tirsdag 10. februar 2015

Det røyna på...

Enda meir en før er eg opptatt av det gode i livet og viktigheita med å ha riktig fokus...eliminere "støy" og set pris på dei som gir meg nåkke!!...Etter fleire "usosiale" år, skal det bli godt å kunne sette fokus på familie, gode venner og ikkje minst hund - alt dette gir meg nåkke og det er det som er viktigst!!...

...skal faktisk heilt ærleg innrømme det og berre klage litt. Det skal faktisk ikkje meir til enn å kjøpe nåkken perma til valpekjøperane og innom å handle to små ting i ein butikk før eg er heilt ferdig i kroppen. Ja det skrike i kvar ein nervetråd og nesten så eg føle det heilt ut i mine nyfriserte tynne hårstrå...
Butikk er asså ingenting for meg - ironisk nok skal eg vere på butikken frå i morra i halv totida og det hadde gleda meg om nåkken herlige kjente kom innom. Du måkje tru at du MÅ handle berre kjekt om du kjem å slår av ein prat, så kan du få ein kaffikopp eller du kanskje vil smake den nye gode teen våra!! Jepp vi har nemlig fått teapigs i butikken!! Ikkje alt som har kome enda såvi venta inn mange gode tea :)

Men, eg blir berre så ufatteleg tom av disse smertene også skal det så forbaska lite til før eg blir nummen i både skinn og sinn.
Eg vil så mykje meir enn det dinne skrotten her klare, ja eg blir nesten sliten av meg sjølv berre med tanke på det eg ikkje klare. Men, det er utrulig masse som gir energi også som å gå på tur med hundane, jauda det gjer utrulig vondt men det gir mental påfylling, og ikkje minst er det viktig at eg opprettheld den forma eg er i...ja, for til betre form eg er før eg operere igjen jo betre rekovalens tenke eg...Så når eg fyke rundt vatnet med tåre som spruta har eg musikken på full guffe og så er det tanke for at hundane får turen sin og at forma mi ikkje blir verre som får meg rundt ;)

Fredag kveld var eg og Tom ute med eit vennepar der vi spiste god mat og fekk oss ein god latter av Kristian Valen "Frå Hillesvåg til Hollywood"....så godt å kunne få flire litt ekstra det er viktig å bunkre opp med positive opplevingar :)
Då Valen  himself sa at det vi berre kunne ta bilde var eg ikkje vond å be ;)

Forrige mandag var eg og Tom på Ullevål der vi fekk godt med informasjon om operasjon, rekovalens etc. Glømte heilt å spørre korleis eg skulle komme meg heim igjen, men det skal nok gå på eit vis det også :)
Det var også eit plenumsmøte for fleire som skal operere rygg og der dei gjekk gjennom forskjellige operasjonar...dei begynte med den minste operasjon først som er #prolaps operasjon (var ei som spurte om forskjellen på eit stort og eit lite prolaps? Då var det klar tale frå overlegen...DET ER BERRE FORSKJELL PÅ SKRYT, prolaps er prolaps stort eller lite!! Åsså eg som sei at eg har små prolaps ;) skryte meg ned eg då), så ein anna #kikhullsoperasjon, #"ett eller anna", så etterkvart kom vi til #fiksasjon forfrå ✔️ det har eg gjort, #protese innsatt forfrå ✔️ det har eg, så til slutt nemde ho #avstiving med stag bakfrå ✔️ har visst det også eg...å no skal dei skru det ut igjen og forlenge det...
Innimellom måtte vi ha litt mat og kaffi...dagens små lyspunkt, dog skulle eg heller kjøpt sushi men det er ikkje gubben min nåkke fan av...
Det vart igjen ein lang dag og smertene røyna på så eg sa vel ikkje stort frå vi ankom Gardermoen til vi var heime i stova i Langevåg...enten får eg kort lunte eller heilt stille slik er det berre ;)

Tirsdags morgon etter daga med snøver kunne vi skue barnas sjarmerande snømann på marka :) Takk til mamma som passa barn, hus, valper og større firbeinte...
Tirsdag var eg og barna på barnehagen å henta Ferdinand...Han var litt opptatt av at onkel Tom var ute å pløgde meg Gråtass...
Eg er veldig spent på kva som skjer og om det overhode blir betring, men eg leve i håpet slik at det kan bli ein litt betre kvardag...I mellomtida kosa vi oss med valper, jadda drit og litt anna kunne eg vore forutan, men det går jo ikkje ;)
I skrivande stund kom Katja med ein stor bastionkopp med teaigs som eg skal nyyyyyte før eg sulla meg på valperommet igjen...
Klem -Anja- 

6 kommentarer:

  1. Ta en dag i gangen du snuppa - og hør på kroppen din så går nok dagane mot operasjon og forhåpentligvis masse bedring!!!!
    Toveklem .)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Tove!!!
      Ja prøva det......men som du sikkert veit er det irriterande å tenke på alt ein skulle gjort og ikkje får til ;) men nåkkeein lære seg å leve med, det går berre litt tregt inn ;)
      Klem...

      Slett
  2. du imponera mj stadig Anja :) sende dj en goe klem fordi ej ikkje e i stand til å komme å gi dj en akkurat no <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk snille Trine!! 😘
      Masse god betring til deg!!!
      Klem...

      Slett
  3. Huff stakkars deg, høres ikke ut som du har det noe godt. Er det prolaps som plager deg da eller har du vært operert i ryggen før?

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for omtanken!!...
      Dagane kunne vore betre med tanke på helse og smerte, men det gjelde å gjere det beste utav det. Men, håpet er no at eg skal bli litt betre og eg har tru og håpet med meg så får eg sjå etterkvart ;)
      Har hatt to operasjoner tidligare med avstivingar og protese...

      Slett

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...