torsdag 25. desember 2014

1. juledagsglede

Det er ekstra juleglede i hemen om dagen...å kunne kombinere jul, valper, sløvings og fjlltur på ein og samme dag kalla eg glede!! :) 
Men, skal vere den første til å innrømme at så masse søvn har det ikkje vore i natt...eg har lagt å hørt på små herlige klunkelyda, ei god mor som stelle godt med sine kjære små, ja så eit par hyl av valp som kom litt i trangsteg men det ordna eg fort opp i...i tillegg når det var tid for søvn hadde eg ein kjekke kar ved sida mi som ikkje heilt klarte å "oppføre" seg der han prøvde seg på fargbrev i snorking!!!....Herremin asså uansett kor mange ganga eg dulta borti og snudde på han så til slutt blei det litt sparking, ja kanskje skal eg få meg ei ny karriere innan kickboksing... :)

Jaja det blei tidlig opp og få litt til vaska og tørka, litt smårydding og døsing på soffan. Så var det berre å mobilisere seg ut på tur, stakkars Nora hadde litt lyst å vere med men på samme tid vil ho knapt forlate valpane sine.
For meg er dette vakraste utsikta ein kan ha ♥

Tok bilen inn til mamma og pappa der vi tok oss ein tur opp på Lervågfjellet. Løypa opp var isete og litt småfarleg så vi nytta oss av sidene, og på veg nedover så var det minst like gale der var det ut i lyngen og det var høgre enn det såg ut nokre plassa, så det kunne lett blitt litt tryning i eina. Hundane var meir som babi på isen og måtte le når lille Mille gjekk oppover glatta og stod på alle fire og seilte bakover...heldigvis alle like heile då vi kom ned som vi var då vi for oppover ;)
 Speilblankt og sjølv hundane prøvde å vere forsiktige...
Vakkert også utover mot Langevåg, Breisundet og Ålesund...
Glatt, glatt, glatt...

Etter julebrunsj ilag med mamma og pappa bar det heim til barna, gubben og 10 andre firbeint♥♥♥
Fredelig i kassa med dei ni som klynga seg sammen den tida dei ikkje dia...
Ønska alle ei fredelig og god jul ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...