torsdag 3. april 2014

Oslo tur/retur

Opp tidlig for å kjøre til Vigra, måtte kjøre ekstra tidlig for å slippe køa så dermed litt ekstra tid å slå ihjel der...
Mamma og pappa passa barna, for å gjere det enklest mulig overnatte dei på Sunde slik at dei slapp å stå så tidelig opp. Så utrulig glad for at vi har dei som kan hjelpe når det trengst, så hadde Katja og tante Eirin ei fin treningsøkt i går kveld ❤

Flyturen gjekk ganske så greit...satt meg ned i flyet etterkvart blei det voldsomme smerter og med dei kom kvalmen, då er det godt å ha med ledsager som ga meg spypose og "dulla" med meg ;) heldigvis fekk eg ikkje bruk for den posen...
Selfie av herr og fru på "venterommet"...

I Oslo tok vi ein lunsj på Egon før vi tussla oss mot Ullevål Sykehus...litt småspent på kva som kunne møte oss, mange spørsmål i hovudet og dei største er må eg leve i eit slikt smertehelvete resten av livet? Er det nåkke som kan gjerast og kan eg bli bra?.. 
Det virka som ein god overlege som passa på å ikkje ville gi forventningar som han ikkje kunne halde. Han sa at det var dumt om han virka veldig negativ, men han var realist!!...Det er vel akkurat slik eg håpa at det skulle vere, ein som sa tinga rett ut utan nåkke rosa skyer i lufta!!
"Litt kjipt" er vel å ta rikelig av for sannhten er det å høre at man ikkje kan bli bra!!.........men, etter bikka tre år med konstante smerter og til tider uutholdelige smerter som kan gjere einkvar person gal ja, så da er det ein grunn til at her er "litt" galskap! sjølv med ein god dose smertelindring.

Det er også godt å høre frå enda ein lege at det er bra eg skal på utstilling i mai, du får ta ekstra med tabletter så du klare å springe og buke nåkken daga på å komme deg igjen!! :)
Ja, for det er slik at når man bruker seg kjem smertene som kasta på meg etterpå, men det er jo såååååå viktig å holde seg "oppegåande" og gjer ting som gir ein mental påfylling, så får ein ta litt ekstra etterpå...


Vi er i ei tenkeboks no, ingen rosa boble akkurat, men...veit liksom ikkje heilt kva vi skal gjer, er det slik at eg skal leve nåkken år så må vi gjer nåkke for situasjonen vår er heilt uholdbar med smerter, smertelinding bivirkningar etc. Eg er ein person som har store forventningar til kva eg som person kan og skal gjere, desse må eg visst tenke over og begynne å jekke - mi kjære storesøster pressa litt på her og meina eg må innfinne meg med situasjonen og skjønne at eg ikkje klarer og kan gjer alt!...Åååååååååååå eg må innrømme at eg blir litt frustrert over det!! ;)

Eg har tre valg eg må tenke gjennom og det blir spennede å sjå kva vi kjem fram til. Eg har fått "lovnad" om at eg faktisk ikkje kan bli verre, og det er jo veldig bra...Men han kan ikkje love meg betring, men når eg har så store invalidiserande smerter så ville han forsøkt med valg 2 eller 3 for det kan vere at det kan betre kvardagen litt og faktisk berre litt betring hjelpe i det lange løp.
Mitt hovudfokus har vore å ikkje bli liggande, låse meg inne og sjå mørkt på livet...Eg leve ein gang og vil vere her for barna våre mannen min, familien og ikkje minst hundane som gir meg så fantastisk masse, dei er rekreasjonen min og eg veit ikkje kva eg hadde gjort utan dei disse tre åra...Det dei har vore god for er at eg tek dei meg ut på tur og eg får utløp for frustrasjonen min og kan slenge ut med forskjellig, så slippe mine næraste å få alt!! :)

Det spørst om det ikkje går mot ein stor operasjon igjen i sommer...men blir litt endringar frå dei andre operasjonane, no blir det i Oslo på ukjent plass og ukjente helsepersonell. Ja, så blir det litt dumt å ikkje ha mine kjære rundt meg, men ingenting som kan vere betre enn at eg blir litt bedre etterpå slik at dei kan få enda større glede av meg når eg er til stades!...
I går når vi kom til Sunde for å hente barna kom Timmen hylende av glede mot medgog hoppa rett i fanget på meg!! Hadde kun vore vekk eit døgn men gleda var sikkert stor for å sjå mamsen på to bein ❤
Galningane på venterommet...nydelige blomster på blomstertorget...
 
Elles hadde vi ein fin dag i Oslo med lunsj før sjukehusbesøk, så gjekk det vel to tima på sjukehuset...Tilbake i sentrum shoppa vi litt til barna vi var kun innom ein butikk, var innom blomstertorget ❤ og så var det så kjekt å treffe Finn Arild igjen!!...Middag og heim, ein lag dag og det kjennes på kroppen, men deilig å få lufte seg litt :)
Bajas og Tim Are i haustferien 2014...
Skreiv innlegg i går når eg kom meg i seng, men blei så trøtt at det ikkje blei heilt ferdig...
I dag er bekymringa mi Bajas ❤ etter fleire skada trudde eg at han hadde fått nok og berre skulle få kvile og ha det godt siste tida. I går kveld halta han når vi kom heim (mamma og barna var her nåkken tima før og ingenting å sjå då) og i dag har han problem med å gå på høgre framfot og vil dette litt bakpå...Det er andre foten enn den i fjor som blei heilt fin etter operasjon.
Hadde håpt det skulle ver nok på han no!!...Har liksom tatt oss av alle skadane for han har virka så frisk og i superform, men føle at den superforma er borte og er heilt fotvilt på kva eg gjer no ❤❤❤


Litt småbekymra men ser fortsatt "lyst på livet"...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...