. Ååå julen er her snart :D må nok med ett lass av juleblomster i posen i slutten av uken ;)

    Ha en herlig uke,
    Klemmer fra Jatte :)

    SvarSlett
  2. Tusen takk for koselig hilsen Jatte!!
    Klem

    SvarSlett

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...