torsdag 27. mars 2014

Treg start...

...sjølv kor masse ej vil opp og hoppe er det ikkje lett og i dag ville eg både vaske klede, støvsuge etc. men det er jaggu ikkje alltid lett å komme i gang sjølv kor sta eg er!..

Men har komt meg på beina og tussla litt rundt og skal no hive i meg litt wokrestar frå i går, så kunne eg sjå litt på bilda eg tok i går. Ingen voldsom tur anna enn at eg og Paul tok med oss småhundane på tur til Kviteberga :)
Der var det mange andre som også ville nyte den vakre dagen i naturen, nåkken hadde skulefri og brente bål, hadde med seg ein hund og fiska, andre hadde med seg niste og kosa seg på berga...
 "Mille" og "Dennis" storkoste seg i skauen og på berga...
 "MIlle" er ikkje redd vatn så ho søke etter godbita også i vatnet...
 Katja`s skjønnhet - ja og stolthet da...
 Her ser vi over mot Hareidlandet...
Blitt ein del tur- og hundebilder i det siste, men det er her eg hentar energien...Har så masse eg har lyst å gjer og det kjem sikkert til å bli snart håpa eg...imens må eg berre prøve å få energien litt over streken :)))

Her på Sunnmøre er det fortsatt fantastisk og må berre prøve å nyte det på foorskjellige måtar ♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...