søndag 25. mai 2014

Kven danna baktroppa!?...

Dette sku vere ein selfie, men det blei av GP som snusa på sola...

...Jau, det kan eg på det sterkaste påstå og med sikkerhet kan eg for første gang sei at "den firbeinte danna baktroppa på fjelltur"!! JIPPI!! fredagskvelden kunne eg skilte med at eg var i betre form enn bikkja ;) Hjelpes kven blir ikkje stolt av det!? Veffal eg med mine forutsetningar med "fullstendig ødelagt rygg og ein kropp i forfall" er det heilt greit. Eg fekk også eit inntrykk av korleis det å vere for mi spreke søster når ho "dreg på meg" opp fjellsida....men, kjære søster du må veffal ikkje fysisk dra meg slik eg gjor med "GP" opp råsa. Ho snudde seg og ville ned igjen til sofalivet, tenkte eg skulle berre sette ho igjen og gå resten sjølv, men kom på at det var for gale det også...men når vi kom til grusvegen mot Blåfjell vart ho litt piggare :)
På veg opp møtte eg naboen og eit par til og ho syns sikkert det såg greit ut at eg var på veg oppover med stava...Eg sei då berre "Det e idioti og vilje" ;) Kanskje ikkje så  mange som skjønna den - men Vilja mi er stor for å gå på fjellet og trossa det meste, idioti for det er så innigranskauen helsikke låkt eller vondt da på fint...men, følelsen av å kunne få vere ute i naturen og ikkje minst komme litt høgare op er verdt ekstra smerter!! Det er jo slikt som gjer at eg ikkje bura meg inne og blir liggande :))))

Hive med nåkken bilde frå turen...he berre telefonbilder asså :/
 På veg oppover råsa...
 "GP" på Blåfjell...
 Selfie!!...meg og GP...
Vakkert på fjellet og det måtte nytast litt før vi tok turen ned igjen...

Eg har jo alltid hatt hunda full av energi og klar for det meste og ikkje minst er det då eit problem å klare å halde dei "tjukk nok" for utstilling...Så godt når eg kan ta med meg "GP" som til daglig bor med forvert eller mamma og pappa sin "Pekka".
Ja GP bodde her berre dei fire(?) første mnd av livet og vore på besøk innimellom så må nok berre innrømme at ho ikkje er belasta av den "miljøfaktoriserte ADHD" som er på meg og bikkjene i huset. Det er vel fleire som har nevnt meg og hundane mine sitt "humør" og slik er det berre...Ikkje så lett å skru av men prøva innimellom ;) Men, det er så godt å sjå at hundane som kjem ut av huset her er rolig og avbalanserte alle sammen veffal dei eg har møtt og hørt igjen frå, kanskje tek eg feil av ein hund? Godt å sjå at Bajas si ro går igjen på avkom, de har eg veffal sett. Vi hadde ein som kan eg kalle det "feillært og påført stress" her starta eigaren frå null igjen og med ein god dose arbeid fekk dei ein fantastisk og harmonisk hund!!! Alle ære til familien der, men alt skal lærast og det fekk dei erfare...

I går kveld fekk eg ikkje gå på Sulafjellet då det var for masse skodde...Gubben va sikkert litt gretten ;) Neida, han er berre redd ryggen og skrotten skal slå seg vrang og "redningstjeneste" i skodda er jo ikkje beste sort :)

No er det litt meir "husjobbing" før vi tek turen til mine foreldre og då lure eg meg sikkert til ein liten fjelltur...eg dreg deg med kjære søstra mi, men du må "dra på meg" ♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...